Skiskytter med pannebånd og jakke står utendørs med skistaver i hånden. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
TRENINGSKLOKKE: – Eg trur inga klokke skjønner korleis du har det uansett, seier skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold. Ho meiner at ein skal lytte meir til kroppen sin enn ei klokke. Foto: Terje Haugnes / NRK

– Det er så mykje målingar. Eg ser yngre utøvarar, og kan spørje «korleis går det med deg?», og så begynner dei å snakke om pulsen sin. Det er ikkje det eg spurde om, seier skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold.

I ein fersk episode av NRK-podkasten Skiklubben tar landslagsløparen eit oppgjer med dagens klokkehysteri. Ho meiner mange er i ferd med å miste kontakten med sin eigen kropp.

– No er det så mykje klokker som seier «dette er økta du burde ha i dag, eller du har -4 i kondisjonsgrunnivå i dag». Om ein begynner å berre lytte til den, så trur eg ein gløymer alt.

Ingrid Landmark Tandrevold
TRENING: I NRK-podkasten, Skiklubben, deler Tandrevold sitt syn på klokkehysteriet. Foto: Skjermdump / NRK

– Alt treng ikkje vere på Strava

Stadig fleire unge og vaksne går rundt med avanserte treningsklokker på armen.

Skiskyttaren fortel at ho gjennom heile karrieren har vore opptatt av å lytte til kroppen i staden for klokka – spesielt som jente.

– Kroppen kan kjennast heilt annleis i starten av ein syklus enn i slutten, då kan du føle at alt berre er drit. Det å lytte til det også inn i trening, det trur eg er viktig å lære seg, deler ho.

En kvinne som holder på med skiskyting
LYTTAR TIL EIGEN KROPP: Skiskyttaren fortel at ho prøver å lytte til kroppen, i staden for å la klokka bestemme. Foto: Vegard Kjøllmoen Steien / NRK

Tandrevold innrømmer at teknologien har komme langt, og at klokkene kan måle det meste. Likevel meiner ho at utøvaren sjølv veit best.

– Eg trur inga klokke skjønner korleis du har det uansett.

– Ikkje all trening treng at ein skal måle noko. Alt treng ikkje å vere på Strava. Eg er veldig glad for at det har vore sånn eg har trena opp igjennom, fortel ho.

Vil ikkje la klokka «styre»

Ein som bruker treningsklokke aktivt, er treningsinfluensaren Hedda Skaug (23). Ho har likevel eit svært avslappa forhold til teknologien:

– Eg bruker han eigentleg berre på trening, og så tar eg han av meg etterpå, seier ho til NRK.

– Eg vil ikkje la ein elektronisk duppedings styre korleis eg kjenner meg og korleis kvardagen min skal vere, fordi det kjenner ein på kroppen sjølv.

Skaug fortel at ho aldri sjekkar søvnskår, og at ho ikkje bryr seg om estimata til klokka – ho blir berre brukt til enkle treningsdata.

– Eg synest det med søvnskår og at folk er så opphengd i det er veldig dumt, fordi ein kjenner jo seg sjølv betre enn det ei klokke gjer, deler influensaren.

Treningsprofilen Hedda Skaug klar for 10kilometer løp på lørdag
AV MED KLOKKA: Så fort økta er ferdig, tar influensar Hedda Skaug av seg treningsklokka. Ho ønsker ikkje at teknologien skal styre kvardagen. Foto: Dino Jakupovic / NRK

Sjølv om ho er aktiv på Strava, skil ho mellom loggføring og samanlikning.

– Det er greitt å kartlegge øktene når ein trenar på eit litt høgare nivå, eller om ein trenar mot noko. Det er ikkje sånn at eg går inn på Strava og sjekkar korleis andre trenar eller kor fort dei spring. Det har eg ikkje noka interesse av. Eg har mest interesse av meg sjølv og mine eigne økter, forklarer Skaug.

Les om korleis Therese Johaug bruker treningsklokke under:

Kan skape usikkerheit hos unge

Men er det forskjell på bruk av treningsklokker hos unge og vaksne?

Både ja og nei, meiner Thomas Losnegard, professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på Noregs idrettshøgskole,

– Eg trur usikkerheita er såpass stor enten du er vaksen eller ung, seier han.

En mann med t-skjorte og caps som forklarer noe til en annen med hendene. Har en tavle med tegnigner i bakgrunnen.
SPORTSKLOKKE: Professor Thomas Losnegard trur mange blir for opptatte av tala på armen, og minner om at mykje av det klokka viser må takast med ei klype salt. Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

Professoren forklarer at sportsklokker gir nokre heilt korrekte svar, men også ein god del feil. Ho har som regel rett på tid, avstand og pulsmåling med pulsbelte. Resten er reine estimat basert på berekningar. Jo fleire faktorar som speler inn, desto meir usikre blir tala.

søvnpoeng på treningsklokke
ESTIMAT: Mange treningsklokker gir deg tal på alt frå søvnkvalitet til restitusjon, men tala er ikkje alltid ein fasit. Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Mykje av det som klokkene seier om kor godt restituert du er eller kor godt du har sove, det er ting ein må ta med ei god klype salt, seier han.

Og nettopp evna til å ta tala med ei klype salt er der unge og vaksne skil seg frå kvarandre.

– Det kan vere ekstra sensitivt for barn og unge fordi dei kanskje ikkje har den same kritiske refleksjonen ennå, forklarer Losnegard.

– Menneske er det finaste maskineriet i verda

Eksperten trur at litt for mange blir i overkant opptatt av tala på armen.

– Så langt ein får tal på klokka, kan det opplevast som fasit, men tal på klokka betyr ikkje at ting er rett eller gale.

Losnegard støttar Tandrevolds utspel om at «inga klokke skjønner korleis du har det», og understrekar at teknologien berre bør vere eit supplement til kroppskjensla.

– Menneske er det finaste maskineriet i verda, så ein skal ikkje ta bort den eigenskapen av å vurdere ut frå korleis vi opplever ting.

– Spesielt for barn og unge er det viktig å lære seg å bruke klokka kritisk. Teknologien er noko dei kjem opp i uansett, så det er ikkje noko vits til å få dei til å ikkje bruke det, men ein må bruke det på ein fornuftig måte.

Dei tre råda til professoren for bruk av treningsklokker hos barn og unge:

  1. Det første tipset er å lese seg opp kva ei klokke kan vere bra på og kva ho ikkje er så god på.
  2. Eg ville brukt klokka som eit hjelpemiddel til trening, men ikkje som eit styringsverktøy for trening.
  3. Ver litt nysgjerrig på desse klokkene og litt kritisk til korleis dei fungerer.