På Meretes Garden i Valldal på Sunnmøre kjem det turistar frå heile verda for å oppsøke stillheit og ro.
YOGA: Dette tilbodet er eitt av fleire tilbod som turistar oppsøker for å finne sjelero. Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

– Opne sansane, bli merksam på luktene og høyr lydane rundt deg.

Debbie Holder og Shirley Lofts får tydelege yogainstruksar på overnattingsstaden Meretes Garden på Sunnmøre.

Til vanleg bur dei rett nord for London i England, men no har dei reist heile vegen til Valldal på Sunnmøre for å finne sjelero i norsk natur.

– Vi jobbar begge fulltid, og liva våre er veldig travle heime. På ferie er det veldig deilig å gløyme jobb, og her føler eg meg roleg og tilfreds, seier Debbie Holder.

På Meretes Garden i Valldal på Sunnmøre kjem det turistar frå heile verda for å oppsøke stillheit og ro.
Frå venstre: Shirley Lofts og Debbie Holder Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

For dei to venninnene er kontrastane store til kva dei er vand med i heimlandet.

– Det er mykje rolegare og avslappa her enn i London. Ein kjenner at tempoet går saktare og at folk har meir tid her, seier Shirley Lofts.

Auke i turistar som vil ha stillheit

Å reise til Noreg for å få ro og stillheit er dei ikkje åleine om. Ifølgje Innovasjon Noregs reisebarometer for våren 2026 er det ein tydeleg tendens i turismen til Noreg frå utlandet:

Turistar oppsøker Noreg for stillheit og ro.

Aase Marthe Johansen Horrigmo er reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg, og har sett ein auke i europeiske turistar som kjem til Noreg for å få fred.

– Vi har sett over tid at stillheit, fred og ro er noko gjestar vil ha når dei kjem til Noreg. Vi veit jo at drivkrafta gjerne er at dei vil oppleve spektakulær natur i fjordane og fjella våre.

En kvinne som står på en høyde
Reiselivsdirektøren har sett ein auke i turistar som oppsøker Noreg for fred og ro. Foto: Siri-Ann Roska / Innovasjon Norge

– Kva er det som gjer Noreg til eit «roleg reisemål»?

– Eg trur det er ei blanding av fleire ting, men vi har natur der folk vil oppleve stillheit og ro. Men vi har også fått tilbakemelding på at det er lågt støynivå i byane våre fordi vi har mykje elbilar.

Horrigmo legg til at stillheit og ro ikkje nødvendigvis er eintydig med å sitje i ein stol i vekevis.

– Turistane går i fjella eller oppsøker andre aktivitetar, som padling, rafting eller yoga. Dei vil gjerne ha ro, men vil også gjere aktivitetar i tillegg.

Ein travel kvardag

Merete Myklebust har drive Meretes Garden i over ti år, og tek dagleg imot turistar som ønsker eit miljøskifte.

Ho fortel at det kjem turistar frå heile verda til Valldal, og ho har blant anna oppvarta folk frå Mexico, USA og Australia.

– Det er mange som kjem hit frå store byar og verkeleg tar innover seg den reine lufta og den grøne naturen. Eg er overtydd om at det er derfor dei kjem til Noreg.

På Meretes Garden i Valldal på Sunnmøre kjem det turistar frå heile verda for å oppsøke stillheit og ro.
Merete Myklebust tilbyr yogatimar til dei som vil ta ein pust i bakken. Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

For britane er det deilig å slappe av før den travle kvardagen startar opp att.

– Heime er eg mykje meir anspent, medan her er eg totalt avslappa, seier Holder.

– Takk og lov for at ho er meir avslappa her, ler venninna Shirley Lofts.

På Meretes Garden i Valldal på Sunnmøre kjem det turistar frå heile verda for å oppsøke stillheit og ro.
Ein kopp engelsk te må til for å maksimere avslappinga. Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK