Pulsen slår. Ho må stå heilt i ro.
Siktet flyttar seg for kvart pust.
Tankar som «ikkje bom no» kan øydelegge alt.
Skyttar Jeanette Hegg Duestad har stått i slike situasjonar mange gonger.
– Kropp og hovud vil gjerne to forskjellige ting. Ein vil gjerne vere der, men samstundes vil kroppen berre flykte frå heile situasjonen. Det er brutalt å stå i det, fortel Duestad.
NRK møter skyttarstjerna på Kløfta, der ho bur og trenar.
I fjor haust blei ho verdsmeister i rifleøvinga 50 meter heilmatch i Egypt.
– VM-gullet i fjor var kjempestort. Det er høgdepunktet i karrieren min, seier Duestad, som då hadde eitt VM-gull frå før.
Ho har halde fram den gode forma etter meisterskapet. Etter å ha gått til topps i verdscupen i Tyskland i mai, følgde ho nyleg opp med ein tredjeplass i Kina.
Neste stopp for 27-åringen er Lesja og landsskyttarstemnet. Der håpar ho å kjempe om ein plass på kongelaget.
– Eg har hatt tre slike draumar. VM-gull. Ein OL-medalje er sjølvsagt ein draum. Og det å bli skyttardronning på Landsskyttarstemnet.
Sjå kvalifisering til Kongelaget tysdag frå klokka 14.15 på NRK 1 eller i NRK TV:
Må vere førebudd på alt
Men toppresultata kjem ikkje av seg sjølv. For å takle presset på standplass, må ho vere førebudd på alt.
– For min del handlar det om å ha nok strategiar til å handtere utfordringane. Vere trygg nok på at eg har løysingar til dei ulike «ubehaga», både teknisk, fysisk og mentalt.
Ho fortel at det handlar om å vere «robust nok». At ho skal takle alle situasjonar ho kan hamne i.
Det har ho mellom anna fått ved å stå i konkurransesituasjonar mange gonger.
I 2024 glapp OL-medaljen og hennar tredje olympiske fjerdeplass var eit faktum. Ho innrømma då at det var tungt. Men kanskje var det med på å byggje den robustheita ho i dag er heilt avhengig av?
– Det gjer ingenting
Ho fortel at ho har ein stressmeistringsplan og ein strategi som ho fleire gonger fell tilbake på.
Den handlar om å setje ting i perspektiv.
– Eg tenkjer: Dette er veldig viktig for meg. Eg har lagt ned masse trening i det, og det er stort for meg å stå her og få det til, seier Duestad og legg til:
– Men det gjer ingenting om det ikkje går.
– Eg har framleis ein familie som er glad i meg. Eg har hestane mine som står heime, som eg alltid kan kome tilbake til utan å trenge å forklare noko som helst, om det går dårleg eller bra, legg ho til.
Meiner fleire kan dra nytte av det
Anne Marte Pensgaard er professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskule og Olympiatoppen. Ho rosar måten Duestad tenkjer på.
– Det å anerkjenne at noko er viktig for deg og samstundes setje det i perspektiv, er ein klok måte å handtere stress på. Då respekterer du både at du brukar mykje tid på nettopp dette, men unngår å gjere det så viktig at du blir redd for å ikkje lukkast, seier Pensgaard.
Ho meiner fleire kan dra nytte av teknikken Duestad brukar.
– Dei fleste ting som me blir nervøse for er «tenkte» farar, det vil seie: me er i sjeldan livsfare. Det kan mellom anna vere jobbintervju, eksamen og presentasjonar. Ved å «zoome» litt ut og setje det i eit større perspektiv så blir me litt mindre redde og klarer å ha fokus på det me faktisk skal gjere. Då går det ofte betre!
Les idrettspsykologen sine tips:
Slepp presset i stallen
For Duestad handlar mentaltrening om meir enn berre pusteteknikkar. For å klare å setje idretten i perspektiv, har ho ein heilt spesiell fristad.
Ho har nemleg to eigne hestar som ho er med kvar dag. Ho meiner dei har vore viktige i skyte-satsinga.
– Hestane er kjempeviktige for meg. Eg er heilt sikker på at eg ikkje hadde vore ein så god skyttar som eg er viss eg ikkje hadde hatt dei.
Ho meiner dei spelte ei stor rolle då ho var med i OL for to år sidan.
– Eg tenkte masse på dei då eg var med i OL.
Skyttaren deltek så ofte ho kan på stemne. Det gjer ho som regel om ho har ei helg fri frå skytekonkurransar.
Ho har også, ved fleire høve, fortalt at ho skal satse på hestane når ho legg våpenet på hylla. Men det blir ikkje før om nokre år. Ho vil delta i minst eit OL til.