– Du ser jo korleis det er inne på rommet her. Det er her ein har sex med partnaren sin. Det er jo ein rimeleg spesiell situasjon. I det andre besøksrommet er det ei glasdør inn og leiketøy på golvet.
Det seier «Thomas», som er med i kontaktutvalet i Sandeid fengsel.
Han ønskjer å vere anonym, og NRK har derfor valt å gi han dette namnet.
NRK møter han i eit av dei to besøksromma på fengselet som dei innsette får bruke under besøk frå venar, foreldre, born eller partnar.
Det 41 år gamle fengselet i Vindafjord kommune, nord i Rogaland, blei opphavleg bygd som ein sivilforsvarsleir. I dag deler dei 88 innsette på to besøksrom.
Ifølgje dei innsette manglar romma skjerming for innsyn, lydisolering og rutinemessig reinhald.
Noko som ifølgje «Thomas» har ført til fleire ubehagelege situasjonar.
– Ein innsett her fekk besøk av dottera på 12 år i det eine rommet, medan ein annan innsett hadde sex med kjærasten sin i naborommet. Noko som sjølvsagt førte til ein konflikt i ettertid. Det er uverdig, avsluttar han.
Ifølgje Thomas har fleire innsette valt å ikkje ta imot besøk frå partnar og familie på grunn av forholda i besøksromma.
I ein formell klage til fengselet, som så langt har fått 18 signaturar frå innsette, står det:
– Me ber om at fengselsleiinga snarast vurderer tiltak for å utbetre forholda. Dette inkluderer skjerming av glasdøra, lydisolering av rom, rutinemessig reinhald og tilgang til toalett og nødvendige hygiene- og intimartiklar.
NRK har spurt fleire fengsel korleis dei organiserer besøksfasilitetane sine:
Sexolog Thore Langfeldt har over ei årrekke hatt det han sjølv beskriv som eit nært samarbeid med fleire fengsel, og er klar over problematikken.
– Her må dei vise humanisme, og vise at det er greitt å ha partnaren på besøk, slik som andre fengsel gjer. Blant anna gjennom intimrom eller leilegheiter som er eigna til samleie. Det veit eg fungerer veldig godt.
– Me tek innspela på alvor
Ifølgje kommunikasjonsdirektør i Kriminalomsorgen, Paal Espen Hambre, er det ikkje ei nasjonal oversikt over kor mange fengsel som har eigna besøksrom eller leilegheiter.
Han legg til:
– Kriminalomsorgen anerkjenner at seksuell helse er ein del av den generelle helsa og kan ha betydning for livskvalitet, relasjonar og rehabilitering.
Dei seinare åra har Kriminalomsorgen blant anna gjennomført eit nasjonalt pilotprosjekt om seksuell helse, støtta av Helsedirektoratet.
Om kritikken seier han:
– Me tek innspel og bekymringar frå innsette på alvor, og slike forhold vurderast fortløpande både lokalt og i den ordinære utviklinga av tenestene til Kriminalomsorgen.
– Fengselet erkjenner manglane
– Haugaland fengsel deler oppfatninga til dei innsette og har over tid vore kjent med at besøksfasilitetane har vore mangelfulle. Særleg gjeld det ivaretakinga av seksuell helse.
Det seier fengselsleiaren i Haugaland fengsel avd. Sandeid og Haugesund, Jan Helge Aske, og seier vidare at dei har vore i dialog med huseigaren, Statsbygg.
– Dette fordi me ønskjer å kunne tilby betre besøksfasilitetar for dei innsette. Blant anna blei det for ei tid sidan bestilt ei ny lydtett dør til det eine besøksrommet frå Statsbygg, i tillegg til lydisolering av ein vegg.
Fengselet legg til at dei ikkje er kjende med at mindreårige har høyrt seksuell aktivitet under besøk, og ønskjer derfor ikkje å kommentere påstanden.
Kontaktutvalet i Sandeid fengsel har også vore i kontakt med Tilsynsrådet for Kriminalomsorgen, som skal besøke fengselet i august for å snakke med dei innsette, blant anna om seksuell helse.