I dag kom tala frå Samordna opptak som viser opptaket til høgare utdanning i Noreg.
Og i år som i fjor er sjukepleie populært.
– Eg ville starta på eit studie som gir gode jobbutsikter, seier Jakob Vårdal Skrøppa frå Førde i Sunnfjord.
No er han klar til å starta studia ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus i heimbyen.
Der ser han fram til å møta andre studentar, gjerne frå andre stader enn byen han er frå sjølv.
– Å vera sjukepleiar gir masse jobbmoglegheiter, og det verkar som eit veldig spennande og variert yrke. Ein del andre studium gir ikkje så lett jobb etter utdanninga, seier han som bakgrunn for valet.
Tusenvis i kø
HVL tilbyr i år 1305 studieplassar (heiltid og deltid) for å bli sjukepleiarar.
Noko som er rekordhøgt.
Totalt i Noreg får over 5.000 tilbod om plass ved sjukepleiarutdanningane.
– I fjor hadde me god oppgang til sjukepleiarutdanninga, men den oppgangen har berre auka og auka, og me er den utdanningsinstitusjonen i Noreg som tilbyr flest plass på sjukepleiarutdanninga. Det er veldig gledeleg, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne Grete Naustdal.
Samstundes står tusenvis i kø for å komma inn ved sjukepleiarutdanningane ved HVL:
- 1439 står på venteliste på sjukepleiarutdanninga (heiltid) i Bergen
- 67 står på venteliste for å bli sjukepleiar (heiltid og deltid) i Førde.
- 139 står på venteliste for å bli sjukepleiar (heiltid og deltid) på Stord
- 71 står på venteliste på sjukepleiarutdanninga (heiltid) i Haugesund.
Naustdal meiner årsaka til HVL har så gode søkjartal handlar om måten utdanninga vert drive på.
– Våre beste ambassadørar er studentane. Når dei snakkar fint om oss, så aukar også rekrutteringa, påpeiker Naustdal.
Også i Innlandet er det stort trykk på sjukepleiarutdanninga. Ved NTNU i Gjøvik står over 400 personar på venteliste til utdanninga, og ved Universitetet i Innlandet ventar 699 på plass.
– Det stemmer godt med dei behova me har framover, seier konstituert prorektor ved universitetet, Kai Tore Bakke.
Større sjanse for stryk
Interessa for sjukepleiarstudiet har auka kraftig etter at regjeringa fjerna karakterkravet i både matematikk og norsk frå hausten 2025.
Norsk Sykepleierforbundet (NSF) var kritiske i forkant, og var tydelege på at studiet kravde eit minimum av kunnskap i både matematikk og norsk.
Blant anna for å komma gjennom den medikamentrekninga der 100 prosent må vera riktig.
NRK har tidlegare meldt at éin av tre sjukepleiarstudentar strauk på denne prøven.
No har HVL forska på korleis sjukepleiarstudentar med lågare enn 3 i matematikk klarar seg på studiet:
Dette fann dei:
Eit fleirtal består eksamen i løpet av første skuleår. Men svake resultat frå vidaregåande aukar sjansen for stryk.
Av studentane som hadde 2 i matematikk frå vidaregåande klarte 80–85 testen i medikamentrekning.
Studentane som oppfylte karakterkravet i matematikk frå vidaregåande hadde gjennomgåande lågare strykprosent.
Sykepleierforbundet ynskjer dei velkommen
Naustdal ved HVL seier forskinga viser at nokre studentar må jobba hardare for å komma igjennom studiet.
– Men me er ikkje uroa for kvaliteten. Men har akkurat det same kravet i utdanninga som me har hatt tidlegare, understrekar ho.
Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i NSF ynskjer Jakob Vårdal Skrøppa og andre studentar velkommen til «den finaste utdanninga i verda».
– De har valt eit studium og eit framtidig yrke som Noreg verkeleg treng, skriv ho i ein e-post.
Samstundes er NSF oppteken av at studentane ikkje berre startar på studiet, men faktisk gjennomfører det. Og at dei møter ein kvardag som er til leva med, slik at dei vil verta i yrket over tid.
Jakob i Førde ser fram til studiekvardagen. Men kva han vil møta som sjukepleiar er han ikkje heilt sikker på.
– Det håper eg at eg får læra i løpet av studiet, seier han.