– Det her er heilt sjukt! Eg har ikkje ord, verdas største idol og popstjerne har reposta lille meg, seier ho.

Anna Lille heiter Anna Kristina Lillestøl Naustdal og kjem frå Nordfjordeid.

Der har ho spelt på festivalen Malakoff i kveld.

Undervegs i konserten viser ein i publikum fram ein tekst på telefonen sin: «Justin Bieber posta deg på story nooo».

Publikummaren gir telefonen til Anna Lille som les teksten, hyler og hoppar opp og ned. Det viser ein video festivalen har lagt ut.

På Instagram skriv ho at då ho kom av scena såg ho at Justin Bieber hadde delt videoen hennar i historia si.

På si eiga instagramhistorie skriv ho: «!!! WHAAAATTTT !!!! @lilbieber thank you», «all is fine and normal» og «ily forever»

Likte ein video i april

I april i år skreiv 730.no om at Justin Bieber likte videoen hennar med ein eigenskriven song på Instagram.

– Det er ein stor dag. Eg skal unna meg alt eg vil i dag, sa ho til nettstaden då.

Til 730.no sa Naustdal at ho alltid har vore ein stor belieber.

Ho har tidlegare fortalt at fleire store profilar har likt musikken hennar. Mellom andre Kendal Jenner, Hailey Bieber og Billie Eilish har likt og sett musikken hennar, og Joe Jonas har sendt ho ei direktemelding på Tiktok.

ei jente på gul løpar
Artisten Anna Lille på P3 Gull i 2025. Foto: Henriette Dæhli

Sjølv har Anna Lille 19 300 følgjarar på Instagram og over 70.000 på Tiktok. Det er nokså få samanlikna med nokon av dei største profilane i verda.

Anna Lille blei først kjend som ein del av duoen Vilde og Anna i Melodi Grand Prix Jr. Dei vann den norske finalen i 2016 med songen «Vestlandet».

Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12)
Anna Naustdal (t.h.) som 12-åring, saman med Vilde Hjelle (13). Dei vart kjende som duoen Vilde og Anna. Foto: Harald Kolseth

I 2023 starta ho karrieren som soloartist med namnet Anna Lille.

Justin Bieber har i fleire år vore ein av dei største artistane i verda. Kanadiaren blei oppdaga på YouTube som 13-åring i 2007 og står bak hits som «Baby», «Love Yourself» og «Sorry».

Han har vunne ei rekke prisar og har ein enorm følgjarskare. Berre på Instagram, kor han delte videoen til Anna Lille, har han nesten 290 millionar følgjarar.

Bieber
Justin Bieber er ein av verdas største artistar. Foto: AP