Tykkjer du mai har vore kald? Nja, omtrent som normalt, seier meteorologen.
Men medan det har blitt sett varmerekordar i Europa, har det ikkje vore ein einaste maidag med over 20 grader i Bergen.
Det «blokkerande høgtrykket» over Storbritannia har ikkje ført med seg varme så langt nord.
I staden har det blokkert lågtrykk frå sørvest, som elles ville treft Noreg.
– Dobbel oppvarming
Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane forklarar varmen over Storbritannia med at det både er eit høgtrykk som ligg og surrar der med fallande luft i tillegg til lite skyer og maks solinnstråling.
– Då får me på ein måte dobbel oppvarming.
Temperaturen er uvanleg varm for England, spesielt når det kjem så tidleg som mai.
Den nye mairekorden er 35 grader, over to grader meir enn den gamle rekorden frå 1922 og 1944.
Fleire stader i både Storbritannia og Frankrike har det vore tropenetter. Det betyr at temperaturen ikkje har gått under 20 grader.
Men varmen har ikkje trekt nordover.
Vågane forklarar det både i Storbritannia og Noreg kjem lågtrykk frå sørvest. Det blir blokkert av høgtrykket som ligg over Storbritannia no.
I staden har det kome luft frå nordvest, denne er typisk kjøligare.
– Så det er på ein måte det høgtrykket som gjer at me får lågare temperaturar på vår side.
Stigande temperaturar likevel
Vågane peikar på at det er plasseringa som er det avgjerande, fordi eit blokkerande høgtrykk kan gi bra vêr i Noreg også. Det er kvar det ligg som er det viktigaste.
– Kan høgtrykket bevega seg mot oss, eller er det urealistisk?
– Dette høgtrykket bevegar seg gradvis austover, men me ligg nord for den varme lufta, seier meteorologen.
Ho forklarar at fleire stader i Noreg likevel får høgare temperaturar på fredag, men at me ikkje er i nærleiken av englandstemperaturane. Kombinasjonen av høgtrykk og soloppvarming er ikkje til stades her.
– Me får ikkje den komboen, og me får litt feil vindretning, dessverre.
Medan Austlandet allereie har rundt 20 grader, vil det nærma seg same nivå i vest. Lenger nord ser ikkje meteorologen same auken.
Samtidig kan det koma både regnbyer og torevêr på Vestlandet, så ho vil ikkje koma med lovnader om badestemning.
Kald mai månad?
På Florida i Bergen har det vore temperaturmåling sidan 1983. På 43 år har det berre skjedd fem gonger at mai har passert utan ein einaste sommardag, altså utan at temperaturen har vore over 20 grader.
Til samanlikning var 2024 eit toppår. Då var det 19 sommardagar i mai.
Også gjennomsnittstemperaturen fortel at mai har vore kald i vest. Normalt er snittet på 10,4 grader, medan det i år er 9,4.
Statsmeteorologen viser til at det var ein kjølig periode i starten av månaden som trekkjer snittet ned. Resten har stort sett lege litt over normalen.
Også for resten av landet ligg temperaturane rundt det som er normalt.
– Det er ikkje noko påfallande kaldt. Det er nokon stader som ligg over og nokon som ligg under. Om du ser på heile landet, er det ikkje unormalt.
Slik blir starten av juni
Måndag startar årets første sommarmånad. Då ser det ut til at Nord-Noreg blir vêrvinnaren.
– Det kan gå mot litt tørrare og varmare vêr i nord. Det er lite sannsynleg at det blir nedbør der.
I vest held det fram med den ustabile vêrtypen med byer.
– Det kan vera variasjonar frå dag til dag. Det kan bli meir byer eller lengre periodar med opphaldsvêr. Det blir ikkje store endringar når juni kjem.
Austlandet og Sørlandet får ein liknande vêrtype som i vest.
– Det blir det byeluft med varierande skydekke og temperaturar.