Kvinne ser i kamera
JORDMORMANGEL: Fører til mindre kompetanse på barselavdelingane. Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ingrid Grønvigh får framleis klump i halsen når ho fortel korleis ho hadde det da ho fødde sitt første barn for to år sidan. Då gjekk ikkje amminga slik ho hadde håpa.

Kvinne tar bldotrykket
Ingrid Grønvigh skal føde om to veker og tar blodtrykket. Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Eg trudde jo at eg hadde lese meg godt nok opp på førehand. Det hadde eg ikkje i det heile.

Ho fekk beskjed om å sjekke nettsida ammehjelpen.no, der det var informasjon og videoar.

– Som førstegongsmor kjenner du at du ikkje klarer å gi barnet ditt mat. Det er veldig sårt. Eg hadde ikkje lyst til å fortelje om det til næraste familie og venner. Ein kjenner nesten litt skam rundt det.

Ammeråd: – Bruk videoar på nett

Organisasjonen Ammehjelpen blei kontakta heile 40 000 gonger i fjor med spørsmål frå og om usikre mødrer med sår og smerter i brysta.

Kvinne med briller og oppsatt hår titter rett inn i kameraet.
Redaktør i ammehjelpen.no, Camilla Krogli Hansen, seier kvinner får beskjed om å lære seg amming på nett. Foto: Håkon Sparre / NMBU

Redaktør Camilla Krogli Hansen meiner samfunnet manglar «landsbyen» rundt dei nybakte mødrene, og at barselomsorga manglar både folk, tid og kompetanse.

– Dei er usikre på om babyen får nok mjølk, og korleis dei veit det. Dei har kanskje sår og smerter som dei ikkje heilt finn ut av.

Fleire har fått beskjed om å leite etter hjelp på videoar på nett, sider ho.

Pernille Schjønsby som er direktør ved kvinneklinikken ved Ahus seier video er ein god måte å lære på.

– Eg tenker at det er sånn ein finn informasjon elles i samfunnet i dag. Og det må jo vere heilt akseptabelt. Men så må ein klare å plukke ut dei som kanskje treng noko ekstra.

Mangel over heile landet

Jordmormangelen i heile landet fører til at barselavdelingane har utfordringar med å få tak i kvalifiserte folk, seier Schjønsby ved Ahus.

Kvinne med mørkt hår og rød genser kikker i kamera
Pernille Schjønsby som er direktør ved kvinneklinikken ved Ahus seier dei jobbar for å gi sjukepleiarar barselkompetanse. Foto: Ahus / NRK

Ho seier dei treng jordmødrene på fødeavdelingane og at det fører til langt færre jordmødrer på barselavdelingane.

– Vi jobbar mykje med å forbetre oppfølginga på barsel. Vi er nøydde til å bruke sjukepleiarar på barsel nå, fordi vi ikkje har nok jordmødrer. Det er ikkje nok jordmødrer i landet.

voksen hånd og baby hånd
Dei fleste jordmødrene jobbar på fødeavdelingane, og da er det ikkje så mange igjen til barselkvinnene. Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Dei største barselavdelingane i landet ligg på Austlandet. Alle har problem med å skaffe nok kompetanse på barselavdelingane.

I fjor blei det oppretta eit eige studium for sjukepleiarar som ønskjer å lære seg barselomsorg.

Schjønsby seier fleire sjukehus på Austlandet ønskjer samarbeide om å lære opp fleire sjukepleiarar.

To kvinner snakker sammen
Ingrid og jordmor Maria snakkar om kva som ventar Ingrid framover. Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ingrid skal til kontroll og møter jordmor Maria Jose Entrala Ruiz som er spansk og jobbar ved Holmlia helsestasjon.

Ruiz har sjølv jobba på sjukehus i mange år, men kjensla av aldri å strekke til gjorde at ho slutta og begynte på helsestasjon i staden.

– Det er den beste gåva vi kan få å ta imot eit barn og hjelpe nybakte mødrer. Men eg kjente eit for stort press og så mykje ansvar at eg valde å slutte på sjukehuset og starte på helsestasjonen i staden, der vi har rolegare dagar.

Manglar omsorg

Norske kvinner ligg i snitt berre 2,6 dagar på sjukehus etter fødsel – kortare enn i nesten alle andre europeiske land.

Ei undersøking frå Helsedirektoratet viser at mange vel å reise tidleg heim, fordi det er for travelt på avdelingane.

Kvinne med kaffekopp i gul stol
Kari Løvendahl Mogstad er allmennspesialist og er bekymra for mangel på tid og omsorg i barselomsorga. Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

Allmennspesialist Kari Løvendahl Mogstad har jobba med nasjonale retningslinjer for barselomsorg i Norsk foreining for allmennmedisin i over 20 år.

Ho er bekymra for utviklinga:

– Tid og omsorg er to omgrep vi har mista. Effektiviseringa i sjukehus og kommunar går nå på kostnad av kvinner og barn.

Ho reagerer på at kvinner får beskjed om å bruke video til ammehjelp.

– Det er skammeleg at nokon opplever at dei får dei beskjedane. Vi skiltar med at vi skal ha ammevennlege helsestasjonar og mor- og barn-vennlege sjukehus. Men vi ser dessverre ein del motsett, der folk blir kasta heim tidleg utan å ha fått hjelpa dei treng.

Om to veker blir Ingrid på nytt mamma. Førre gong var det ei lyttande helsesykepleier som fekk amminga til å fungere for Ingrid og den vesle.

Kvinne tar på magen
Den vesle jenta i magen kjem om to veker om alt går som planlagt. Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Plutseleg møtte eg ei som såg meg og var trøystande: «Ja, men Ingrid, her er planen. Dette skal vi gjere, og så prøver vi det»