Organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) er til stades på Arendalsuka med eigen stand.
Organisasjonen har markert seg med støtte til Israel. Også i krigen på Gaza.
Natt til tysdag har teltet deira blitt utsett for hærverk. Det er skrive «folkemord» på teltet og davidsstjerna i organisasjonen sin logo er skjært opp.
– Det at dei brukar kniv for å øydelegge davidsstjerna er ein bodskap om at dei ynskjer staten Israel bort, og at dei ynskjer å skremme Israels vener i Noreg bort frå Arendalsuka og skremme dei frå å bruke ytringsfridomen, seier Conrad Myrland, leiar i MIFF.
– Ikkje slik det skal vere
NRK møter han i Arendal sentrum tysdag morgon. Då har han nettopp oppdaga øydeleggingane.
Conrad Myrland seier til NRK at han synest det er synd at slike ting skjer på eit arrangement som skal verne om demokratiet og ytringsfridomen.
– Det er ikkje slik det skal vere i Noreg. I Noreg bør det vere fridom både for Palestinakomiteen, MIFF og alle andre til å ha sine telt og sitt informasjonsarbeid i fred, seier Myrland.
Fekk bot
Sjølv om organisasjonen opplever at teltet blir øydelagt, brukar møte med publikum under Arendalsuka å gå bra.
– Dei aller fleste oppfører seg greitt og forstår at dette er ein stad der det blir lagt til rette for debatt, seier Myrland.
Likevel gjer øydeleggingane at han er uroleg.
– Om nokre timar skal eg ta imot frivillege som skal stå her på stand resten av veka. Kva betyr det dersom nokon brukar tusj og kniv på teltet vårt? Kva blir det neste?
Også i fjor blei teltet utsett for hærverk. Då blei leiar i Palestina-komiteen Lene Kateeb ilagt ei bot på 6000 kroner for hærverk mot MIFF-teltet.
Politiet er informert
Conrad Myrland seier til NRK at han håpar videovervakning frå staden kan gje svar på kven som står bak hærverket.
Ifølgje prosjektleiar for Arendalsuka, Tone Skindlo Taraldsen, er politiet informert om hendinga.
– Hærverk eller skade er heilt uakseptabelt. Vi har eit tett og etablert samarbeid med politiet om tryggleiken under heile arrangementet, skriv ho i ein sms til NRK.