En mann sitter på et utvendig trapperekkverk foran et moderne hus i tre. Huset har et bratt tak og store vinduer. Mannen har på seg en mørk jakke, skjerf og jeans. Solen skinner fra en klar blå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Jan Huse blei lokka av ekstremt billeg tomt på Store Kalvøy i Haram kommune. No tør han ikkje selje det andre huset sitt i Ålesund. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På ei idyllisk øy 20 minutts båttur unna Ålesund ligg Store Kalvøy.

Eit uoppdaga paradis, tenkte Jan Huse og kona Ragnhild. Dei følte dei gjorde eit kupp då dei kjøpte byggeklar hustomt ved sjøkanten til 25.000 kroner. Dei kom dessutan til å bruke kortare tid til jobb i Ålesund, sidan dei slapp å stå i trafikkork.

Om få dagar står den spesielle einebustaden ferdig.

Men no tør dei ikkje flytte dit permanent.

– Vi har nok vore naive, seier Jan Huse (60).

Kravet frå kommunen var at dei måtte bygge hus, ikkje fritidsbustad. Paret har brukt 6 millionar kroner på huset, i tillegg til fire år med eigeninnsats.

Kuttar i båttilbodet

Bebuarane er avhengige av hurtigbåt for å kome seg til og frå øya. No har politikarane vedteke å redusere tilbodet for å spare pengar, slik det er gjort fleire andre stader i landet.

Planen er å sette inn ein mindre hurtigbåt som berre tar 47 passasjerar. Det betyr at allereie på første stoppestad kan båten vere full av skuleungdomar og andre pendlarar, slik at dei frå Store Kalvøy ikkje kjem med. I tillegg skal ikkje båten gå etter klokka 16.15 eller i helgene.

Ekteparet Huse eig ein kafe i Ålesund, der Ragnhild ( 53) er dagleg leiar, medan Jan jobbar på arkitektkontor. No blir det umogleg å pendle frå det dei trudde var paradiset sitt. Dei kan heller ikkje få dagsbesøk i helgene.

– Vi fekk sjokk. Vi forventa jo at då vi kjøpte kommunale hustomter var det ordna veg ut og at du kan komme deg til og frå jobb, seier Jan Huse.

Dei har kjøpt eigen båt, men den kan ikkje gå i all slags ver, slik som hurtigbåten kan.

Også barna til Huse har kjøpt ei tomt på øya.

Leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Hans Olav Myklebust, seier at forslaget frå administrasjonen var å legge ned båtruta heilt. Det var mange avgangar med få eller ingen passasjerar, og dermed store utslepp.

Politikarane berga ruta, men kutta i avgangar.

– Vi ville prioritere arbeids og skulereiser, seier Myklebust.

Ruta er no ute på anbod, så korleis det faktisk blir, veit ein ikkje før tilboda kjem inn.

en mann i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hans Olav Myklebust er leiar i samferdselsutvalet og seier at det var viktig for politikarane å oppretthalde hurtigbåtsambandet. Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fryktar fråflytting

Ekteparet Huse er ikkje dei einaste i knipe. For tre år sidan bygde Karl Johan og Liv Hov Skårbrevik seg også hus på øya. Dei har seld einebustaden i Ålesund, og pendlar til byen på jobb. Dei synest det er trist at båttilbodet dei stolte på, blir redusert.

– Vi hadde ein draum om å finne ein stad nær sjøen, ut mot havet, der vi kunne nyte fridommen og invitere folk inn i eit avslappa og roleg miljø, seier Karl Johan.

Dei sjølve vil ikkje bu der utan å kunne ha besøk av barn og barnebarn i helgene.

Det er 12 fastbuande på øya. No fryktar dei at det vesle samfunnet blir fråflytta.

Haramsnytt har også omtalt saka.

– Kommunen har ikkje ansvaret

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter ( Sp), seier at ruteendringan er ei katastrofe for Store Kalvøy og at kutta fylkestinget gjer er ubegripeleg. Han avviser at kommunen har eit ansvar sidan dei har lagt ut kommunale tomter.

– Det er ikkje slik at kommunane i reguleringa av eit byggefelt tar omsyn til om det er eit kollektivtilbod eller ikkje, seier Krogsæter.

Vebjørn Krogsæter fra Senterpartiet, ordfører i Haram
Ordførar Vebjørn Krogsæter, seier at reguleringsplanen på Store Kalvøy vart vedteke for mange år sidan. At kommunen tilbyr bustadtomter er uavhengig av båttilbodet som finst. Foto: Remi Sagen / NRK

To einebustader

Jan Huse forstår at fylkeskommunen må spare pengar, men meiner det er feil å la det gå utover båttilbodet til innbyggjarane på Store Kalvøy.

For han og kona betyr rutekuttet at dei blir sittande med to einebustader. Dei tør rett og slett ikkje kvitte seg med huset i Ålesund, slik planen var.

– Vi må ta tida til hjelp og finne ut kva vi skal gjere, seier Huse.

Mann med briller og skjerf utenfor et moderne hus. Huset er en arkitekttegnet trekonstruksjon med store vindusflater. Mannen ser mot kamera og har armene i kors. Bakgrunnen består av trær og en blå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Jan Huse meinte han gjorde eit kupp då han fekk hustomt med opparbeid veg, vatn, kloakk og straum til 25.000 kroner. Foto: Øyvind Sandnes / NRK