Det er ikkje berre sol og glede når moldefestivalen startar i dag. Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) går fremst i den dansande musikkparaden gjennom hovudgata i Molde.
Det har fått fleire til å sjå raudt.
Blant anna har Odd Helge Gangstad (Sp), tidlegare varaordførar i Molde, sagt til Romsdals Budstikke at Vestre er eit umusikalsk val av festivalopnar etter kutta i ambulansetenesta fleire stadar i fylket.
Gangstad har tidlegare varsla at han vil melde helseføretaket til politiet dersom ambulansekutt fører dødsfall.
– Ryggen til når paraden går, og så er det litt plakatar under opningstalen, seier Gangstad til NRK.
Seier helsekutt ikkje er hovudsak i dag
Helseminister Jan Christian Vestre har fått med seg at enkelte protesterer, men seier det ikkje er hovudpoenget i dag.
– Eg trur dei aller fleste i dag er opptatt av å feire jazzen, nyte sola, gi anerkjenning til dei 500 frivillige som gjer Moldejazz mogleg kvart einaste år, seier han og legg til:
– Det seier litt om Molde og kva dei får til her. Eg tenkjer det får vere hovudtema i dag.
Festivalsjef Linda Melsom seier at ho ikkje hadde forventa større protestar enn det blei.
– Folk må få lov til å gjere det dei vil. Eg synest ikkje det var så bråkete. Vi lagde meir bråk, vil eg også seie. Det blei ein veldig fin parade i dag.
Fest i seks dagar
Under den årlege opningstalen i Alexandraparken blei det demonstrert med banner.
Festivalen varar til laurdag 18. juli. Det er varsla fint vêr heile veka.
John Legend og Esperanza Spalding er blant artistane ein kan sjå og høyre i år.