– Dette blei slengt i trynet mitt for ein god del år sidan av bror min. Han jobbar blant anna med å gjere nettsider synlege og tilgjengelege for alle.
Det seier innhaldsskapar Kjetil Krogstad frå Kristiansand. Han har over 1.6 millionar følgarar på kanalane sine.
Mange kjenner Krogstad som ein dresskledd, dansande fyr med ein kaffikopp i handa.
Nyleg skreiv NRK om Christian (17), som har nedsett høyrsel. Han meiner fleire må lære meir om universell utforming.
Universell utforming er eit lovverk som skal sørge for at ting og tang som blir brukte i kvardagen kan nyttast av flest mogleg, uavhengig av funksjonsnedsetting.
Nå seier tilsynet for universell utforming at dei som ikkje følger regelverket kan få bøter.
Gjeld alle som tener pengar
– Dette gjeld alle som driv verksemd og kommuniserer med innbyggarane gjennom sosiale medium.
Det seier Malin Rygg. Ho er tilsynsdirektør i Tilsynet for universell utforming av IKT, som ligg under Digitaliseringsdirektoratet.
Ho seier alle som tener pengar på sosiale medium skal følge regelverket.
Eit eksempel på eit krav er at videoar på Snapchat eller TikTok må tekstast.
– Ein kan bli underlagt tilsyn og få beskjed om å rette seg etter krava. Dersom ein ikkje rettar opp feila som blir funne under tilsyn, så kan ein få dagmulkt, seier ho.
Ho legg likevel til at tilsynet generelt rettar seg mot dei med veldig mange brukarar, typisk tenester som er vesentlege for likeverdig samfunnsdeltaking.
Eksempel på dette kan vere BankID og digitale helsetenester.
Rygg seier det ikkje blir satt til verks store tilsynssakar akkurat no.
– Men blir ein stor nok og viktig nok og har ei teneste som når veldig mange, så er ein aktuell, seier Rygg.
Fekk god innføring
På sosiale medier har Kjetil Krogstad over 1,6 millioner følgarar frå heile verda, og har gått viralt fleire gonger.
Sjølv om Krogstad for det meste dansar, utan å snakke på videoane sine, gjer han sitt beste for at flest mogleg skal forstå innhaldet sitt.
Det har han fått streng beskjed om.
– Bror min sa: «Er du klar over at det du gjer ikkje er universelt utforma?». Det er ikkje tilgjengeleg for alle, sånn som du held på. Eg fekk ei god innføring av han, og det har eigentleg sett seg sidan, seier Krogstad.
Blant anna legg han av og til inn skildringar av kva han gjer i caption, og prøver å passe på at kontrastane er gode.
Han meiner det er ei vanesak for dei som kviar seg.
– Eg vil gjerne at alle skal få med seg det eg legg ut. Derfor fell det meg heilt naturleg å mellom anna tekste, seier han.
Vil treffe flest mogleg
– Som influensar vil ein jo treffe flest mogleg, seier Krogstad.
Han opplever at fleire og fleire blir klar over spesielt teksting, og trur det berre er positivt for brukarane og for influensarane sjølve.
– Det er veldig mange som ser innhald utan lyd. Og appane er jo glad i at ein bruker moglegheitene dei tilbyr.
For eksempel tilbyr mange appar automatisk teksting, spesielt på engelsk som er språket Krogstad brukar.
Nå håpar han fleire blir merksame på universell utforming.
– Eg hadde som sagt ikkje tenkt noko over det sjølv før eg fekk det i trynet av bror min.
Kan dans bringe lys og glede til en mørk verden?