Ein bil registrert på Oslo politidistrikt, og som køyrde frå Ila fengsel litt etter klokka 13, kom til området rundt Skaugum i Asker rundt 13.30.
Ved Ila køyrde bilen først innanfor eit gjerde og blei gjennomsøkt. Deretter køyrde han vidare inn på fengselsområdet.
På spørsmål om Marius Borg Høiby er på plass på Skaugum svarar forsvarar Petar Sekulic:
– Det veit eg ikkje.
Opprettheld ikkje anken
Påtalemakta hadde frist til tysdag klokka 12 til å oppretthalde eller trekke anken.
– Påtalemakta har komme til at vi ikkje opprettheld anken av Oslo tingrett si avgjerd, seier politiadvokat Oda Karterud i ei pressemelding.
Dermed får Marius Borg Høiby får halde fram varetektsperioden med fotlenke på kronprinsparet sin eigedom på Skaugum i Asker.
– Det er på høg tid at han får anledning til dette. Påtalemakta si avgjerd om å ikkje anke avgjerda frå tingretten er fornuftig, skriv forsvarar Petar Sekulic i ei tekstmelding til NRK.
Høiby blir overført til varetekt med fotlenke i dag, ifølge pressemeldinga.
Kriminalomsorgsdirektoratet vil ikkje kommentere eller svare på spørsmål om Høiby har blitt flytta til Skaugum eller andre detaljar, seier seniorrådgivar Atle Syvertsen til NRK.
Han understrekar at dei har teieplikt om alle dei innsette.
– Vi er nøgde med at tingretten har komme til at faren for gjentaking er for stor til at det er forsvarleg å lauslate sikta, og at framleis varetekt er nødvendig, seier Karterud i pressemeldinga.
Slottet stadfestar at Høiby kjem til å bu i ein bustad på området til kronprinsparet.
– Kronprinsparet ønsker å hjelpe han i den fasen han no er i, skriv Guri Varpe i ein e-post til NRK.
Fengslingsmøte
Måndag var Marius Borg Høiby til stades i Oslo tingrett i eit rettsmøte.
Politiet gjorde krav om ein ny varetektsperiode på fire veker.
Retten kom fram til at Høiby kan bli fengsla i fire nye veker, men at det skal gå føre seg heime med elektronisk kontroll.
Høiby aksepterte retten si avgjerd, medan politiadvokat Oda Karterud anka avgjerda.
– Han er forholdsvis nøgd med det. No bad han først og fremst om lauslating, men er godt nøgd med resultatet slik det har blitt no, sa forsvarar Petar Sekulic i går etter rettsmøtet.
– Ønsker ikkje kontakt
Politiet meiner at det framleis er fare for at Høiby kan gjere nye lovbrot utanfor fengselsmurane.
Det er Høiby og forsvarar Petar Sekulic usamde i.
– Eg tenker at faren for gjentaking ikkje er tilstadeverande i det heile tatt, sa Høiby i si frie forklaring.
Politiet har vore særleg uroa for nye lovbrot retta mot Frogner-kvinna.
Høiby meiner at han og den fornærma kvinna har gått vidare, og at han ikkje ønsker noko kontakt med ho.
– Om ho ein dag dukkar opp på døra mi, må eg ringe politiet. Eg ønsker ikkje noko kontakt med ho, sa han.
RISK-tilbod
Det blei også klart under rettsmøtet at Høiby har takka ja til tilbodet RISK – noko han tidlegare takka nei til.
Karterud er positiv til at Høiby no har takka ja til RISK, og meiner at elektronisk kontroll kan vere nok dersom RISK-tilbodet blir følgt opp.
Påtalemakta meiner likevel at det per no ikkje er nokon andre alternativ enn varetektsfengsling for Høiby.
Vil vere saman med mora
Høiby har vore i varetekt sidan byrjinga av februar, før rettssaka mot han starta.
Han har tidlegare ytra eit ønske om å få vere nærare mor si, kronprinsesse Mette-Marit, som har gått gjennom ein lungetransplantasjon.
Operasjonen til mora var vellykka, men Høiby ønsker å kunne vere til stades under rehabiliteringa hennar.
– Å ikkje få lov til å ta del i støtta til mamma er utruleg vanskeleg, sa han.
Karterud meiner at mora si helse har «redusert betydning» i spørsmålet om elektronisk kontroll og lauslating.
Ho understrekar at Høiby har fått vore saman med mora i besøk, der nokon av dei har vart i fleire timar.
Same dag som Høiby får komme heim i varetekt med fotlenke, kom nyheita om at kronprinsessa er skriven ut frå sjukehuset.
Tidlegare nei frå retten
Høiby har kravd seg lauslaten frå varetekt fleire gonger.
Oslo tingrett avgjorde at han kunne bli lauslaten, men avgjerda blei anka og lagmannsretten gjorde ho om.
Han har også tidlegare fått nei til å halde fram varetektsperioden med fotlenke heime på Skaugum.
Dommen på fire års fengsel mot 29-åringen kom 15. juni.
Han blei funnen skuldig i to valdtekter, mishandling i nære relasjonar og andre forhold. Han blei frifunnen for to tilfelle av valdtekt.
Dommen er ikkje rettskraftig ettersom Høiby har anka for valdtekt og mishandling i nære relasjonar. Statsadvokaten har anka straffeutmålinga.