En skiskytter tørker seg i øyet med hånden. Hun er kledd i en blå jakke med sponsorlogoer. I bakgrunnen står ski på stativ. Solen skinner på et snødekt landskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GRUET SEG: Ingrid Landmark Tandrevold fortel at ho møtte veggeen då ho fokuserte for mykje på idretten. Foto: Terje Haugnes / NRK

Ho er ein av Noregs mest meritterte skiskyttarar med elleve VM-medaljar i skapet. Men bak ei rekke sterke idrettsprestasjonar har dei siste sesongane bode på krevjande nedturar og ein mental vegg.

I NRK-podkasten Skiklubben opnar 29-åringen no opp om kva som skjer når prestasjonsjaga tar overhand, og idrettsgleda blir borte i jakta på å optimalisere alt.

– Dei siste to åra har eg prøvd å gjere alt heilt rett. Eg har prøvd å optimalisere alle delar av livet mitt for å kunne ta eit steg vidare, fortel Tandrevold.

Men effekten blei nærast stikk motsett.

I staden for betre resultat, opplevde skiskyttarstjerna at ho mista seg sjølv på vegen.

Ingrid Landmark Tandrevold
OPNAR OPP: I podkasten Skiklubben fortel Tandrevold om dei siste to åra. Foto: Skjermdump / NRK

Grudd seg til skirenn

For å passe inn i den ideelle malen til teorien for ein toppidrettsutøvar, skrelte ho vekk andre ting i kvardagen som gav henne energi. Ho kutta ut kreative prosjekt og sosiale avbrekk for å fokusere 100 prosent på idretten.

– Eg er enda ein utøvar som også treng å få energi frå andre område i livet. Det hadde eg berre prøvd å tvinge bort for å passe inn i den malen over kva som er det viktigaste og beste å gjere.

Prisen var høg. Det som før var gøy, blei plutseleg knytt til angst og ubehag.

– Eg begynte å grue meg veldig til å gå skirenn, og det har eg aldri gjort før. Før gledde eg meg og stod på start og var veldig gira, men gjennom sesongen blei eg meir og meir opptatt av å berre komme meg gjennom på ein ok måte. Det er eit veldig dårleg utgangspunkt.Les også Derfor forlot Lægreid sosiale medier: – Ønsker ikke at livet mitt skal bli et produkt

Opnar opp om hjarteproblem

Mellom det mentale presset og dei krevjande resultata, har kroppen også sagt stopp reint fysisk. Etter fleire ubehagelege episodar med hjarterytmeforstyrringar under verdscupen, måtte 29-åringen gjennom eit inngrep der kirurgane førte leidningar via lysken og opp til hjartet for å brenne bort ein ekstra leidningsbane.

– Dei dyttar opp mange leidningar mens du er vaken, og prøver å provosere fram forstyrringa. Dei gav meg mykje adrenalin og gav støyt på hjartet i fleire timar før det til slutt sa «no må de stoppe», fortel ho.

Ingrid Landmark Tandrevold blir godt fulgt opp av støtteapparatet.
Foto: Christian Grotnes/NRK

Inngrepet var ein suksess, og i dag er skiskyttaren opptatt av at folk med hjartebank ikkje må bli skremte bort frå å vere i aktivitet.

– Mange har hjarterytmeforstyrringar som gjer at dei blir redde for å vere i fysisk aktivitet. Det er kanskje det verste ein kan gjere. Dersom det påverkar livskvaliteten, bør du gå til legen. Opplevinga mi er at hjartelegar er utruleg opptatte av at ein faktisk skal bevege seg.

Måtte finne tilbake til «Ingrid-måten»

Vendepunktet kom då ho skjønte at ho var i ferd med å overtenke alt. I idrettspsykologien kallast det ofte «paralyse gjennom analyse» – når du fokuserer så mykje på detaljane i rørsla at automatikken og flyten forsvinn.

– Det er litt som om du skal jogge eller sykle, som er noko du kan. Om du begynner å tenke på korleis du skal flytte beina eller trakke ned på pedalen, då blir det berre ei rar rørsle. Det var litt sånn det kjentest for meg, at eg rett og slett hadde overtenkt det.

For å finne tilbake til gleda tok ho eit bevisst val om å slutte å passe inn i andres oppskrifter. Svaret låg i å akseptere sine eigne behov – enten det handlar om å ta ein pause med reality-innspeling, pusle med urteprosjekt i hagen, eller å gå skirenn på sin eigen måte.

– Det er mykje morosamare å gå renn om ein gjer det på «Ingrid-måten». Det er det beste ein har å by på, trur eg.

Bakrommet - Ingrid Landmark Tandrevold
PODKAST-GJEST: Tandrevold saman med Skiklubben-medlemma Anders Aukland, Silje Nordnes og Sindre Reinholt. Foto: NRK