Første dag i ankesaken, lagmannsretten Helsingfors
ANKA DRAPSDOM: Rolf Nordmo og forsvarer Ville Luoto i lagmannsretten i Helsingfors. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

For snart to år sidan, den 13. oktober 2024 skaut og drap Rolf Nordmo sin tidlegare kjærast, Janne Puhakka, i deira felles heim i Esbo i Finland.

I tingretten blei Nordmo dømd til «livstid» – Finland si strengaste straff. Det tilsvarar å bli dømd til 12 år forvaring.

Nordmannen innrømte i retten å ha drepe ekskjærasten Janne Puhakka, men nekta for at det var planlagt.

Nordmo anka dommen og i dag starta ankesaka i den finske lagmannsretten i Helsingfors.

Både aktor og advokatane som representerer den etterlatne familien til Puhakka meiner Nordmo må svare på fleire spørsmål om sjølve drapet.

– Han har ikkje villa, kunne eller hugsa å fortelje nøyaktig kva som skjedde inne i bustaden, sa statsadvokat Annukka Juntunen i starten av ankesaka.

Første opne mannlege homofile

Drapet på Janne Puhakka sende sjokkbølger gjennom det finske idrettsmiljøet.

29-åringen var ein kjent finsk ishockeyspelar og blei sett på som eit førebilete for å vere den første opne homofile mannen i sporten.

Den drepte er tidligere ishockeyspiller Janne Puhakka. Han var kjent i Finland og var den første åpent homofile spilleren i Finlands toppserie.
Sommaren før han blei drepen var Janne Puhakka ambassadør for pride i den finske hovudstaden.

– Han er ein av dei modigaste spelarane i Finland.

Det sa tidlegare ishockey-kollega Ilmari Pitkänen då NRK møtte han berre dagar etter Puhakka blei funnen død.

Utanfor bustaden dei hadde delt i Esbo, kom naboar og andre for å tenne lys og minnast Puhakka.

Om lag to år seinare er det få spor igjen i det rolege nabolaget, etter det som skjedde i oktober 2024.

– Så klart snakka vi om det den første veka og kanskje den første månaden. Men sidan har ein ikkje prata så mykje om det.

Det seier Annika Westberg-Arrakoski, dagen før ankesaka startar i retten. Ho bur i nærleiken av bustaden Nordmo og Puhakka hadde budd i saman.

– Det var ei tragisk hending, ei veldig tragisk hending.

En kvinne med briller kikker mot kamera og smiler. Hun har langt lyst hår og en stripete genser på seg. I bakgrunnen ser vi trær og deler av en hage
Annika Westberg-Arrakoski trur fleire kjem til å følge spent med på ankesaka. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Motivet for drapet skal ha vore samlivsbrotet mellom dei to og at Puhakka hadde møtt ein annan.

– Det var veldig uventa. Ingen tenker at noko sånt kan skje så nære. Når det skjer så nære blir det enno meir tragisk og fælt, legg naboen til.

En gravstøtte på en kirkegård. Det er friske blomster ved graven i ulike farger. På steinen kan vi lese deler av navnet til han som er begravet, Puhakka.
Fleire har lagt ned blomar ved grava til Puhakka. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Grovt og brutalt drap

I dommen frå Västra Nylands tingrett stod det at Nordmo planla eit grovt og brutalt drap på Puhakka.

– Nordmo planla i sinne og sjalusi å skyte Puhakka etter at forholdet tok slutt, står det i dommen frå tingretten.

Tingretten kom fram til at drapet var å rekne som særdeles grovt, men ikkje overlagt.

Nordmo skaut Puhakka to gongar med hagla og slo han fleire gongar i hovudet med metalløpet til hagla.

– Nordmo har drepe Janne Puhakka på ein spesielt brutal måte. Handlinga er også vurdert som grov i sin heilskap, stod det i dommen.

Nordmannen blei ikkje dømd for overlagt drap, men for grovt drap.

I tillegg til at Nordmo sjølv anka dommen, har aktor, statsadvokat Annukka Juntunen, levert in ei motanke. Ho meiner nordmannen må dømmast for overlagt drap.

Statsadvokat i Finland Annukka Juntunen møter finsk presse før ankesaken mot Rolf Nordmo i Helsingfors lagmannsrett.
Statsadvokat Annukka Juntunen møtte finsk presse før ankesaka starta måndag morgon. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Vi vil krevje at lagmannsretten stadfester dommen frå tingretten, seier Juntunen på veg inn i lagmannsretten.

Ankesaka går i rettssal 1 i Helsingfors lagmannsrett
Ankesaka går i rettssal 1 i Helsingfors lagmannsrett. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Krev svar frå Nordmo

I forkant av ankesaka fortel aktor Juntunen at det ikkje har skjedd store endringar i saka etter dommen i tingretten.

I lagmannsretten er partane i gang med å argumentere for om drapet var aktlaust, eller om det var eit overlagt drap.

– Kva var det eigentlege motivet for handlinga? Det handlar om sjalusi og om at Janne får ein ny kjærast.

Det seier Tuukka Tieksola, som er advokat for søstera til Puhakka.

Ho stiller spørsmål ved kvifor Nordmo tok med seg hagla frå Noreg til Finland, og krev at nordmannen svarer på desse, når han skal forklare seg onsdag.

– Vi vil ikkje nøye oss med nokre «eg hugsar ikkje»-svar, legg ho til.

Haglen som ble brukt i drapet av Janne Puhakka,.
Rolf Nordmo skaut Janne Puhakka to gonger og slo han fleire gongar i hovudet med metalløpet til hagla. Foto: Politiet i Finland / NRK

Forsvarar Ville Luoto påpeiker at Nordmo ikkje hadde skjult at han tok med seg hagla til Finland for å jakte.

Dette skal han ha fortald både vener og Puhakka, ifølge forsvararen.

Men også forsvararen seier at nordmannen var svært sjalu på Puhakka sitt nye forhold, som hadde starta i juli 2024.

Likevel meiner han at drapet ikkje var planlagt.

Snakka med faren på drapsdagen: – Merka at noe var galt

Nordmo sin forsvarar, Ville Luoto, seier i lagmannsretten at økonomiske problem var ei stor belasting for Nordmo og på forholdet.

– Han fekk praktisk talt ikkje sove. Dette varte i fleire veker. Han mista appetitten.

Ville Luoto, forsvarer for drapsdømte Rolf Nordmo.
Forsvarar Ville Luoto på veg inn i rettssal 1 i Helsingfors lagmannsrett. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Lukka retten etter rundt to timar

Etter at bilete frå åstaden og tekstmeldingar mellom Puhakka og Nordmo var lagt fram for retten, blei pressa kasta ut frå salen.

Dommaren kunngjorde etter knappe to timar, at resten av rettsdagen måndag vil gå for lukka dører. Då får verken pressa eller andre vere til stades.

Rolf Nordmo sat roleg i retten og fekk tolka det som blei sagt på finsk.

Rolf Nordmo i den finske lagmannsretten, første dag i ankesaken
Rolf Nordmo skal etter planen forklare seg for lagmannsretten på onsdag. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Forsvararen møtte finsk presse måndag, men ønska ikkje å svare på spørsmål om korleis Nordmo har det.

Forsvararen seier likevel saka er vanskeleg for nordmannen.

Onsdag skal Nordmo forklare seg for lagmannsretten.

Ankesaka mot Rolf Nordmo går for retten i Helsingfors Lagmannsrett.
Det er sett av fem dagar for å behandle ankesaka i den finske lagmannsretten: 24. og 26. august, samt 2., 7., og 9. september. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK