Bilde av vindu med boligannonser, Oslo fasader reflekteres i vinduet
Foto: Ksenia Novikova / NRK

Eiendom Norge presenterte i dag sine tal for juli månad. Dei viser korleis bustadprisane har utvikla seg den siste tida.

– Boligprisane sokk med heile 2,6 prosent i juli, noko som gav ein sterk nedgang i dei sesongjusterte boligprisane på 1,1 prosent, seier administerande direktør Henning Lauridsen i ei pressemelding.

– Det var ein nominell nedgang i boligprisane i alle områda i juli, og sesongjustert var det berre Fredrikstad/Sarpsborg, Ålesund og Tromsø som opplevde vekst. Det er normalt svak boligprisutvikling i juli, men dette er svakare enn vi venta.

For Oslo sin del ser det derimot ut til å bli rimeligare å kjøpe seg plass å bu.

– Den svake utviklinga gjer at fleire område på Østlandet no opplever negativ prisutvikling. I Oslo har til dømes boligprisane sokke 0,8 prosent så langt i 2026, seier Lauridsen.

– Med normalt konjunkturforløp betyr dette at boligprisutviklinga i Oslo trulig vil ende fleire prosent ned i år. Blir renta sett opp ein gong til som Norges Bank har antyda kan utviklinga bli enda svakare.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge. Holder pressekonferanse der han legger fram siste tall for boligmarkedet i Norge.
Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge, som lager bustadprisstatistikk for heile landet. Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge meiner dei ferske tala er godt nytt for dei som er på jakt etter ny bustad.

– Dette var ein kalddusj for prisutviklinga i bustadmarknaden, men det er også gode nyheiter for førstegongskjøparane som er på bustadjakt.

en mann med briller.
Kyrre M. Knudsen, sjefsøkonom, SpareBank 1 Sør-Norge
Kyrre Knudsen, sjeføkonom i SpareBank 1 Sør-Norge, seier dagens tal er gode for dei som skal inn i bustadmarknaden. Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Store kontrastar

– Situasjonen i Tromsø er heilt spesiell.

Det skriv Nils Elven, administrerande direktør i DNB Eiendom, i ei pressemelding.

en mann med briller
Foto: Stig B. Fiksdal / DNB

I juli i år blei det lagt ut 65 bustadar mot 104 i fjor, ifølgje DNB.

På same tid som færre bustadar enn før blir lagt ut for sal, står også bustadbygginga stille.

– Det låge tilbodet pressar prisane opp, og vi ser at mange set eigne salsplanar på vent fordi dei ikkje finn bustaden dei ønsker seg. Det påverkar heile dynamikken i marknaden negativt, meiner Elven.

Tromsø står i stor kontrast til hovudstaden.

En utsikt over Tromsø sentrum fra fugleperspektiv
Tromsø har hatt ein prisvekst dei siste åra, særleg etter at turistboomen slo til for fullt. Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

I Oslo er det nemleg stort tilbod av bustadar, og kjøparar har dermed mykje å velje mellom. DNB omtalar situasjonen som god for kjøparar: Stort tilfang av bustadar gjer nemleg også at dei ofte blir selt til prisantydning.

NRK har tidlegare omtala dei store forskjellane i bustadmarknaden rundt om i landet, seinast i starten av juli.

Da kom halvårstala frå Eiendom Norge, som viste at prisforskjellane rundt om i landet er store.

Prisveksten i Tromsø var da på 10,3 prosent på eit halvt år, medan Oslo hadde lågast prisutvikling, med 1,2 prosent.

Et høyt utsiktsbilde over en by med mange boligblokker. Landskapet strekker seg mot en fjern åskam under en blå himmel med hvite skyer. Utsikten viser flere hustak med teglstein og takvinduer, samt grønne trær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kjøparar i hovudstaden har mykje å velje mellom, seier DNB. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Vekst i vest

Også Bergen merkar eit stort trykk. Ifølgje tal frå DNB tok det i juli 19 dagar å få selt ein bustad, noko som er ni dagar kjappare enn på same tid i fjor.

Eit marknad med få bustadar ute til sals er noko av forklaringa, skriv Nils Elven, administrerande direktør i DNB Eiendom i ei pressemelding.

Så langt i år har Ålesund hatt størst prisvekst i landet.

En høy vinkel av en by
I Ålesund er det mange som vil ha seg plass å bu. Foto: colourbox

René Skarmyr i Privatmegleren i Ålesund og omland meiner forklaringa er at Ålesund har hatt ei stabil og jamn prisstigning sidan tusenårsskiftet.

– Dei siste åra har vi sett at Ålesund har fått kraftigare prisstigning. Det er det mange grunnar til, mellom anna har området eit stabilt næringsliv og Ålesund har blitt ein attraktiv studentby, seier Skarmyr.

Rene Skarmyr Hanne Vadset Knotten
René Skarmyr er meklar i Privatmegleren i Ålesund, der prisveksten har vore sterk det siste året. Foto: Alf-Jørgen Tyssing

– I tillegg spelar geografien inn. Ålesund er ein lang by, og det er ikkje allverda med tomter å bygge på. Då blir det kamp om bustadane i pressområda som er med på å løfte prisane.

Vanskeleg for byggenæringa

I Tromsø er det fleire årsaker til at bustadmarknaden er vanskeleg. Turistboomen dei siste åra har fått utleigemarknaden til å eksplodere, og folk kjøper leilegheiter for å leige dei ut på Airbnb.

Det har NRK omtala tidlegare:

Høge prisar og låg byggeaktivitet har også blitt peika på som utfordringar for bustadmarknaden i byen kjent som «Nordens Paris».

NHO Byggenæringen skriv i sin marknadsrapport frå i år at igangsetjinga av nybygg ikkje har vore så låg som no sidan 1946.

Sidan februar 2019 har det blitt 39 prosent dyrare å bygge bustader, opplyser rapporten.