Kan kvinnelege fotballspelarar på toppnivå nokon gong leve av fotballen, og berre fotballen?

Det er eit spørsmål ein ikkje finn eit ordentleg svar på, verken hos Google eller ChatGPT.

Kan denne reportasjen svare på det?

Kanskje!

No har det nemleg blitt forska på korfor kvinner legg opp fleire år før menn gjer det same.

Og så kan du, allereie her og no, trøyste deg sjølv med at visstnok er det enda verre i Sverige.

Førebilete

På Romssa Arena er det livleg, sjølv om det er ein nokså vanleg dag i september. Elevane på NTG kjøper seg lunsj i kantina før dei går tilbake til skulen.

Ein gjeng med mannfolk sit rundt eit bord og mimrar. Det er truleg tjue pluss sesongar sidan dei hadde si store tid.

Og for damene på Tromsø idrettslag er treninga akkurat ferdig.

Med nyvaska hår og sivile klede kjem Thea Selnes Grønbech og Julia Elvbo gåande.

I desse korridorane har 20 år gamle Thea gått i eitt år, medan kunstgraset på Romssa Arena har vore heimebana til Julia sidan februar.

Ho kom frå den svenske klubben Alingsås, som da spelte på det høgaste nivået i Sverige. Med sine 28 år er ho blant dei eldste på førstedivisjonslaget til TIL.

Snittalderen i laget er 22,6 år – noko som er nokså tett opp til snittalderen i Toppserien på nivået over. Der er snittalderen for 2026 22,9 år. Tilsvarande for Eliteserien, det øvste nivået for menn i norsk fotball, er ein plass mellom 25 og 26 år.

Fotballspillere Thea Grønbech Selnes og Julia Elvo fotografert på Romssa Arena.
20 år gamle Thea (til venstre) satsar på fotball, og har tidlegare vore innom Rosenborg sitt damelag. Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Når eg er på bana, tenker eg ikkje på at eg er eldre. Da tenker eg at eg er like gammal som Thea.

Dei flirer.

– Det var ikkje meininga å gi deg aldersangst!

– Eg kjenner ikkje ein stor aldersforskjell, roar svensken.

– Eg vil jo også vere eit førebilete, og gi den erfaringa som eg har frå dei åra eg har spilt.

Thea tryggar ho:

– Det gjer du, du set jo standarden!

Sjokket

Sjølv om dei to spelarane er fulle av ferske endorfin etter trening, er det ikkje berre lystig å vere fotballspelar på eit damelag.

Ei ny doktorgradsavhandling har nemleg gått inn for å undersøke kva som er årsaka til at kvinnelege spelarar gir seg tidlegare i karrieren enn menn.

Lågare status og lågare lønn kan vere noko av forklaringa.

Men er det alt?

Kvinne i svart treningstøy sitter alene på rader med røde seter på en tribune. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Susann Dahl Pettersen har eit auge på TIL-damene. Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Susann Dahl Pettersen var sjølv ei jente som spelte fotball. Som 19-åring bytta ho ut fotballsko mot studielivet. Ho utdanna seg til å bli psykolog.

Da det nokre år seinare blei lyst ut ei stipendiatstilling som skulle handle om kvinnefotball, stod ikkje jubelen i taket.

Ho hadde meir ei kjensle av «ah, det får bli det her, da».

– Eg hadde stereotypiske haldningar mot kvinnefotball, dei same som vi ser i kommentarfeltet. At det går for sakte, banen er for stor, måla er for store, ballen er for stor. Det er ikkje det same, og det er ikkje artig å sjå på.

Sjølv ikkje ho, som hadde spelt fotball i fleire år, sette kvinnefotball særleg høgt.

Det skulle endre seg. Kraftig.

Ho blei med ein kollega for å sjå ein cupkamp mellom TIL 2020 og Toppserielaget Stabæk.

– Eg blei heilt sjokkert. Det hadde endra seg mykje sidan eg hadde spelt.

En kvinne i sportstøy ser i kamera og smiler. Sitter på en sete på en tribune.
Susann Dahl Pettersen har levert ein doktorgrad om kvinner i toppfotball, på UiT Noregs arktiske universitet. Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Utbrent

Tidlegare i haust disputerte Susann med ein doktorgrad som tar for seg korfor kvinnelege elitespelarar sluttar. Ho har også sett på korleis ein kan skape eit miljø på laget som gjer at dei presterer betre.

Spelarar frå Toppserien og 1. divisjon svarte på spørjeskjema om psykologiske faktorar og kva som vil spele inn viss ein vil legge opp.

Konflikten mellom fotball og privatliv var den viktigaste årsaka Susann kom fram til.

Det er gjort kvalitative studiar som viser kva som er årsaka til at ein sluttar, og kva som er årsaka til at ein held fram. Susann viser til at fleire av dei seier at totalbelastninga i kvardagen blir for stor.

NRK har tidlegare skrive om korleis kvinnelege proffspelarar må jobbe 100 prosent ved sidan av fotballen for å klare seg økonomisk.

– Får du dette til å gå opp, eller må du jobbe fem dagar i veka, for så å vere borte heile helga på bortekamp, og så skal du på ny runde med jobb i fem dagar?

– Mange av dei som har slutta, rapporterer at dei rett og slett er utbrente.

– Det er ikkje rart at ein blir sliten. Kanskje nokre tenker at «det er jo berre fem–seks treningar i veka», men det er jo berre fotballtreningane, startar ho.

– Så har vi i tillegg styrke. Vi har videomøte, det er både lagmøte og individuelle møte. Dei skal til fysioterapi, dei skal til meg. Dei skal på borteturar. Det blir bra mange timar i veka med den fotballen.

– Korleis skal ein rekke alt?

– Ja, korleis skal ein rekke alt.

– Sjølvsagt!

Dette kjenner toppscorar Julia seg igjen i. Samtidig understrekar ho at ho måtte jobbe enda meir ved sidan av fotballen da ho var proffspelar i Sverige.

– Det er veldig tøft, spesielt mentalt. At ein skal orke, etter å ha jobba ein heil dag, å kome til trening og å kunne gje 100 prosent på trening også.

– Det er ei utfordring, heilt klart.

No er ho trenar for TIL sitt gatelag, og jobbar med marknadsføring for eit selskap heime i Sverige. Likevel er ho glad for å kunne jobbe mindre enn før.

– No kan eg fokusere meir på fotballen, ha meir energi på treningane og gi meir til laget. Det kjennest bra.

«Som ein lyx» seier ho, samanlikna med korleis det var i tida i Alingsås.

To kvinner står på tribunen med en stor kunstgressbane bak seg.
Thea og Julia vil helst vere fotballspelarar så lenge som mogeleg. Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Ved sidan av fotballen tar Thea eit årsstudium i psykologi. Sjølv om ho framleis er ung, har ho allereie tilpassa livet etter satsinga. Vidaregåande tok ho over fire år.

Ho meiner det har både fordelar og ulemper å vere student samtidig som ho satsar.

– Det er greitt å ha noko anna å gjere ved sidan av fotballen. Det krev tid av meg. Men hadde eg ikkje studert, hadde eg kanskje vore meir klar og gjort enda meir på fotballbana.

– Hadde du ønska at du kunne vere berre fotballspelar?

– Sjølvsagt! Det trur eg alle skulle ønske.

I dag er det ingen av A-lagsspelarane på TIL sitt damelag som lever av å spele fotball. Rundt 36 prosent av spelarane i Toppserien gjer det.

– Det er skjønt å ha noko ved sidan av, men eg trur vi begge føler at ein skulle ønske at det var noko vi kunne velje, og ikkje noko vi måtte gjere, meiner Julia.

Toppserien

Marianne Solheim er dagleg leiar i Toppserien. Ho trur også at låg lønn kan vere ei av årsakene til at kvinner legg opp.

Solheim seier mange kvinnelege spelarar hamnar i eit dilemma:

– Korleis klarer du å kombinere livet med toppidrett?

I tjueåra blir også livet for mange meir enn berre ein sjølv. Mange vil inn på bustadmarknaden eller stifte familie.

– Har du ikkje ei leveleg lønn, dukkar spørsmålet opp: Er det verdt det? seier ho.

En kvinne blir intervjuet. Hun holder en ball i fanget og har på seg svart dressjakke.
Dagleg leiar i Toppserien, Marianne Solheim, veit at mange kvinnelege spelarar står i eit dilemma. Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Samtidig understrekar ho at det finst norske klubbar som kan gi damene ei lønn ein kan leve av.

– Det vi ser, er jo at dei gir seg ikkje fordi dei blir leie av å spele, men fordi dei slit med å kombinere ulike deler av livet.

– Blir krysspresset for stort?

– Ja, for nokre. For veldig mange blir totalbelastninga for høg. Det er veldig individuelt, nokre kan tole det fint, andre ikkje. For mange blir totalbelastninga for stor over tid, som igjen kan gå ut over prestasjonar.

Sjølv om Toppserien sin daglege leiar er forsiktig med å slå fast eit konkret mål om å løfte snittalderen på proffnivå, slår ho fast at dei vil ha fleire kvinner i høgprestasjonsalder til å bli verande i sporten.

Ho slår til med eit slagord:

– Flest mogleg, lengst mogleg.

En kvinne smiler i kamera, vi ser konturene av en stadion i bakgrunnen.
Solheim vil gjerne at kvinnene skal halde seg i fotballen lenge. Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Mentalt

Betre lønn kan vere eitt av tiltaka som kan auke profesjonaliseringa i kvinnefotballen. Eit anna tiltak er eit utvida team rundt spelarane.

I Tromsø har TIL gjort grep. Dei har tilsett Susann Dahl Pettersen som psykolog for spelarane. Døra er open for dei unge akademi-spelarane og for dei proffe på damelaget.

Julia Elvbo ser tilbake på sine yngre dagar i fotballen og meiner det ville vore til god hjelp å ha ei som Susann i den tida.

– Ein går gjennom mykje og er i ulike delar av utviklinga si som person og som spelar.

– Viss eg hadde slite med sjølvtillit ein dag, veit eg at Susann er der og kjem med sånt som boostar sjølvtillita. «Thea, no er du god», det er ting eg synest hjelper på.

At klubbar nyttar seg av mentale trenarar, har ein høyrt mykje om. Særleg har det vore snakk om Bjørn Mannsverk, som Bodø/Glimt har nytta seg av i sin gullperiode dei siste åra.

At lag i norsk kvinnefotball tilset ein eigen psykolog, er derimot ikkje like vanleg. Susann Dahl Pettersen kjenner ikkje til at det er andre klubbar som har gjort det same som TIL.

I arbeidet med doktorgraden har ho også sett på kva eit meistringsklima har å seie for at ein blir verande i kvinnefotballen.

Motsatsen er eit resultatorientert klima, der trenar og apparatet rundt fokuserer meir på mål og resultat enn innsats.

– Forsking viser også at trenarar overvurderer sitt meistringsklima. Så viss du spør både trenaren og spelarane, så vil trenaren gi sitt klima høgare «score» enn det spelarane gjer, seier Susann.

Men meistring er ikkje noko som berre kjem av seg sjølv – og, seier Susann, det kan vere enklare å seie at ein har fokus på meistring enn å faktisk ha det.

– Du skal sjå alle, og alle skal føle at dei har ein verdi. Det er ikkje alltid like enkelt.

en gruppe menn som sitter på et stadion (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Mentaltrenar Bjørn Mannsverk (til venstre) har blitt spesielt kjent for sitt samarbeid med Bodø/Glimt. Her er han saman med dagleg leiar Frode Thomassen og trenar Kjetil Knutsen heime på Aspmyra. Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen / NTB

Speler du på eit lag, må du kanskje også innimellom sitje på benken og vente på tur. Berre håpe på at det blir din sjanse etter eit innbyte.

At du får kjenne det grøne kunstgraset under knottane på skoa, få pulsen opp fleire nivå og springe etter ballen med den draumen du ber på: Å få han i mål.

Blir du benka ofte nok, kan det setje i gang ein del overtenking, meiner dei to spelarane.

Men her takkar dei Susann for psykologiske teknikkar ho har lært vekk.

– Vi lurer oss sjølve i hjernen og prøver å kome på forklaringar. Det kan gå langt om ein ikkje tar kontroll over det tidleg, fortel Julia.

– Ho har lært meg teknikkar å bruke på banen, om eg hamnar i eige hovud. Da må eg finne tilbake til «noet» og ikkje tenke på masse anna.

– Ho ser oss på ein annan måte, og kan sjå det som skjer innvendig, meiner Thea.

Framtida

Liva til både Julia og Thea har i mange år handla om fotball.

Det vil dei framleis gjere, sjølv om både innføringsbøker i psykologi og Teams-møte om marknadsføring er ein naudsynt del av kabalen.

Om berre eit par år når Thea gjennomsnittsalderen for kvinnelege fotballspelarar.

Ho seier ho er motivert til å spele vidare.

– Det er artig, eg trivst med det. Det er det artigaste eg gjer. Så for meg hadde det sett rart ut å ikkje gjere det.

To kvinner sitter ved et bord og snakker sammen i et kontorlokale. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Julia Elvbo er toppscorar på laget. Det har ikkje kome av seg sjølv. Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Julia, på si side, er snart 30. Med ein svensk proffkarriere i baggen og nokre månadar på norsk kunstgras, har ho vore gjennom litt av kvart allereie. Både oppturar og nedturar, tid på benken og tittel som toppscorar.

– Men jo, eg kan kjenne meg igjen i dei yngre, om ein kanskje ikkje får like mykje speletid. Eg har også vore der og veit kor tøft det kan vere mentalt.

Ho avsluttar med nokre håpefulle ord, som tilfeldigvis også er ei av Håkan Hellström sine beste låter.

– Din tid kommer.