Ras midtun
EVAKUERAST: Fire bustader vart evakuert søndag etter jorda raste nedover bakken i Bergen. Foto: Hannah Hægeland Blom / NRK

Det har gått fleire jordras i Bergen etter mykje regn søndag.

Nødetatane har rykka ut til fleire adresser der jordmassar har gått nær eller heilt inntil bustader.

Raset er anslått til å vere rundt tre gonger sju meter stort, opplyser politiet.

Totalt fire bustader vart evakuert etter hendinga:

– Det vil gjerast vurderingar på om det er potensial for ytterlegare og meir omfattande ras, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.

Fire hus vart evakuerte

Søndag blei brått dramatisk for Anders Laukeland i Bergen.

Utanfor huset hans har eit jordras gått frå terrassen og lagt seg mellom to hus nedanfor.

Ras Bergen
Anders Laukeland stelte i stand til sonens bursdag, då han brått vart evakuert. Foto: Hannah Hægeland Blom / NRK

Rasmassen kviler delvis mot ein av einebustadene.

Laukeland i full gang med å forberede feiringa av sonens femårsdag då politiet fekk dei ut av huset.

– Vi fekk beskjed om at det var eit jordras som hadde gått rett nedanfor huset og ned på naboen si tomt, så vi fekk eigentleg berre beskjed om at vi måtte evakuere.

Fleire er evakuert etter raset i Bergen. Anders Laukeland
Fleire er evakuert etter raset i Bergen. Anders Laukeland

Dei vart evakuerte i påvente av ei vurdering frå geolog:

– Det er i tilfelle det skal rase vidare opp, slik at grunnen opp mot huset går. Det viktigaste er at dei rette folka gjer vurderingar. Vi går ikkje inn dersom det ikkje er trygt.

Familien prøver no å finne ein alternativ stad å arrangere bursdagsselskapet.

– Det er dumt, men det viktigaste er at det går bra med alle. No er folk ute av husa, og det ser ut til at det ikkje kjem til å eskalere noko ytterlegare.

– Heilt enorme naturkrefter

Mor og dotter Elise og Alma Englund bur i nabolaget og hadde nettopp komme heim frå ferie på Kypros då dei vart møtte av raset.

– Det er ganske dramatisk. Det er heilt enorme naturkrefter i dette, seier Elise Englund.

Dottera Alma leiker ofte med barna i huset øvst i rasområdet.

Ras Midtun
Elise Englund og dotteren Alma bur i nabolaget. Foto: Hannah Hægeland Blom / NRK

Fleire ras i Vestland

Det er melder om fleire ras på Vestland etter store mender regn søndag.

På Mjøleråsen i Bergen gjekk det eit mindre jordras på nedsida av eit hus søndag formiddag.

Også i Alver gjekk det et 40 meter bredt jordras over ein veg i morgontimane

NVE har sende ut gult farevarsel for jord- og flaumskredfare i Vestland.

Statsmeteorolog Ingrid Opheim Bækkelund bekreftar til NRK ar det er den våtaste nedbørsdagen så langt i år.

Vann oversvømmelse Bergen
Fotballbanen i Trellevik i Bergen er oversumt. På banen leikar folk med SUP i staden for ball. Foto: FK Bergen Nord / FK Bergen Nord / Facebook

Meteorologisk institutt har ute gult farevarsel for 50 til 80 millimeter nedbør.

Frå midnatt og fram til søndag formiddag har målestasjonen på Florida registrert 57,1 millimeter nedbør.

Jordskredvakt i NVE, Heide Anette Grønsten, fortel til NRK at bustadområde er meir utsette for ras når det kjem mykje nedbør.

– Det er ikkje naturlege område, men meir tettpakka jord i bustadområde. Det gjer områda meir utsette for regn og menneskeleg påverknad. Det gjeld særleg langs vegskjeringar og skråningar der det er bygd bustader, seier Grønsten.

Vannmasane er enorme i fleire deler av Vestland søndag. Åge Algerøy / NRK
Vannmasane er enorme i fleire deler av Vestland søndag. Åge Algerøy / NRK

Geolog undersøker på staden

Det har vore ein hektisk dag for Maurits Dokkedal Venaas. Han er rådgivar i Bymiljøetaten i Bergen.

– Vi har vore ute på ein del overvatnshendingar, og så eit par jordras, sier han.

Dei held frem beredskapen gjennom helga:

– Kommunen har eigne menneske og eigne folk i beredskap. Og så har vi entreprenørar som er klare til å rykke ut dersom det skulle skje noko, sier han.

Ras kommune
Maurits Dokkedal Venaas i Bymiljøetaten i Bergen har hatt ein våt og hektisk dag på jobb. Foto: Sigurd Hamre / NRK

På Midttun i Bergen var Spesialgruppa for søk og redning frå Bergen brannvesen var på rasområdet for å undersøke forholda.

Det vert nytta drone for å sjekke rasstaden.

Ein geolog er på no staden og gjer vurderingar om når bebuarane kan flytte inn, bekreftar innsatsleiar Tone Breivik til NRK.

– Ein geolog har vore der og gjort ei innleiande vurdering. Ho har kome med nokre tilrådingar, seier Breivik.

Innsatsleder Tone Breivik
Innsatsleiar Tone Breivik fortel at nokre av dei evakuerte no får flytte inn igjen. Foto: NRK

– Tilrådinga frå geologen i dag er at éi av bueiningane blir verande evakuert fram til i morgon. Då ønskjer ein geoteknikar på staden for å gjere ei ny vurdering, seier innsatsleiaren.

Slik er det no bestemt at Anders får flytte inn att, og barnebursdagen går som planlagt.

– Det løste deg veldig bra. Nå kan 5-åringen likevel ha feiringa heime, jublar Anders Laukeland til NRK.