Josh Kerr og Jakob Ingebrigtsen
SUPERDUELL? Får folk sjå ein superduell mellom Josh Kerr og Jakob Ingebrigtsen? Foto: Aleksandra Szmigiel / REUTERS,NTB

– For å vere heilt ærleg, eg bryr meg ikkje. Møt opp på den distansen du vil.

Det seier Josh Kerr til NRK om den moglege 1500-meterduellen mot Jakob Ingebrigtsen under Ultimate Championship i Budapest.

I slutten av august kom nyheita om at begge rivalane er inviterte til stemnet. Ingebrigtsen har bekrefta at han stiller på 5000 meter fredag kveld, der han er automatisk kvalifisert som regjerande olympisk meister.

  • Sjå Ultimate Championship på NRK 2 frå kl. 19.00 eller i NRK TV:

På 1500 meter fekk han derimot ein spesialinvitasjon fordi arrangøren ville ha ein superduell med den britiske erkerivalen. Dei to har ikkje møttest på to år, men Kerr tonar ned forventningane rundt eit eventuelt oppgjer.

– Han kjem ikkje til å kunne springe på det vanlege nivået sitt, og eg er lei av å snakke om det, for å vere ærleg.

Han held fram:

– Eg ser berre fram til å springe mot dei beste gutane. Det kjem både verdsmeistrar og olympiske meistrar, og eg gleder meg til å springe mot dei, seier Kerr.

Mann i beige dress hilser med hånden foran en dekorasjon med lysende neonstjerner. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KLAR: Josh Kerr for nyvinninga Ultimate Championship. Foto: BEN STANSALL / AFP,NTB

Svarar på «tapar»-utsegn

Sist gong Ingebrigtsen stilte på distansen hamna han på ein fjerdeplass. Under Diamond League-stemnet i Brussel gjekk det ein kule varmt etter målgang.

– Fy faen, for ein gjeng med taparar eg spring mot, sa Ingebrigtsen til NRK.

I etterkant la Ingebrigtsen seg flat og beklaga ordvalet, og kalla utbrotet for lågmål.

to løpere med startnummer
STÅR PÅ LISTA: Kerr og Ingebrigtsen står begge på startlista til 1500 meter på søndag. Foto: AP

Kerr, som valde å stå over Diamond League-finalen i Brussel, fekk med seg utsegna først for nokre dagar sidan. – Orda han bruker er veldig triggande og lada, så eg veit ikkje heilt kor det kom frå eller kva det handlar om, men det er ikkje noko eg står for, seier Kerr.

Ingebrigtsen utdjupar til NRK kva som låg bak utbrotet.

– Om eg klarte å uttrykke meg godt nok, det veit eg ikkje. Men det er litt antiklimaks for min del òg. Eg har vore borte frå konkurransar og Diamond League i lang tid. Drøymt om den dagen eg kjem tilbake igjen og å få kjempe mot dei beste løparane i verda. Og når det blei så som så. Resultatet er éin ting, men gjerne at fleire ikkje byr opp til kamp, forklarar Ingebrigtsen til NRK.

OPPGITT: Jakob Ingebrigtsen var tydeleg opprørt etter å ha hamna på ein fjerdeplass på 1500-meteren i Brussel. Foto: Omar Havana / AP,NTB

Tar eit løp om gongen

Ingebrigtsen har slite med ein skade i akilles. I februar i år blei han operert, og sidan har han jobba seg tilbake mot verdstoppen.

Han fortel at han tar eit løp om gongen og at han først og fremst førebur seg til å springe 5000 meter.

– Plutseleg får eg ein eller annan rykking i akillesen eller i hamstringen, og då er det ikkje noko gøy å springe. Så har eg eit løp (5000 meter i kveld) som eg gir full gass inn mot, så får me sjå om kroppen heng saman etter det.

Om han i det heile tatt stiller på 1500-meteren søndag, er framleis usikkert.

– Korleis blir det å eventuelt møte desse gutane att på ein 1500 meter etter å ha sagt det?

– Eg er ikkje i stand til mentalt å fokusere på det. Eg tar det som kjem først, og no førebur eg meg til 5000-meteren. Det er det som gjeld, å disponere kreftene bra til det, seier Ingebrigtsen. Kerr har vist storform dei siste månadane. I juli sette han verdsrekord på ein engelsk mil med tida 3.42,66. Han er klar for 1500-meteren på søndag. – Eg skal møte alle dei gutane. Vi skal gå ut der og springe mot kvarandre og sjå kven som er best. Det er situasjonen. Eg kjem fit og klar til å springe, så om nokon vil konkurrere, sest vi søndag, seier Kerr.