Kristoffer Mauno hadde lenge slite med vondt i magen.
Men etter ein grillfest i 2015 enda han på legevakta. Smertene var ikkje til å halde ut.
Kristoffer trudde først han var matforgifta. Men legane oppdaga snart at Kristoffer hadde den sjeldne leversjukdommen PSC. I tillegg hadde han ulcerøs kolitt.
I 2019 var han gjennom sin første operasjon. Kirurgane fjerna heile tjukktarmen hans, og han fekk stomi, også kjent som utlagd tarm. Etterpå har han gått med ein pose på magen som samlar opp avføring.
Dei kraftige smertene gjekk over. Men 35-åringen er framleis ikkje frisk. For det finst inga behandling for PSC.
– I starten så skjønte eg vel ikkje heilt alvoret, seier Mauno.
Men kanskje er forskarar i Oslo på sporet av ei løysing.
Kan gjere noko med det
– Dette må vi gå vidare med!
Johannes Hov som er professor ved Universitetet i Oslo har forska på leversjukdommen PSC i mange år utan at det har dukka opp noka behandling.
– Om ein har fått PSC akkurat nå, så gjer vi ingenting, fortel Hov.
Kvart år får mellom 50 og 100 nordmenn sjukdommen, som ofte fører til leversvikt og levertransplantasjon.
Dei som får diagnosen er gjerne unge vaksne som er i alderen der dei har små barn.
Men i ein ny studie publisert i Nature Metabolism har Hov og kollegaene funne ut at det er bakteriar i tarmen som styrer kor sjuke pasientane blir.
– Det vi har funne, er eitt bakteriemolekyl som det er meir av i blodet om ein har PSC. Og om ein har meir av molekylet, så tar det kortare tid før ein treng levertransplantasjon.
I tillegg til prøver frå norske pasientar, gjorde dei testar på mus, som bekrefta funna.
– Eg er sikker på at tarmfloraen er med på å gjere PSC meir alvorleg. Det som er så fint med det, er at den kan ein jo gjere noko med, seier Hov.
Og ikkje nok med det:
Det finst allereie ein medisin som blir brukt etter transplantasjonar som forskarane trur kan fungere. Dette vil Hov gjerne teste ut.
– Det er viktig for oss at dei neste forskingsstega skal kunne omsettast til betre pasientbehandling.
Til røyrleggaren
I Lofoten har Kristoffer Mauno vore i god form dei siste åra.
– Eg har jo hatt episodar der eg har blitt gul i huda og auga, der du ser at det er ein leversjukdom eg har.
Tre gonger har han reist til Rikshospitalet og fått opna opp gallegangane som kan gå tette på grunn av PSC. Dette er det overlege Hov kallar røyrleggardelen av arbeidet sitt.
– Det er akkurat som når det er trongt i avløpet under vasken, så begynner det å lukte. Det hopar seg opp.
Då går legane inn og sørger for å opne gangane så ikkje galle og andre stoff hopar seg opp i levra. Men dette er ein mellombels fiks, for over tid blir levra skadd.
– Sjølv om det ikkje er nokon vanleg sjukdom, er dette den vanlegaste årsaka til levertransplantasjon, seier Hov.
I dag er Kristoffer i 100 prosent jobb på Nordlandssjukehuset etter fleire års sjukdom.
Han er ikkje skremt av at det ennå ikkje finst nokon kur, men er veldig glad for at forskarane jobbar vidare.
– Det er veldig roande.
Foreløpig er leverprøvene til 35-åringen betre enn dei har vore på 10 år. Noko av grunnen trur han er at han prøver å ha eit sunt kosthald, og at han går turar i fjella i Lofoten.
– Det sa legen sist gong: Han veit ikkje heilt kva eg gjer, men noko av det fungerer.