– Det er vondt å forlate alle eg er glad i.
Irene Mjelde har fått ein dødsdom: Den sjeldne nervesjukdommen ALS.
Ein sjukdom utan kur.
Ho set seg til rette i ein stor, lys sofa i heimen sin i Ålesund.
På fanget har ho ei lita maskin som liknar eit nettbrett.
Det einaste synlege beviset på at ho er sjuk.
Ho kan bevege seg som før, men muskulaturen i tunga har svikta. Ho kan derfor ikkje snakke lengre.
Gjennom talemaskina fortel ho om livet.
Slik det ein gong var. Slik det er. Slik det skal bli. Og om døden.
Dei første symptoma starta for to og eit halvt år sidan. Ho og ektemannen kryssa Finnmarksvidda på ski, frå Alta til Karasjok.
Men noko kjendest annleis. Tunga fungerte ikkje som ho skulle.
Ho ignorerte det og reiste heim att. Ho feira påske med familien sin. Dagane kom og dei gjekk.
Så fekk ho problem med å snakke.
Fordi symptoma kom snikande, skjønte ho ikkje alvoret i starten.
Etter kvart gjekk ho til legar og nevrologar og spesialistar.
Ingen skjønte kva som var gale.
Det tok to år før ho fekk diagnosen. Då hadde ho allereie mista språket.
Sjølv om ho var førebudd, kom det likevel som eit sjokk på Irene og familien.
Det var det verst tenkelege scenarioet. ALS.
Ho og ektemannen har to barn i lag. Fire barnebarn. To svigerbarn.
Dottera Kristine følte ei stor sorg då ho fekk vite om diagnosen. Ho blei fortvila, frustrert, sint og redd.
Redd for alt som skal komme.
Redd for den brutale sjukdommen som skal rive mora vekk frå ho.
Gjennom 37 år med ekteskap har ho og ektemannen Reidar gått gjennom mykje.
Oppturar og nedturar.
Medgang og motgang.
Sjukdom og helse.
Vil dei nå 40 års bryllaupsdag?
Irene har mykje å leve for, og grip tak i dei gode stundene livet byr på.
Den tidlegare forretningskvinna har vore aktiv i lokalt næringsliv.
Ho har jobba som dagleg leiar og hatt styreverv.
Ho lyser opp når ho fortel om livet slik det ein gong var.
Eit liv fylt med mykje energi, jobb og ei aktiv fritid.
No er tempoet rolegare. Likevel har ho aldri hatt dårlegare tid. Ho må rekke alt ho vil før det er for seint.
Familien har alltid vore samansveisa. Dei bur i same nabolag og reiser på ferie saman.
Etter ho blei sjuk blei feriane endå viktigare. Sidan då har dei reist til både Karibia, Roma og Berlin.
Kvar tur kan bli den siste.
Men då ho høyrde om ein ny medisin, håpte ho at denne kunne gi ho meir tid saman med gjengen sin.
Sunnmørsposten har tidlegare intervjua Irene.
Medisinen
I januar starta ein ny studie som forskar på ein heilt ny medisin.
Den heiter ILB, og forskarane trur den kan bremse utviklinga av ALS. Likevel veit dei ikkje dette endå.
Men sjukdommen til Irene hadde komme for langt til at ho fekk lov til å delta.
Eitt av kriteria for å bli med var at det ikkje er gått meir enn to år sidan symptoma starta.
Men ho hugsar tilbake på skituren langs Finnmarksvidda og påskeferien. Då tunga ikkje funka som den skulle. Det var over to år sidan.
Irene gjekk i kjellaren. Ho ville så gjerne teste den nye medisinen.
Ein medisin som ikkje er godkjent i Noreg eller nokon andre land.
Ein medisin som forskarane endå veit lite om eller om han har alvorlege biverknadar.
Eller om han funkar mot ALS i det heile tatt.
Irene fekk ikkje tilgang. Men så kom det eit nytt håp.
Vedtaket
I mars blei det fatta eit einstemmig stortingsvedtak.
Eit vedtak som skulle gi håp til Irene og andre ALS-pasientar.
Politikarane var einige:
Pasientar med dødelege sjukdommar skal få ein sjanse til å søke tilgang til medisinar som det er forska lite på.
Tilgang gjennom ei ordning som ein kallar godkjenningsfritak.
Ei ordning som først og fremst blir brukt for å gi pasientar tilgang til legemiddel som ikkje blir marknadsført i Noreg.
Irene jubla. Kunne ho få ILB viss ho berre søkte om det?
I juni gjekk ho til nevrologen som behandla ho og bad han om å søke.
Samstundes hadde regjeringa sett ned ei ekspertgruppe som skulle greie ut korleis dette skulle gå føre seg.
Innan 1. oktober skal gruppa levere ein rapport til regjeringa. Der skal dei komme med forslag til tiltak. Og eventuelle forslag til endringar i reglane slik dei er i dag.
Og medan pasientane ventar på denne rapporten, skal dei få ein reell sjanse til å søke om tilgang på medisinar som det er lite forska på.
Medisinar som ILB.
Men for å få dette må det bli gitt ei individuell vurdering og det må vere fagleg forsvarleg.
Dagane gjekk, og juni skulle bli juli. Det var ferie.
Ho hadde endå ikkje høyrt frå nevrologen, men ho fortel at han hadde sagt han skulle søke om tilgang til medisinen.
Det trygga ho.
Dei reiste frå Sunnmøre til Afrika.
Ho og ektemannen hadde alltid drøymt om å ta med familien dit. No måtte dei berre gjere det.
Dei bada i Zanzibar og var på safari i Kenya. Dei sola seg og åt god mat og hadde det godt i lag.
Men i bakhovudet låg det alltid ein tanke om medisinen. Når skulle ho høyre frå nevrologen? Ho byrja jo å få det travelt.
Juli skulle bli august, og i slutten av månaden fekk ho eit brev i innboksen.
Nevrologen hadde ikkje søkt.
Kvifor?
Søknaden det ikkje blei noko av
Nevrologen meinte det ikkje var fagleg forsvarleg å søke.
Irene trudde dette skulle vere ei enkel sak.
Men nevrologen peiker på at stortingsvedtaket reiser vanskelege spørsmål når det gjeld bruk av nye og kostbare medisinar som ein ikkje veit effekten av.
I brevet skriv han:
«Dersom slike behandlingar tas i bruk uten tilstrekkelig dokumentasjon, kan det innebære både betydelige kostnader og risiko for pasienter uten at behandlingsgevinsten er dokumentert.»
Irene er villig til å ta risikoen. Det skal mykje til før ho ikkje vil teste medisinen.
Helseføretaket opplyser at nevrologen ikkje vil stille til intervju sjølv, men seier at er gjort klar over påstandane.
I staden svarer fagdirektøren. Han beklagar viss kommunikasjonen har skapt ei forventing om at Irene skulle få medisinen.
Han seier at bruk av legemiddel som ikkje er godkjente må bli vurderte som fagleg forsvarlege, noko dei ikkje gjorde i dette tilfellet.
I tillegg seier han at det er deira ansvar viss medisinen gir alvorlege konsekvensar.
Dei må kunne stå inne for behandlinga dei har gitt.
Avslaga
Irene er ikkje den einaste personen med ALS som ikkje har fått medisinen etter stortingsvedtaket.
Det er det ingen som har fått.
Sjølv om prosessen stoppa for Irene ved helseføretaket, er det nokre som har fått til å søke om tilgang gjennom ordninga med godkjenningsfritak.
Søknaden går via helsepersonell til Direktoratet for medisinske produkt (DMP).
Men dei har avslått alle søknadane.
Overlege Ingrid Aas i DMP svarer i ein e-post. Dei meiner at ILB ikkje er godt nok dokumentert, altså at ein ikkje veit nok om medisinen.
Dei har derfor vurdert at det ikkje er fagleg forsvarleg å gi medisinen utanfor ein klinisk studie eller utanfor spesialisthelsetenesta.
Aas peiker på at stortingsvedtaket ikkje opna for ei regelendring. Derfor har dei komme til same konklusjon som før.
– Vi har ikkje tidlegare innvilga godkjenningsfritak for tilsvarande utprøvande behandling. Derfor ser vi fram til konklusjonen frå ekspertgruppa.
Irene meiner det er meiningslaust at det er risikofylt å gi medisinen utanfor studien.
– Dei har allereie gitt medisinen til dei som er med i studien. Vi er ikkje annleis.
Ingrid Aas meiner at ein kan akseptere større uvisse i rammene av ein studie, og at det er andre krav når ein går utanfor dei kliniske rammene.
Ektemannen til Irene synest dei burde legge vekt på pasienten sitt eige ønske.
– Meiner de at medisinar som framleis er under forsking skal kunne bli gitt til pasientar, når ein ikkje kjenner til om det er alvorlege konsekvensar?
– Ikkje på generelt grunnlag.
Han forstår at det kan ha både juridiske og medisinske konsekvensar å opne for at pasientar får tilgang til medisinar ein veit lite om.
Men han synest dei bør sjå på kvar enkelt pasient.
For Irene følast situasjonen som ei belasting. Ikkje berre for ho sjølv, men også for dei pårørande og samfunnet.
Ho er berre 61 år. Ho kunne framleis ha vore i arbeid.
Familien føler at Irene burde fått medisinen sjølv om dei ikkje kjenner risikoen.
Dottera meiner biverknadene skal vere ganske ille før dei er verre enn alternativet. Ein sakte død.
Studien
I eit gammalt bygg ved Oslo universitetssjukehus jobbar ein nevrolog og forskar med kvit frakk.
Ho heiter Angelina Hatlø Maniaol, og leiar ALS-studien som har vekt det sterke engasjementet.
Ho har forståing for at pasientane vil ha medisinen, og peiker på at det er få behandlingsalternativ mot ALS.
Derfor har dette legemiddelet fått mykje meir merksemd enn ho hadde sett føre seg. Men ho synest det er viktig å få fram at dei framleis har lite kunnskap om det.
Ho meiner det kan gå ut over studien viss pasientane får tilgang til medisinen utanfor dei kliniske rammene.
Ho trur at ALS-pasientar kan ende opp med å ikkje delta i studien viss dei uansett får tilgang.
Dette er fordi at halvparten av deltakarane får eit placebo-preparat.
I verste fall seier ho at dei må stoppe heile studien viss dei manglar deltakarar. Pengane renn ut, og dei får aldri svar på om ILB fungerer mot ALS.
Men for Irene gir ikkje dette meining. Ho kan jo uansett ikkje delta.
Og viss ILB har den effekten ho håpar han har, vil ho gjerne ha tilgang.
– Men kva viss han ikkje funkar i det heile tatt, eller har negative biverknadar?
– Den gir håp, fortel Irene.
Politikken
Det var Framstegspartiet som tok til orde for forslaget som blei fatta tidlegare i vår.
Kristian Eilertsen (Frp) meiner det er viktigare at pasientane får tilgang til medisinar enn at det kan gå ut over ein studie. Han meiner at vedtaket ikkje blei følgt opp.
– Men regjeringa har jo sett ned ei ekspertgruppe, slik vedtaket sa?
– Det er korrekt at eitt av vedtakspunkta var å setje ned ei ekspertgruppe. Men eit anna vedtakspunkt sa noko om kva som skulle skje fram til ekspertgruppa kom med sin konklusjon.
– Stortingsvedtaket opnar jo ikkje for ei lovendring. Var de klar over at dette kunne gi pasientane eit falskt håp?
– Nei, vi meiner ikkje dette gav pasientane falskt håp. Tvert imot bygga forslaget på ei forventing om at praksisen faktisk skulle bli endra.
Han meiner at ein bør ha streng forvalting av legemiddel i Noreg, men at det bør vere rom for at legar kan vurdere pasientane individuelt, i større grad enn dei kan i dag.
Det er Tove Bergh einig i. Ho er styreleiar i Stiftelsen ALS Norge, og har hatt mykje med ALS-pasientar å gjere.
Ho sit også i ekspertgruppa, men ønsker å uttale seg på vegner av rolla som styreleiar.
Ho seier dei støttar forskinga og at dette er den primære vegen å gå. Men dei vil at det skal vere rom for unntak.
Bergh er ei sterk stemme i ALS-miljøet. Ho viser lite forståing for at direktoratet meiner det ikkje er fagleg forsvarleg å gi tilgang utanom studien.
Helseministeren stiller ikkje til intervju. Men konstituert statssekretær Ole Martin Stenberg Slyngstadli (Ap) svarer for departementet.
Han avviser påstandane om at regjeringa ikkje har følgt opp vedtaket, og legg vekt på at ekspertgruppa blei sett ned.
Han presiserer at stortingsvedtaket ikkje opna for automatisk tilgang til medisinen.
Ein skulle ha individuelle vurderingar. Det skulle vere fagleg forsvarleg. Det meiner han at har blitt følgt opp.
Han peiker på rapporten frå ekspertgruppa som kjem i oktober. Først då kan ein vurdere vegen vidare.
Og konklusjonen til ekspertgruppa er Irene spent på.
Tida
Irene har så mykje ho framleis vil gjere.
Ting ho vi sjå. Stader ho vil reise. Skiturane med sola i ansiktet.
I sommar reiste dei drivhuset dei alltid har drøymt om.
Ei påminning om å gjere det ein vil medan ein endå kan.
No drikk dei kaffi her om morgonane.
Irene vil leve til ho blir ei gammal dame.
Men no gjer ho det beste ut av den tida ho har att.
– Eg har bestemt meg for at ALS skal stå for «alltid livsglede saman».