D
SKUFFA: Eldri Galde Tråsdad og dei andre privatistane ved Jotunheimen Privatistskule i Lom får ikkje førstegongsvitnemål. Foto: Even Lusæter / NRK

Privatistelevane som avsluttar sin vidaregåande opplæring ved Jotunheimen Privatistskule i Lom i vår får ikkje førstegongsvitnemål.

Det blei klart da Stortinget torsdag behandla saka, kor et fleirtal på 51 mot 50 stemte mot å gi privatistane førstegongsvitnemål.

– Eg synest det er dårleg. Når me først fekk beskjed om at det var godkjend, så har me på ein måte førebudd oss på det. Me søkte oss inn på det me trudde skulle gå bra.

Det seier Eldri Galde Tråstad, som er ein av fleire privatistar som denne våren avsluttar skulegangen ved skulen i Lom, utan å gå ut med eit førstegongsvitnemål.

Etter at Stortinget i februar bad regjeringa sørgja for at privatistane som avsluttar utdanningsløpet sitt i vår ved skulen får førstegongsvitnemål, trudde ho ting skulle gå i orden.

Torsdag vart fleirtal til mindretal, etter at MDG skifta side. Dette, til liks med regjeringa, av omsyn til likskapsprinsippet og forbodet mot usakleg forskjellsbehandling.

– Departementet har vurdert saka grundig, og har snudd alle steinar, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i Stortinget torsdag.

d
Kari Nessa Nordtun (Ap) har stor forståing for at saka er krevjande for dei elevane det gjeld. Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

– Visste ingenting

Sjølv er Eldri Galde Tråstad no i siste innspurt før ho er ferdig med å gå på vidaregåande skule.

Ho ligg an til toppkarakter i alle fag, og ønsker å bli veterinær.

Men fordi ho tok siste året på Jotunheimen Privatistskule i Lom, er det no usikkert om ho får søke på utdanning som fyrstegongssøkar.

– Eg visste ingenting om at skulen kunne bli lagt ned mens eg gjekk på vidaregåande. Så eg søkte meg inn i Lom, uvitande om det som skulle skje då, sa Tråstad før Stortinget behandla saka torsdag.

Som følgje av at elevane ved den vidaregåande skulen i Lom avsluttar som privatistar, etter at det offentlege skuletilbodet vart lagt ned.

Dette skjer sjølv om Eldris og dei andre elevane først gjekk to år på det som var ein offentleg skule

– Det er litt urettferdig, meiner ho.

d
Eldri Galde Tråsdad går sisteåret på Jotunheimen Privatistskule i vår. Foto: Even Lusæter / NRK

– Forskjellsbehandling

Hanna Flækøy Skjåkødegård er dagleg leiar ved Jotunheimen Privatistskule.

Ho beskriv eit år der det har vore mykje fram og tilbake på om privatistane får førstegongsvitnemål.

– Det er krevjande. Dette er jo elevar som tek eksamen i alle fag. Dei har ei lang eksamensperiode nå i vår. Så får dei denne usikkerheita som blir lagt på dei av regjeringa på toppen av det heile, seier Skjåkødegård til NRK.

En kvinne med mørkt hår
Hanna Flækøy Skjåkødegård, dagleg leiar i Jotunheimen Privatistskule. Foto: Even Lusæter / NRK

– Vart informert

I februar bad eit fleirtal på Stortinget, beståande av SV, Senterpartiet, Frp, KrF, Raudt og MDG regjeringa sikra at privatistane i år som er ferdige ved skulen får rett på førstegongsvitnemål.

Sidan har Kunnskapsdepartementet vurdert saka.

Departementet har meint det vil vera i strid med likskapsprinsippet og forbodet mot usakleg forskjellsbehandling, skulle privatistane ved skulen i Lom få førstegongsvitnemål.

– Det er forskjell på vera elev og å vera privatist, mellom anna ved at elevar får dokumentert kompetansen gjennom standpunktkarakter i alle fag. Førstegongsvitnemål blir gitt til elevar, ikkje til privatistar, sa statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) på førehand av behandlinga torsdag.

– Ungdommen i Lom vart informert om at dei ville mista moglegheita til å få førstegongsvitnemål dersom dei valde å følgja opplæring ved privatistskulen dette skuleåret, la han til.

En mann står med armene krysset foran brystet, iført blazer og skjorte. Bakgrunnen består av en mørk vegg med tekst og grafikk. Det er innendørs belysning, som gir et lyst miljø. Mannen har et alvorlig uttrykk.
Statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) i Kunnskapsdepartementet. Foto: Nadir Alam / NRK

Miljøpartiet Dei Grøne, som støtta forslaget som vart behandla i februar, er av same oppfatning. Partiet varsla på førehand at dei ikkje vil støtta eit forslag om å gi privatistane i år førstegongsvitnemål.

– Det som er bakgrunn for at me stemde som me gjorde, er fordi at me er redd dette vil skapa ein presedens, og gjera det veldig urettferdig for alle dei andre elevane, seier Siren Jensen (MDG).

Siren Jensen
Siren Jensen (MDG). Foto: William Jobling / NRK

– Offer for politisk ustabilitet

Saman med Frp, SV, Raudt og KrF, fremja Senterpartiet torsdag eit laust forslag som innebar å gjera mellombels lovendringar for å gi privatistane i år førstegongsvitnemål.

– Dette rammar elevar som avsluttar utdanningsløpet sitt i år. Målet er å bruka sunn fornuft i denne saka, og ramma inn ei løysing for dei elevane som står i fare for å ikkje få eit førstegongsvitnemål.

Det sa utdanningspolitisk talsperson for Senterpartiet, Erling Sande, i Stortinget torsdag.

Han er klar på at lovendringa ikkje ville vere nokon større endring for privatistar. Han ønska derimot å løyse eit problem for «ei gruppe elevar i Lom».

– Det ligg eit forslag her – ei moglegheit – for å hjelpa ei lita gruppe elevar, men kvar dette er veldig viktig, la han til.

Statsråd Erling Sande
Erling Sande (Sp). Foto: Eivind Aabakken / NRK

Finn Krokeide i Frp var etter behandlinga skuffa over at Stortinget ikkje ville gi privatistane i Lom førstegongsvitnemål.

– Dei har vorte offer for ein politisk ustabilitet rundt den skulen dei har gått på. Den var offentleg då dei byrja, og han er offentleg godkjend frå hausten av, men på grunn av den uvissa som har vore, så går dei ut med status som privatistar, seier Krokeide.

d
Finn Krokeide (Frp). Foto: Henrik Einangshaug / NRK

– Trudd alt var i orden

Raudt varsla også på førehand at dei ville støtte å gi elevane førstegongsvitnemål.

– Dei har trudd at alt var i orden. Me er opptekne av å finna ei løysing som sikrar at dei får dette, men som ikkje er eit frislepp, sa Hege Bae Nyholt (R).

Nyholt påpeikte at denne opninga i regelverket berre gjeld privatistane i år, ettersom neste års privatistar vil få førstegongsvitnemål.

en person som står utenfor
Andre nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt i Raudt. Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Det er ei handfull elevar dette er snakk om, men for dei dette gjeld så er dette viktig.

Sjølv om Raudt vil gi denne handstrekninga til elevane ved skulen i Lom, vil partiet ikkje opna for førstegongsvitnemål for alle privatistelevar.

– Skuleløpet er meir enn å ta eksamenar, det handlar også om å følgja undervisningar, sa Nyholt.