Det er tidleg om morgonen den 5. september 2026.
Joachim skal til å knyte på seg rulleskøytene då ein sommarfugl landar på sokken hans.
Han tar opp mobilen og filmar det vesle insektet som tørkar vingane i morgonsola.
Det skal bli den aller siste videoen han nokon gong tar.
– Kvar gong eg ser den videoen begynner eg å gråte, seier faren hans, Mark Lanham, til NRK.
– Den vesle sommarfuglen seier noko om Joachim. Han var ei fri sjel. Vi hadde han i ei kort tid. Sommarfuglar har diverre korte liv.
For snill til å spele hockey
Historia til Joachim er så spesiell at den har fanga merksemda til både New York Times, People Magazine og Daily Mail.
Men den startar ein heilt annan stad enn i Kansas.
Først skøyta han nemleg på is. Lanham var ishockeyspelar.
Han likte kjensla av å vere på isen, men ikkje sporten.
– Han kunne vore ein god hockeyspelar, men han nekta å bruke kroppen fordi han var redd for å skade folk, fortel far hans.
Då blei det rulleskøyter.
Han fann dei tilfeldigvis i kjellaren. Dei hadde vore faren sine. Med dei fann han igjen den same kjensla, utan å trenge å konkurrere.
Men han fortalde ikkje om den nye hobbyen. Ikkje før han meistra den.
– Han var alltid full av hemmelegheiter. Plutseleg ein dag fortalde han i forbifarten at han hadde gått til Oslo frå Sandvika på skøytene, fortel broren hans, Michael Lanham, til NRK.
Og derfrå skulle skøytene ta Joachim over heile verda.
Bar livet på ryggen
Med skøyter på beina og alt han trong på ryggen, reiste Joachim ut på turar ingen andre hadde gjort før han.
Frå Nordkapp til Lindesnes, gjennom Australia og på tvers av Europa. Alltid på åtte hjul med stor sekk.
Første gong NRK skreiv om Joachim skulle han rekke skulestart i Bodø. Han skøyta seg ned frå Nordkapp til Nord universitet.
Sommaren før hadde han kryssa Danmark på skøyter to gonger, som eit slags sommarferieprosjekt.
Året etter fullførte han Noreg på langs, før han prøvde seg i Europa. Han rulla frå Oslo til Wien, totalt 2700 kilometer.
Deretter flytta han til Australia. Sydney til Perth var neste distanse på lista.
Øydelagde rulleskøyter og strenge lovar førte til at han måtte krysse Nullarbor-sletta på ein brukt sykkel som kosta han 200 kroner.
Likevel la han bak seg over 100 kilometer kvar dag. Nokre dagar 160 kilometer. I alt reiste han 5586 kilometer.
Reisa i USA hadde han sjølv kalla prosjekt fridom. På 22 dagar gjekk han 2707 kilometer og kom nesten halvvegs.
Eventyrlyst i slekta
Eventyrlysta var tydelegvis ein del av han.
– Kvar time tenkjer eg at eg kunne ha vore heime og ikkje gjort noko, men samstundes vert denne reisa ei forteljing eg kan fortelje når eg vert gamal og bestefar, fortalde Joachim då han var på veg frå Nordkapp til Bodø i 2021.
Det var kanskje ikkje tilfeldig. Eventyr låg nemleg i genane hans.
– Han fekk det frå meg. Då eg var 18 år drog eg til Sør-Afrika. Eg reiste rundt med sykkel og tog, seier faren hans, Mark.
– Og min far var også ein eventyrar og fortalde om alle sine eventyr til meg.
Men der faren brukte sykkel, valde Joachim eit enno meir krevjande framkomstmiddel.
Og Joachim er ikkje åleine om å ha ei trong til å utfordre eigne grenser og dra på eventyr.
Mange søker meir spenning
Ifølgje forskinga til idrettspsykolog Gunnar Breivik har om lag 10 prosent av befolkninga eit slikt behov for spenning. Dei er også ofte meir positive og opplever mindre frykt.
– Frå naturen sin side, som ein art, er vi spreitt ut over eit stort spekter. Nokon har alltid vore meir spenningssøkande.
Det seier eventyrar og polfarar Aleksander Gamme.
Han har fleire gonger tatt med seg ungdommar på ekspedisjonar til mellom anna Nordpolen eller Mount-Everest.
Samstundes seier han det verkar som om færre unge tar ukonvensjonelle val og gjer ting som ikkje er forventa av dei, enn då han begynte som eventyrar.
Difor meiner han Joachim og andre som han speler ei viktig rolle i samfunnet.
– Folk som går føre og fortel historiene sine gjer oss alle litt meir ekte, litt modigare og får oss til å bruke den korte tida vi har på jorda til det vi vil.
– Gjorde det han elska
I den første saka NRK skreiv om Joachim, sa regionleiar for Nordland i Trygg Trafikk at å skøyte i trafikken var eit farleg prosjekt.
– Det han gjorde i Nord-Norge verka farleg. Det var så dårlege vegar. Men sjølv syntest han det var meir utfordrande i Europa. Trafikken var mykje mindre føreseieleg, fortel broren, Michael.
– Tenker de no at de burde ha stoppa han, sidan det var så farleg?
– Joachim ville drive med dette. Han visste om farane rundt det. Vi hadde ikkje noko vi skulle ha sagt, seier broren.
Han forklarar at i Joachims hovud var ikkje bilane farlege, dei var berre ein risiko. Det var ikkje noko han kunne gjere med dei.
Joachim blei etter kvart ei kjelde til inspirasjon der han skøyta rundt.
Bad han dele eventyra
Det fall ikkje Joachim naturleg å gjere seg sjølv berømt. Meininga for han var å vere til stades i augneblinken.
Men etter kvart begynte han å legge ut bilde og video. Folk frå heile verda følgde ivrig med. Slik kom han òg i kontakt med fleire som elska rulleskøyter.
– Joachim ante ikkje at folk brydde seg om det han dreiv med. Han ville ha vore heilt overvelda over at folk var så glad for at han fanst, seier bror Michael.
Påkøyrd bakfrå
Historia om Joachim Andrew Lanham enda i USA.
5. september blei han påkøyrd utanfor den vesle byen Salina i den amerikanske delstaten Kansas.
Kort tid seinare blei han funne i grøfta av ei person frå naudetatane som tilfeldigvis passerte, fekk førstehjelp og blei frakta til sjukehus.
Føraren av bilen var ei kvinne i 80-åra.
Ho returnerte til ulykkesstaden og tok kontakt med politiet der. Ho forklarte at ho trudde ho hadde treft noko, og snudde for å undersøke området utan å sjå noko.
Deretter hadde ho dratt heim.
– Han hadde to sekund med uflaks, men alt anna, både før og etter, var han veldig heldig med, seier Michael.
Broren vil særleg takke amerikanske naudetatar og sjukehus for kor raskt og riktig dei reagerte etterpå.
Prata saman like før han døydde
40 minutt før Joachim blei påkøyrd ringde han faren sin. Det var uvanleg.
– Det var spesielt at vi fekk den stunda så kort tid før ulykka. Han er ikkje ein gut som ringer kvar dag, fortel far hans.
– Vi hadde ein lang samtale då. Han snakka om at han elska livet på vegen.
Han var til stades i augneblinken. Elska livet han hadde valt og kor det førte han.
Men det var også den siste samtalen dei hadde. Fem kilometer seinare skjedde ulykka.
Då familien fekk nyheita blei det eit kappløp med tida om å kome seg til Kansas.
Joachim låg i koma, og sjukepleiarar og legar meinte han måtte ha nokon ved han som kunne prate med han på norsk.
Difor sende dei storebror Michael i førevegen. Han rakk fram før veslebror døydde, og haldt han i handa då han trakk sitt siste pust seks dagar etter ulykka.
– Eg trur han var glad for selskapet, og lei seg for at han ikkje greidde å halde ut lenger, seier Michael.
Då resten av familien kom fram, drog dei til staden der Joachim hadde sat opp teltet for siste gong. Så køyrde dei langs vegen til ulykkesstaden.
Slik gjenskapte dei hans siste dag.
Familien meiner han vil bli hugsa som ein uredd eventyrar som følgde draumane sine, heilt til det siste.
– Han var ei fri sjel, fortel far hans.
– Han elska dei opne vegane. Og han elska å vere ute i naturen, som nordmenn flest, berre på sin eigen måte.