Akkurat no driv redningsarbeidarar på med å leite etter liv i ei samanrast gullgruve i Sudan. Dei har ikkje stort meir enn spader og hendene som reiskap.
Samtidig ligg gullprisen stabilt høg og surfar på den høgste bølga nokosinne. Verdien av gull har meir enn dobla seg på tre år.
Og i Dubai vaknar folk til nok ein dag i verdas gullhovudstad, der fasade, luksus og pengar er det som gjev deg status.
Alt dette heng saman, og det er ingen lystig historie.
Mange sakna inne i gruvesystemet
På søndag starta så smått ei katastrofe å utfalde seg i Sudan. Al-Zaraa-gruva, utanfor byen Al Nuhud i Vest-Kordofan, starta å kollapse.
Over tid kollapsa gruvesystemet stadig meir. Jordsmonnet, som stort sett er sand, gav etter litt etter litt, og mange gruvearbeidarar vart gravlagd levande.
Området de gruva ligg er kontrollert av Rapid Support Forces (RSF), ein milits som kanskje er mest kjent for å ha utført massakren i Al-Fashir.
Så langt er 82 menneske stadfesta døde, ifølge fleire lokale kjelder som nyheitsbyråa Reuters og AFP har snakka med.
Det er få bilete eller videoar tilgjengelege frå området der frykta for spionar er stor og kvar einaste kameralinse blir sett på som mistenkeleg.
Fleire store ulykker
Det finst derimot bilete og video frå ei liknande ulukke i Den sentralafrikanske republikk for ein knapp månad sidan. Over 100 menneske døde i den tragiske ulukka i grenseområdet til Kamerun.
Den demokratiske republikken Kongo, Angola og Sør-Afrika har også hatt alvorlege gruveulykker det siste året. Og om me skrur tida to år tilbake kan også Mali inkluderast i lista over store gruveulykker.
Ofte skjer ulykkene i uformelle gruver, der folk leitar på eiga hand. I Sør-Afrika har dette ofte skjedd i nedlagde gruvesystem, der folk tek seg inn i jakta på restar av gull eller andre mineral.
Det heile skaper kaotiske tilstandar, og det er ingen som sit med eit overordna ansvar for tryggleiken - som i stor grad er ein låg prioritet når jakta på jordlege verdiar er i gang.
Kvifor tek folk likevel risikoen? I ein kvardag med ekstrem fattigdom og arbeidsløyse er viljen til å ta risiko stor. Ofte fordi du ikkje har andre alternativ.
Skyhøge gullprisar
Når verda går inn i usikre tider, flytter mange pengane sine til gull. At gullprisen dei siste åra har nådd skyhøge nivå er vanlegvis ikkje noko bra teikn for korleis det går med økonomien.
Økonomar peikar ofte på at det ikkje er noko sunt teikn for økonomien når pengar blir flytta over til gull, og gullprisane går opp.
Dei siste ti åra har prisane meir enn tredobla seg.
Den same prisutviklinga har det vore på andre metall slik som kopar og sølv.
Ifølge den amerikanske finansinstitusjonen J.P Morgan vil gullprisane bli verande høge, mellom anna på grunn av usikre valutaer - spesielt den amerikanske dollaren - men også fleire konfliktar og generelt mykje uro i finansmarknaden.
Ein av sentralbankane som søker tryggleik i gull, er den kinesiske. I motsetnad til valuta er gull ein ressurs som ikkje kan påverkast like mykje av politikk.
Jaktar gull midt oppi krigen
Alt dette har skapt eit slags moderne gullrush som påverkar alle samfunnslag.
Alt frå arbeidslause afrikanarar til søkkrike arabarar - men også finansfolk i både Bjørvika og Wall Street.
Eit av landa som har vist seg villige til å strekke seg ekstra langt i jakta på gull, er Dei sameinte arabiske emirata - som også har eit enklare namn: Emiratane.
Emiratane er til stades i fleire afrikanske land med høg førekomst av gull. Dei har også omfattande militært samarbeid med fleire land og aktørar i Afrika.
Emiratane hadde lenge ein gullavtale med Den demokratiske republikken Kongo. Dette samarbeidet kollapsa i 2024. Etter det har fleire rapportar vist at det er mykje som tyder på at kongolesisk gull likevel vert frakta til Dubai, via Rwanda.
Og også dette er eit døme på at gull og konflikt heng saman. For Rwanda er skulda for å stå bak M23-militsen som sidan starten av 2025 har kontrollert store deler av Aust-Kongo der mykje av Kongos gull kjem frå.
Rapportar fortel også om band mellom Emiratane og land som Mali, Burkina Faso, Niger, Tsjad, Kamerun og Mauritania. Zimbabwe og Tanzania er andre land som har inngått avtaler med Emiratane.
Dubai: Gullhovudstaden utan gullgruver
Også er det Sudan, som kanskje er det verste dømet av dei alle. Der vert Emiratane skulda for å støtte RSF med våpen. RSF er den av dei to partane i Sudan-krigen som er skulda for å vere mest brutal mot sivile.
Emiratane vert skulda for å sende inn moderne og avanserte våpen til RSF i bytte mot gull. Samtidig driv RSF på med omfattande gullproduksjon, der folk med låge lønningar må leite etter gull i farlege gruver for å tene pengar til sin eigen familie.
Samtidig som desse menneska set liv og helse i fare for å finne gull og skaffe seg inntekt, blir mektige sudanarar og emiratarar endå rikare av å omsetje gull på ein verdsmarknad med rekordhøge prisar.
Det skal seiast at Emiratane avviser alle skuldingar om at dei støtter RSF, og dei er i liten grad opne om kven andre dei samarbeider med for å handle gull i Afrika.
Men når verdas gullhovudstad - Dubai - ligg i eit land som ikkje produserer ein einaste unse gull, så seier det seg sjølv at gullet må komme frå ein plass.
Og då er spørsmålet: Kven betaler til slutt prisen for gulljakta?
Interessert i meir som skjer i verda? Høyr Urix-podden: