Julie Nistad Samsonsen
SLO HOVUDET: Skøytesprintaren Julie Nistad Samsonsen fekk ein trist start på sesongoppkøyringa. No går det atskilleg betre. Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Eg kjente meg ganske slapp. Alle musklane i beina forsvinn jo.

Noregs beste kvinnelege skøytesprintar sit på tribunen på det som ein gong kanskje var dei mest berømte skøytestadiona i verda.

No er det lenge sidan nokon gjekk på skøyter på Bislett, men det er berre eit par minutt sidan Julie Nistad Samsonsen avslutta sitt livs første barmarksøkt på bana som no er desidert mest kjent for friidrett.

26-åringen frå Bergen er på veg tilbake. Heldigvis til og med på god veg tilbake.

Då ho skulle starte oppkøyringa til ny sesong tidleg i mai, gjekk det nemleg gale under ei treningsøkt i Sonja Henie ishall.

Julie Nistad Samsonsen
TO OL: Julie Nistad Samsonsen blei nummer 20 på 500 meter under OL i Milano, som var hennar andre OL. Foto: Reuters

Trudde det skulle gå over

Det er ikkje uvanleg å falle når ein går på skøyter på kortbane, der farten er stor og svingane krappe. Samsonsen hadde allereie falle fleire gonger på økta.

Så small det plutseleg litt hardare.

– Isen begynte å bli oppgått, og så mista eg grepet og sklei inn i putene. Og så fekk eg sleng på hovudet og nakken i smellet, fortel ho.

  • Kva gjer du om du slår hovudet under konkurranse eller trening? Nedst i saka kan du lese råda frå den erfarne idrettslegen Thor Einar Andersen.

Der og då opplevde ho det ikkje som spesielt dramatisk.

– Eg trudde det skulle gå over etter ein til to dagar, seier Samsonsen.

– Men så blei eg liggande nokre veker ...

Julie Nistad Samsonsen
VIL BITE FRÅ SEG: Julie Nistad Samsonsen har som mål å bli stabil blant dei ti beste i verda på favorittdistansen 500 meter. Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Berre deprimerande

At det skulle bli ein månad i eit mørkt rom, hadde ho på ingen måte sett for seg.

Uhellet skjedde på ein fredag. Gjennom helga droppa ho trening, men prøvde elles å leve som normalt.

– Eg var kvalm og svimmel, og måtte sove mykje. Og det blei berre verre, fortel ho.

Måndag drog ho til legen, som ikkje var i tvil. Samsonsen hadde pådratt seg hjerneristing.

– Ein blir jo sett ut både mentalt og fysisk. Så det er eigentleg berre veldig, veldig kjedeleg. Når ein ikkje kan snakke eller få opp pulsen eller vere i lys, så handlar det eigentleg berre om å ta det med ro og vente, fortel ho.

Samsonsen har prøvd å fortrenge tida der ho var konstant kvalm og svimmel, og der det meste av stimuli verka negativt.

– Det er jo berre deprimerande, seier ho.

Den første aktiviteten ho begynte med, var å høyre på lydbok. Etter kvart kunne ho vere på kjøkkenet. Vindauga var uansett dekte til på grunn av renovasjon.

På det mørke kjøkkenet begynte ho å eksperimentere med å bake surdeigsbrød.

Julie Nistad Samsonsen
ORDEN PÅ FYSIKKEN: Sterke lår er eit viktig våpen for skøyteløparar. No har Julie Nistad Samsonsen bygd opp det som blei rive ned i løpet av ein månad utan rørsle. Foto: Petter Larsson / NRK

– Ikkje stressa av små lår

Dessverre er verken lydboklytting eller brødbaking eigna aktivitetar for bygg og vedlikehald av musklar.

– Å begynne med trening igjen, var veldig krevjande. Eg blei heilt sinnssjukt støl av å gjere heilt enkle ting. Eg begynte liksom med ti kilo i knebøy, fortel Samsonsen, som likevel tok det med fatning.

– Eg blei ikkje så stressa av at eg fekk små lår, liksom. For dei kom tilbake på eit blunk med ein gong eg begynte å trene igjen. Eg blei meir stressa av at det ikkje er noko kjekt å ikkje berre vere sosial eller trene, seier ho.

No toler ho dagslys, og ho hugsar veldig godt dagen då ho merka at det gjekk betre.

– Eg hadde gått små turar ute heile tida. Ein dag såg eg plutseleg blada på trea. Alt blei skarpt igjen. Det var veldig merkeleg.

Julie Nistad Samsonsen
HISTORISK ARENA: Julie Nistad Samsonsen får neppe sjansen til å innta startstilling med skøyter på beina på Bislett, men hadde elska å konkurrere i den gamle leikegrinda til «Hjallis» og «Kuppar’n». Foto: Petter Larsson / NRK

Målet: Topp 10 i verda

Ho treng ikkje lenger halde igjen når ho for eksempel trenar sprint på Bislett. Denne helga reiser ho til Kristiansund for samling på is.

Kjensla er at ho ikkje har tapt all verda. Ho er klar for å bygge vidare på det som var ein god sesong.

Rett nok var ho ikkje heilt fornøgd med 20.-plassen på 500-meteren under OL i Milano, men ellevteplassen i sprint-VM viste at den lynraske bergenskvinna høyrer heime i verdseliten.

– Det viktigaste for meg er eigentleg berre å gå fortare enn eg gjorde førre sesong. Om eg gjer det i eit VM eller om eg gjer det i verdscupane, det er ikkje det aller viktigaste. Eg har meir lyst til å etablere meg i topp 10-sjiktet i verda på 500-meter, seier Julie Nistad Samsonsen.