I fjor gav gode vêrforhold i Sør-Noreg optimale forhold for store, søte og tidlege jordbær.
I år, derimot, må ein fleire stader vente til slutten av juni før dei gode, norske jordbæra er klare i åker og butikk.
– Vanlegvis er vi i gang rundt jonsoktid påfriland, men nå kan det hende at mesteparten kjem heilt i slutten av juni, seier bonde Petter Borgestad.
Sesongen vil da fortsette i heile juli og litt i begynninga av august.
I åkrane i Skien er det nå godt med jordbær som blomstrar i sola, men dei vil altså bli modne litt seinare enn vanleg denne sommaren.
– Leverte til 17. mai i fjor
Austein Gård i Brunlanes i Larvik har drive med bærproduksjon sidan 1934, og leverer 250 tonn jordbær i året.
Her blir jordbær dyrka ute i jorda, men også på «table top» i tunnelar, som gir tidlegare modne bær, men ikkje i år.
– I fjor og året før leverte vi til 17. mai, men nå er vi halvanna veke etter, seier bonde Sondre Austein.
Også jordbæra på åkrane er halvanna veke bak.
Han legg likevel til at det er meir normalt i år, og at det var tidleg sesong dei to siste åra.
Men fleire netter i april med fem–seks minusgrader var dårleg nytt for sarte blomsterknoppar.
– Sårbar for vêr og vind
Sesongoppstarten er like rundt hjørnet, og det ligg an til eit normalår, seier organisasjonssjef i Gartnerhallen, Gunn Jorunn Sørum.
– Sesongen startar rundt ei veke seinare enn i fjor, men da var det veldig varmt. Varmeperioden som er meldt nå vil likevel sette fart på veksten.
Ho seier plukking i tunnel startar neste veke, og plukking på friland rundt Oslofjorden og på Sørlandet startar første veka i juni.
Deretter blir det fortløpande produsert i resten av landet for fullt fram til jonsok – med lokale variasjonar.
Gartnerhallen er eigd av over 1000 norske grøntprodusentar over heile landet, og Sørum veit ikkje om den litt seinare jordbærstarten får noko å seie for prisen.
– Pris i butikk rår vi ikkje over.
Jordbær blir dyrka over store delar av landet, men av færre enn før.
I fjor var det 246 bønder som dyrka jordbær – sju færre enn året før.
Dei produserte likevel 25 prosent meir.
– Jordbærproduksjonen er sårbar for vêr og vind, men vi vil truleg hamne på same nivå som i fjor.
Kald mai og etterlengta regn
Jordbærplantar toler lite frost, og denne våren har vore kald med kuldegrader om natta.
Skal det bli bær, må det vere kvite blomstrar og gult i midten.
Om ikkje, har blomsteren frose.
– Her ser vi nokre blomstrar som har komme fram. Nokon har frose da det var kuldegrader for ei veke eller to sidan, så dei er svarte inni blomsteren, seier Petter Borgestad.
I tillegg til kulde har jordbæra måtta tole tørke.
– Det var veldig bra med regnet som kom nå, for det begynte å bli litt tørt. Det var nesten ein månad sidan førre ordentlege regnfall. Det var gull, både for jordbærplantar og anna.