Politiet på Stord har, i samarbeid med spansk politi, pågripe ein mann i 30-åra i Spania.
Mannen, som er norsk statsborgar og busett i Sunnhordland, har vore internasjonalt etterlyst.
Han er sikta for fleire alvorlege straffbare forhold på Stord, mellom anna brannstifting, mishandling i nære relasjonar, valdtekt og narkotikabrotsverk, skriv politiet.
Fleire månader i Spania
– Dette er ei sak vi har prioritert høgt og arbeidd med i over eitt år. Sakene er alvorlege og har kravd omfattande etterforsking, seier politiinspektør Kim Nedrehegg ved Stord politistasjon.
Mannen skal ha opphalde seg i Spania i fleire månader, før han vart arrestert. Pågripinga har ifølge politiet skjedd i løpet av den siste veka.
– Det har vore viktig for oss å bruke ressursar på dette arbeidet og vise at ein ikkje kan rømme landet for å unngå straffeforfølging, seier Nedrehegg.
Jobbar med å få mannen utlevert
– Vi har jobba med spanske myndigheiter over lengre tid for å få til denne pågripinga, seier Nedrehegg.
Politiet vil no arbeide vidare med å få mannen utlevert til Noreg, slik at saka kan etterforskast ferdig og bli straffeforfølgd her.
Men utleveringsprosessen, som går gjennom spanske rettsmyndigheiter, kan ta tid.
– No jobbar vi med å få det formelle på plass, så må norsk politi hente og transportere han til Noreg. Her vil han bli framstilt for varetektsfengsling, seier Nedrehegg.