– Det hastar veldig og må skje i løpet av dei næraste dagane, seier Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.
Det var i eit lesarinnlegg i Nye Troms sist veke at fem Høgre-ordførarar i Troms ropte varsku om kostnadspresset for næringsliv, pendlarar og familiar i nord.
– Vi meiner at det er Senterpartiet og ikkje Høgre som sit med nøkkelen når det gjeld å halde fram med avgiftskutt på drivstoff, skriv dei.
No har også 33 Høgre-lag nasjonalt sendt protestbrev til partileiaren, skriv Nationen.
I vår stemte Høgre for å redusere CO₂-avgifta på drivstoff, men signaliserer no at dei midlertidige kutta ikkje bør vidareførast. Saka var også tema på Høgre sitt sentralstyremøte søndag, ifølgje Nationen.
Klar til å kalle inn Stortinget
Utspelet frå Høgre sine eigne ordførarar får Senterpartiet sin leiar til å reagere kontant. Han ber no Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide om eit hastemøte.
– Når Høgre sine eigne ordførarar ber meg om å gjere ein jobb, gjer eg eit siste forsøk overfor Høgre si leiing, seier Vedum.
Han meiner Høgre-ordførarane oppsummerer situasjonen på ein god måte, og fortel kvifor saka er så avgjerande.
– Høge drivstoffprisar fører til sentralisering. Det rammar fiskerinæring, anleggsbransje, transportnæring og dei som ikkje bur i eit bysentrum og kanskje ikkje har råd til elbil, seier Vedum.
Vedum meiner det hastar å få til ei avklaring, då avgiftene etter planen går opp allereie neste veke, og er villig til å kalle inn Stortinget på saka dersom det er mogleg å samle eit fleirtal.
– Vi har undersøkt med nesten alle parti. Dersom dei lyttar til sine lokale tillitsvalde, er det eit fleirtal på Stortinget for lågare avgifter, seier han.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå leiaren i Høgre, Ine Eriksen Søreide, utan å lykkast.
Tydeleg avstand
Sp-leiaren meiner det er ein tydeleg avstand mellom Høgre-toppane i hovudstaden og lokalpolitikarane ute i distriktet.
– Det er ulik verkelegheitsoppfatning mellom dei som sit i leiinga i Høgre i Oslo-området og dei som bur rundt om i landet. Du får eit anna syn på dette om du til dømes sit på Senja enn om du tek T-banen frå Oslo sentrum, påpeiker han.
Sjølv om Høgre sentralt har signalisert at dei midlertidige avgiftskutta ikkje bør vidareførast, meiner lokalpolitikarane i Troms at det er heilt nødvendig å halde avgiftene nede inntil vidare.
– For mange bedrifter og privatpersonar er det ikkje situasjonen om to eller tre år som er det viktigaste, det er dagen i dag som er viktig, kjem det fram i lesarinnlegget frå dei fem Høgre-ordførarane.
Vedum oppmodar partileiinga i Høgre til å lytte til sine eigne:
– Asheim og Søreide bør lytte til sine eigne folk rundt om i landet – frå Vestlandet til Nord-Noreg og Innlandet – og fortsette å vere med på å halde avgiftene nede, avsluttar Sp-leiaren.
«Hopp-og-sprett-politikk»
Nestleiar i Høgre, Henrik Asheim, avviser utspelet frå Sp-leiaren kontant.
– Mange næringar slit. Det Vedum no tilbyr er midlertidige avgiftskutt i nokre månader og eit framleis skyhøgt skattenivå. Skatte- og avgiftsnivået i Noreg blir vedtatt i budsjetta, og det veit Vedum veldig godt, seier Asheim.
Asheim meiner Vedum sjølv har vore med på å auke skatterekninga med 150 milliardar kroner sidan 2021, og gjer det klart at Høgre ikkje vil vere med på initiativet til Sp-leiaren.
– Senterpartiet får ikkje med Høgre på ein hopp- og sprett-politikk der skattar og avgifter blir diskuterte løpande. Vi er nøydde til å skape rammevilkår for bedriftene som er føreseielege, slik at dei kan planlegge lenger fram i tid enn fire månader av gongen, slår Høgre-nestleiaren fast.
Han meiner Sp-leiaren sitt utspel uansett vil ende opp utan resultat når det kjem til stykket.
– Min spådom er at han no er høg og mørk, men ender med å signere ein budsjettavtale med Raudt, MDG og SV som ikkje kuttar i skatte- og avgiftstrykket for bedrifter landet rundt.
– Bør lytte til eigne folk
Senterparti-leiaren gir ikkje mykje for kritikken frå Høgre-nestleiaren.
– Høgre var jo med på å redusere avgiftene i mars, og så begynte dei å angre seg etterpå. Dei meiner det var feil med reduserte prisar i sommar, og kallar det «hopp-og-sprett-politikk» å vidareføre det avgiftsnivået vi har no.
– Ingen bedrifter, ingen i fiskeriet og ingen bilistar kjem til å synast dette er vanskeleg, men det er tydelegvis vanskeleg for Høgre si leiing, parerer Vedum.
Han meiner Høgre heller bør kalle inn sine eigne lokalpolitikarar framfor å gå til åtak på Senterpartiet.
– Eg synest det er veldig rart at Høgre bruker all energien sin på å angripe meg. I staden bør dei ringe sine eigne lokallag og sine eigne ordførarar rundt om i landet og høyre kva dei har å seie – for dei vil at kostnadene framleis skal haldast nede, avsluttar Vedum.