Ei julinatt i fjor trilla ein kvit leigebil inn i bustadfeltet i Bergen. Bak rattet sat ein 26-åring i pengenaud, på bestillingsoppdrag for å skremme.
Oppdraget var å knuse eit vindauge og kaste ein molotovcocktail inn i eit hus. For dette skulle han få over 20.000 kroner. Hendinga skulle filmast.
Men hordalendingen stoppa ved feil hus. Eit hus der ein uskuldig familie på tre låg og sov.
Sjølv om mannen angra seg, valde han etter sterkt press frå oppdragsgjevaren å kaste brannbomba. Då mot ei steintrapp slik at brannen ikkje utarta seg.
Aukande fenomen – også i vest
Mannen er no dømd til fengsel i tre år og seks månader.
Forsvarar Einar Raaen ynskjer ikkje å kommentere saka før han har gått gjennom den ferske dommen med 26-åringen.
Statsadvokat Sigurd Åsnes Granli seier saka føyer seg inn i ein urovekkjande trend som politiet no åtvarar mot.
Fenomenet blir kalla «vald som handelsvare», der kriminelle aktørar kjøper og sel valdsoppdrag som ei teneste.
– Dette er eit fenomen der kriminelle miljø engasjerer andre til å utføre valdsoppdrag for seg. Det er i framvekst, og det ser vi i Vest politidistrikt også, seier Granli, og viser til politiets trusselvurdering for 2026.
Politiets trusselvurdering: – En utvikling vi ikke har sett tidligere
Skulle skremme
Vald som handelsvare («Violence as a Service») blir brukt som omgrep når kriminelle nettverk kjøper og sel valdsoppdrag mot betaling. Kommunikasjonen og bestillingane skjer på digitale og krypterte plattformer.
Bakmenn opererer ofte med stor tryggleik frå utlandet, langt unna dei som utfører valden.
I den aktuelle saka frå Bergen blei 26-åringen hyra av «Valentino» til å tenne på huset til ein person for å skremme vedkomande. Heile oppdraget blei koordinert i ein gruppechat.
Tiltalte forklara at han angra på oppdraget.
– Eg tenkte på kva som kunne skje. Folk kunne blitt drepne, forklarte 26-åringen retten ifølgje Bergens Tidende.
For å ikkje setje huset i full fyr, valde han difor å kaste flaska mot steintrappa for å få det heile «overstått».
Familien som budde i huset visste ingenting om hendinga før dei vakna opp dagen etter.
Fellesstraff
26-åringen erkjende forholdet allereie i første politiavhøyr nokre dagar seinare.
Hordaland tingrett slår fast at sterke allmennpreventive omsyn krev ein streng reaksjon, og peikar på bestillingsvald der uskyldige blir råka er eit betydeleg samfunnsproblem.
Spesielt understreka retten det store skadepotensialet og den enorme psykiske belastninga familien blei utsett for.
Familien blei til saman tilkjend 100 000 kroner i erstatning.
Fengsel i tre år og seks månader er ein fellesdom, som omfattar ein tidlegare dom for ran og fridomsrøving.
Statsadvokat Granli la ned påstand om fengsel i tre år og ni månader. Retten la til grunn ein høgare tilståingsrabatt, spesielt at tilståinga var særskilt viktig for den råka familien.
Sjølv om retten landa på ei tre månader kortare fengselsstraff, er statsadvokaten likevel tilfreds med at retten slår hardt ned på handlinga.
– Det er ei streng straff som illustrerer at dette er ei svært alvorleg handling, seier statsadvokat Granli.
At mannen fekk kalde føter og ikkje gjennomførte oppdraget som avtalt, blei ikkje teke godt imot av oppdragsgjevaren.
Dagen etter kom meldingane «Gutta sier bare at du er prat» og «Gutta mener du fikk ballefrys».
26-åringen fekk heller aldri utbetalt betalinga.