Folk om bank bytte i Ålesund
Folk er lojale mot banken sin. Huseieren og Forbrukarrådet meiner bankmarknaden er uoversikteleg. Foto: Frederik Ringnes / NRK

– Ja, det er altfor sjeldan. Eg er lat på det punktet. Eg har lite greie på økonomi, men no har eg bestemt meg for å skifte.

Det har tatt tid for ålesundaren Leif Hurlen å kome fram til dette standpunktet, nemleg å bytte bank. Han meiner det er gjort så innfløkt for vanlege folk slik at dei ikkje ser skilnadane.

I gjennomsnitt bytter vi bank nokså sjeldan. Det er snakk om kring 5 -10 prosent i året. Suleika Somo frå Ålesund kan ikkje huske når ho sist bytta bank. Men ho meiner det finst gode argument for ikkje å gjere det.

– Har du hatt ein bank i mange år, så er du vant til folk. Det er så kjekt å ha med dei same folk å gjere heile tida. Å kjenne til dei som jobbar der.

Men nettopp denne lojaliteten kan koste bankkundane pengar.

Har analysert bankmarknaden

Huseierne som er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av bustadar, burettslag og eigedomsselskap, har undersøkt den norske bankmarknaden.

Dei har analysert samlege bustadlån som er gitt dei siste 10 åra. Konklusjonen er at dei store blir større på bekostning av dei små.

– Men det er veldig store geografiske skilnadar så vi må sjå på bankmarknaden lokalt. Bankmarknaden i Tromsø er annleis enn bankmarknaden i Oslo, seier Carsten Pihl som er samfunnskontakt i Huseierne.

Carsten Pihl
Samfunnskontakt Carsten Pihl i Huseierne etterlyser meir konkurranse mellom bankane. Foto: Anders Fehn

Fem store aktørar dominerer bankmarknaden i Noreg. Det er Dnb, Sparebank1, Nordea, Eika og Sparebanken Norge.

Men kommunikasjonsdirektøren i Finans Noreg, Tom Staavi, meiner konkurransen er god.

– Ser vi på utlånsmarginen, altså konkurransen om lånekundane, så er marginane no på det lågaste vi har sett på fleire år. Det viser at konkurransen om lånekundane er veldig sterk.

En mann i dress står inni et moderne kontor med store vinduer. Omgivelsene har lys fra runde taklamper. I bakgrunnen sees et bord med blomster og kaffemaskiner. Utenfor vinduene skimtes en bysilhuett. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kommunikasjonsdirektøren i Finans Noreg, Tom Staavi, aviser at konkurransen om lånekundane er for dårleg Foto: Frode Meskau / NRK

Norske bankar tener godt

Men finansnæringa vedgår at konkurransen på innskot heng etter. Norske bankar tente over 50 milliardar kroner i første halvår i år. I følgje LO er høge renteinntekter forklaringa på at bankane tener godt.

– Norske bankar tener mykje meir enn bankar i naboland, og skilnaden mellom utlånsrenter og innskotsrenter er mykje høgare enn dei landa vi samanliknar oss med, seier sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad.

En mann foran en stor bygning
Høge renteinntekter er grunnen til at bankane tener så godt, meiner Roger Bjørnstad i LO. Foto: William Jobling / NRK

Taper på lojalitet

Dei som ikkje er nøgd med den banken dei har, har høve til å bytte til ein annan bank. Finansnæringa peikar på eigne tal som viser at nordmenn byter oftare bank enn svenskar og danskar.

Men både Huseierne og Forbrukarrådet meiner marknaden er uoversiktleg og vanskeleg å forstå for folk.

Forbrukarrådet har lenge etterlyst betre regulering av bankane og peikar på standardavtalar dei meiner er ulovlege.

Direktør Mette Fossum i Forbrukarrådet meiner bankkundane er for lojale. Og det er ein lojalitet som ikkje svarar seg økonomisk.

– Det er dei mest lojale som kjem dårlegast ut. Vi har i gjennomsnitt 0, 2 prosent høgare rente fordi vi blir der vi er, medan dei som er flinke til å bytte, får lågare rente.

Mette Fossum i Forbrukerrådet
Direktør Mette Fossum i Forbrukarrådet seier dei mest lojale er taparane. Foto: Helen Mehammer / Forbrukerrådet

Også Huseierne meiner at dei kundane som er aktive i jakta på betre lånevilkår, kan tene gode pengar på det.

– Forsking viser at dei kan spare kring 10.000 kroner i året samanlikna med dei som er lojale mot banken sin. Og det er ganske mykje pengar, seier Carsten Pihl i Huseierne.