Mannen er tidlegare dømd for mishandling med døden til følgje i Ålesund, valdtekt, truslar og vald, og Borgarting lagmannsrett sa nyleg nei til å sette han fri på prøve.
Til saman har han sitte nesten 30 år i forvaring.
Høgsterett slår no fast at avgjerda frå Borgarting lagmannsrett blir oppheva og at mannen kan settast fri på vilkår:
«Det er ikke lenger nærliggende fare for nye alvorlige lovbrudd ved en prøveløslatelse på de vilkår Høyesterett fastsatte», heiter det i avgjerda.
– Det er veldig gledeleg, sjølvsagt heilt korrekt når det kjem frå høgsterett, og veldig etterlengta, seier Trygve Staff, som representerer 74-åringen.
Han har torsdag ettermiddag snakka med klienten sin, og seier at også han er svært godt fornøgd og takksam.
Det er ikkje avklart kvar han skal bu når han blir sett fri, men han har tidlegare budd i ulike sunnmørskommunar.
Kan ikkje flytte eller ruse seg
Høgsterett slår fast at mannen har gjort seg skuldige i grove lovbrot, men legg til:
«Dette må imidlertid ses opp mot blant annet at han ikke har utøvet vold eller begått seksuelle overgrep i løpet av forvaringsperioden, at hans alder og somatiske tilstand reduserer risikoen for nye alvorlige lovbrudd, og at han har hatt en positiv utvikling den senere tiden. Vilkårene for prøveløslatelsen bidrar også til å redusere risikoen for nye alvorlige lovbrudd. »
For å bli sett fri på prøve, må mannen følgje fleire reglar:
- Han må mellom anna bu i Noreg, og kan ikkje flytte
- Han kan ikkje drikke alkohol eller ruse seg, og må avlegge rusprøver dersom han blir beden om det
- Han kan ikkje ta kontakt med ofra
- Han skal følgast opp av friomsorga og gjere slik kriminalomsorga ber han om
- Han må oppheve teieplikta mellom fastlege, kommune, kriminalomsorga, spesialisthelsetenesten og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Mannen har tidlegare budd i Møre og Romsdal i fleire år, og er ein av dei i landet som har sona aller lengst i forvaring.
– Eg tek til vitande at høgsterett har ei anna oppfatning enn fleirtalet i lagmannsretten, seier statsadvokat Magne Nyborg.
Han viser til at det også var dissens i lagmannsretten, og seier konklusjonen slik sett ikkje var overraskande.
Kom til Noreg på 80-talet
74-åringen har snart sete halve livet sitt i fengsel.
Han kom til landet på 80-talet og har blitt norsk statsborgar.
I 2001 blei han dømd til fengsel i 12 år for mishandling med døden til følgje.
Ifølgje dommen gjekk han laus på naboen, Hilmar Fjørtoft i Ålesund, etter ein pengekrangel. Naboen blei liggande livstruande skadd i fleire timar før han døydde.
Mannen blei også dømd for valdtekt mot kona si og ulike overgrep mot borna hennar.
Fem år seinare blei han sett fri på prøve, og då slo han til på nytt.
Denne gongen blei han dømd for valdtekt, valdtektsforsøk og truslar.
Seinare er forvaringsdommen fornya fleire gonger.
Fryktar han kan forgripe seg på nytt
Mannen har store helsemessige utfordringar, og sit no i rullestol.
Likevel meiner påtalemakta at han er farleg og kan gjere nye seksuelle overgrep.
«Det vises her til hans uttalte fokus på unge damer, herunder unge kvinnelige betjenter, slik som anstalten har beskrevet», heiter det i dommen frå Borgarting lagmannsrett i mars.
Under rettssaka viste aktor til at mannen sjølv frå rullestol kunne klare å halde ein svakare person med venstre arm og bruke høgre arm til å forgripe seg.
Det blei også vist til at dei somatiske plagene hans vil føre til at han må følgjast opp heime, og at han då kan forgripe seg overfor kvinnelege helsearbeidarar.
Mindretalet i lagmannsretten kom til at det var mogleg å sette han fri på prøve under strenge vilkår, medan fleirtalet sa nei.
No har Høgsterett sett strek for saka.