Då duellen mellom Josh Kerr og Jakob Ingebrigtsen ikkje blei noko av under Ultimate Championship i Budapest, fekk friidrettsverda sjå noko uventa.
Etter ein langvarig ordstrid stod erkerivalane plutseleg side om side og prata under avslutningsseremonien og konserten til Armand «Mondo» Duplantis.
No fortel Ingebrigtsen kva dei prata om.
– Nei, laust og fast, seier Ingebrigtsen til NRK.
Han er likevel kryptisk om møtet med sin argaste konkurrent.
– Var det god stemning?
– Det er god stemning når ein står på pallen og tar imot heider og ære, og når ein har vunne ein pokal, seier han.
Ingebrigtsen vann 5000-meteren, medan Kerr vann 1500 meter.
NRK møter mellomdistanseløparen i København i samband med VM i gateløp, der han skal springe 5 km på laurdag.
Rivalen svara
Konkurrenten var meir utfyllande i svaret då han prata med NRK etter seremonien.
– Me snakka berre «drit». Han kom bort til meg og gratulerte meg med prestasjonen min, og sa det var veldig imponerande. Eg fortalde han at han balanserer på ein tynn line med enkelte utsegn, og at han angrar på noko av det han har sagt, smilte Kerr.
Dei to har kasta stikk mot kvarandre lenge. Nordmannen meinte til dømes at Kerr øydelegg sporten ved å droppe EM i år.
Rivalane var begge på startlista til 1500-meteren førre søndag, men Ingebrigtsen valte å droppe han. Kerr hadde ikkje noko imot avgjersla.
– Han sprang ein imponerande 5000 meter, og så tar han imot råd frå teamet sitt for å ivareta karrieren sin på sikt, sa briten før han spøkte:
– Men han «øydelegg» idretten.
Etter det litt uventa møtet, la også Ingebrigtsen ut eit bilde av dei to på Instagram:
Under bildet skreiv han:
«Jakob, du er så morosam og fantastisk i intervjua dine etter løp».
På bildet kommenterte også Duplantis som opptredde då dei snakka saman.
«De skulle hjelpe meg å synge bror, ikkje ha ei djup samtale midt i det» skreiv stavhopparen.
Klar for nytt løp
Ingebrigtsen har slite med skadar det siste året, og har ikkje konkurrert før den siste månaden. Han fortel at det er godt å vere tilbake på startstreken.
– Veldig deileg. Eg hatar å vere på sidelinja. Eg er jo ærleg på kva som driv meg, og kvifor eg gjer dette. Løping og konkurranse har vore ein del av meg i 26 år.
Han fortel at han føler det er noko av han som manglar når han ikkje får konkurrere. No er han på plass i byen der han for to år sidan prøvde å ta verdsrekord på halvmaraton. Den gongen måtte han avbryte forsøket.
– Det var heilt forferdeleg, innrømmer Ingebrigtsen.
Om han kjem til å prøve på det same igjen er han usikker på.
– Eg tenkjer ikkje nødvendigvis så mykje på rekordar og jag, men mest fokus på meg sjølv. Eg vil jo aller helst kome tilbake til det nivået eg hadde før eg blei skada. Og aller helst ha moglegheit til å forbetre meg sjølv. Då er eg jo sjølvsagt i ein posisjon der eg kan springe for verdsrekordar.
Bisarre spådommer på direkten – nå kommer forklaringen