Ganstien på Kråkenes. Hordaland tingrett slår fast at naboene ikke får bruke den.
AVGJORT: Denne gangstien har vore stridens kjerne. No får ikkje naboane lenger nytte seg av snarvegen. Foto: Sissel Rikheim / NRK

Skal naboar få bruke ein viktig gangsti, sjølv om den passerer ein eigedom?

Nei, slår Hordaland tingrett fast i ein fersk dom.

– Verst for dei små

«Bamsestien» på Kråkenes i Bergen knyt saman to vegar der det ligg bustader.

Den fungerer som ein snarveg for å komme seg til skule, jobb, busstopp eller trening.

Stien har vore brukt av heile nabolaget i mange tiår. Naboane meite at langvarig bruk og historiske dokument gir dei bruksrett til stien.

Det var ikkje retten einig i.

Ingrid Haavik Nystad og Trygve Nystad bor ved siden av turstien på Kråkenes som havnet i Hordaland tingrett denne uken.
Ekteparet flytta til nabolaget for om lag 30 år sidan, og seier stien har vore i bruk lenge før det. Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Eg blei jo skuffa, seier nabo Trygve Nystad.

Han og kona Ingrid får no ein omveg til busstoppet, men synest avgjersla er meir synd for andre i nabolaget.

– Det har betydd meir for dei som bur lenger nede i dalen, som får ein lengre veg å gå. Spesielt for dei med små barnebein, seier Trygve.

Får ikkje bruke stien

For tre år sidan flytta det inn nye huseigarar ved stien, som ikkje var begeistra for gjennomfarten på eigedomen deira.

Dei stengde av stien då dei flytta inn, men opna den igjen etter protest frå naboane.

Då det igjen vart varsla at dei ville stenge stien blei det sterke reaksjonar.

60 naboar, to huseigarlag og ei velforeining gjekk til sak.

– Det er jo ei klassisk nabostrid-sak, som etter våre omgrep ikkje hadde vore nødvendig. For det er jo ikkje mykje sjenanse, seier nabo Nystad.

sti bak to personer, eit hus er blurra i bakgrunnen
Trygve Nystad er ein av naboane i søksmålet og synest dommen er skuffande. Foto: Christel Higraff / NRK

Naboane meiner langvarig bruk av Bamsestien har gitt dei bruksrett.

Det er grunneigarane, og retten ueinige i.

No må naboane betale sakskostnadane.

Det bekreftar advokat Karl Erik Bernt i Sands advokatfirma til NRK. Han førte saka for naboane på Kråkenes i Bergen.

Ifølge Nystad må naboane i lag punge ut med i litt over 250.000 kroner.

– Men vi har samla inn nok pengar frå alle dei som gjekk til sak i forkant. Så vi har dei midla vi treng.

Kranglar om bruksretten

Retten har lagt vekt på grunneigarane si forklaring om at stien berre har vore tolt brukt. Det betyr at ein har gitt løyve til å bruke stien, men at det når som helst kan trekkast tilbake.

kartet viser at det er ein lang omveg om stien blir stengd
Den raude streken viser kvar stien går. Deler av denne går på den private eigedommen. Den gule linja viser kvar fotgjengarar må gå dersom stien blir stengd.Grafikk: NRK

Det opplyser naboane sin advokat, som meiner det er lagt for lite vekt på naboane sine forklaringar.

– Bebuarane gav tydleg uttrykk for at dei aldri hadde opplevd protestar på bruken frå bebuarane på eigedommen, før dagens eigarar sette opp ei sperring november 2023.

Ifølge dommen fortel dagens grunneigarar at dei tidlegare eigarane tidvis gav uttrykk for at bruk av stien ikkje var greitt. Bernt reagerer på at retten legg vekt på andrehandsinformasjon frå dei saksøkte.

I tillegg skal retten ha meint at hevdstid over 50 år ikkje er oppnådd fordi delar av stien ligg i utmark.

– At området der stien ligg blir rekna som utmark, samstundes som eigarane klagar over at bruken av stien er til sjenanse for at den ligg nært huset, det framstår som underleg, seier Bernt.

Gangsti Kråkenes
Den omdiskuterte stien ligg heilt i utkanten av eigedomen til dei saksøkte, og fører vidare til ein kommunal gangveg nedover mot sjøen. Foto: SIssel Rikheim / NRK

Grunneigarane sin advokat, Lars Inge Ørstavik, vil ikkje kommentere saka.

Ein av grunneigarane er dommar i lagmannsretten.

Dommen er foreløpig ikkje rettskraftig. Naboane og advokat vil gå gjennom dommen og vurderer å anke.