En mann sitter i en sofa omgitt av innrammede illustrasjoner av kongefamilien. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Jeremie Biteso har teikna 13 portrett av den norske kongefamilien og gitt det som gåve til den norske ambassaden i Kinshasa. Foto: Den norske ambassaden i Kinshasa / NRK

Noregs ambassadør til Kinshasa hadde fått melding frå ein ung kongolesisk mann som gjerne ville komme til ambassaden i Kinshasa for å gje ei teikning av kong Harald.

– Å seie at eg vart overraska er ei underdriving, seier Bjørn Klouman Bekken.

For Jeremie Biteso troppa opp med det som til slutt vart 13 innramma portrett av den utvida norske kongefamilien.

Både kong Harald og søstera prinsesse Astrid, foreldra deira kong Olav og kronprinsesse Märtha, i tillegg til dronning Sonja, kronprins Haakon, prinsesse Märtha Louise og Marius Borg Høiby er alle avbilda.

Jeremie finn bilete på nettet, teiknar ei skisse og fargelegg med kulepenn. Gåvene har han altså levert til den norske ambassaden i Kongo.

To menn holder innrammede portretter av kongeparet og andre, tegnet i blått. Flere bilder står på gulv. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ambassadør Bjørn Klouman Bekken vart overraska då han såg kva teikningar Jeremie Biteso kom med til ambassaden. Foto: Den norske ambassaden i Kinshasa / NRK

Vikingar og fotballfeiring

Kongolesaren fortel at fascinasjonen for Noreg starta tidleg, då han var fem-seks år gammal.

– Då far min kom heim frå jobb tok han av og til med seg CD-ar og videoar der dei snakka om vikingane, fortel Jeremie som NRK snakkar med på linje frå Kinshasa.

Gjennom oppveksten har han halde eit auge med Noreg - eit land han aldri har besøkt.

Då Noreg slo Brasil i fotball-VM og det norske laget feira med å ro og slå på tromme fekk Jeremie ei sterk kjensle av at dette var noko viking-aktig.

– Då Noreg vann og eg såg feiringa, vart eg heilt slått ut. Eg elskar dei vikingrops! Det var det som verkeleg fekk meg til å vilje lage desse portretta, seier han.

Han sette i gang med å teikne. Så kom beskjeden om at kong Harald var død.

Ødegaard
Den norske feiringa under fotball-VM gjekk verda rundt. Foto: Vegard Grøtt / NFF

Tilhengjar av kong Harald

Etter nyheita om kongens død fekk den unge kongolesaren ekstra fart på seg, og Jeremie utvida teikneprosjektet til å gjelde heile kongefamilien.

– Eg har følgt kongens historie litt. Han var ein jordnær og sjenerøs mann i møte med andre folk. Ein veldig snill konge som eg likte veldig godt, fortel den unge kunstnaren.

Ambassadør Klouman Bekken har førebels ingen konkret plan for kva som skal skje med biletserien, men vurderer å gje beskjed til Det kongelege hoff i det minste.

Bekken synest også den vesle historia fortel ei større forteljing om Kongo.

– Kongo i desse dagar er jo mest kjent for krig, ebola, humanitære kriser og mykje negativt. Men om ein går nokre tiår tilbake i tid, så var særleg Kinshasa kjent som Afrikas kulturelle hovudstad. Ein elegant og kosmopolitisk by som var særleg kjent for å vere musikk- og kulturby. Og noko av dette lever vidare i dag.

Han seier at han difor ikkje er så overraska over det høge nivået på teikninga.

Ein ung mann held opp to innramma portrett av Kong Haakon og Dronning Mette-Marit.
Jeremie Biteso seier han laga portretta ved å finne bilete på nett, skisse med blyant, og deretter fargelegge med kulepenn. Foto: Den norske ambassaden i Kinshasa / Utanriksdepartementet

Drøymer om utstilling på Slottet

Jeremie er utdanna innan internasjonal økonomi, men er for tida arbeidssøkjande. Det har gjeve han ekstra god tid til å sitje fordjupa med kulepennen.

Ambassadøren meiner Jeremie er eit døme på mange tusen unge afrikanarar som stadig viser at dei har talent, sjølv om dei slit med å få seg jobb.

No står bileta på ambassaden i Kinshasa, men Jeremie har eit lite håp om kva som skal skje med dei vidare.

– Eg håpar at portretta kan bli sendt til Noreg og stilt ut på Det kongelege slott, seier den kongolesiske Noregs-vennen.

Om du er interessert i meir frå Urix: