– No blir bruken av nøytralitet ein parodi. Valijeva er Putins kjæledegge, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.
Den russiske kunstløparen Kamila Valijeva (20) har blitt klarert som nøytral utøvar av det internasjonale skøyteforbundet.
Avgjerda skjer sjølv om utøvaren openlyst støttar Russlands president Vladimir Putin.
– Eg skjønar ikkje kva det har med nøytralitet å gjere i det heile tatt. Dette er ikkje ein nøytral utøvar. Det latterleggjer omgrepet, fortset Saltvedt.
Han meiner at Valijeva er den siste utøvaren som burde bli tatt inn i varmen, så lenge Russland er i krig. Og at det internasjonale skøyteforbundet gjer ein stor feil.
– Vi har jo ikkje så mykje erfaring med dette nøytralitetsomgrepet, men her var jo kriteria, sånn som IOC ønskte dei, veldig tydelege og veldig strenge. Valijeva stryk på alle kriterium, seier Saltvedt.
Fleire innlegg om Putin
Ifølge den internasjonale olympiske komiteen (IOC) kan ingen nøytrale utøvarar frå Russland eller Belarus aktivt støtte krigen.
Men det enkelte særforbund, i dette tilfellet ISU, bestemmer om utøvarane får stille i andre internasjonale konkurransar.
På sin eigen Instagramprofil, med over 1,5 millionar følgarar, har Valijeva lagt ut innlegg av Putin som opnar «ei ny internasjonal turnering».
– Det spesielle her, som skapar stor debatt og provoserer mange, er at Valijeva har støtta Putin og festa dette innlegget øvst på Instagram-profilen sin. Der meiner eg det går ei grense. Mange andre russiske utøvarar har ikkje vist støtte til Putin, seier NRKs kunstløpekspert Fredrik Island Gustavsen.
20-åringen har også lagt ut ei offentleg melding på det sosiale mediet Telegram, der ho blant anna hyllar ein ny attraksjon i Moskva, som Putin står bak.
Valijeva har også deltatt på fleire arrangement med presidenten.
I tillegg kjem kunstløp-profilen tilbake frå ei fire år lang suspensjon grunna doping.
– Ho har riktignok sona straffa si og byrja å trene att i oktober 2025, men mange vil seie at ho representerer ein kultur som Russland har drive på med lenge, med doping. Så er spørsmålet om ho fortener ein ny sjanse, forklarar Gustavsen.
NRK har sendt kritikken i denne saka og spørsmål om avgjerda til ISU. Les hele svaret her:
Fråteke OL-gull
– Valijeva var eit enormt talent som hadde høg status i kunstløpverda, og ho har framleis mange fans internasjonalt, seier Gustavsen.
Som 15-åring vart ho tatt for doping i samband med vinter-OL i 2022 og vart utestengt frå å konkurrere i fire år. Ho testa positivt på det forbode stoffet Trimetazidine.
Både ISU og WADA gav ho fire års utestenging frå og med 25. desember 2021.
Ho har blitt fråteke både gullet i OL 2022 og EM-gullet ho tok same år.
– Det verste ved Russland og russisk idrett dei siste åra er symbolisert gjennom Kamila Valijeva. Ein dopingkultur som ein nesten ikkje har opplevd noko anna stad, i alle fall dei siste åra, seier Saltvedt.
Likevel har ho mange tilhengarar som gleder seg til å sjå ho att.
– Mange fans har håpa at ho skulle komme tilbake fordi ho rett og slett var særs teknisk god og ein av verdas beste kvinnelege kunstløparar, fortel Gustavsen.
Den idrettsglade russiske politikaren Vjatsjeslav Fetisov meiner det ikkje er nok at Valijeva får tilbake retten til å konkurrere.
– Eg ville ha gitt den olympiske gullmedaljen tilbake til Kamila. Og først etter det ville eg ha gleda meg over at ho har fått nøytral status, seier Fetisov ifølge nyheitsbyrået Tass.
I Russland har ho vore aktiv i heile år, og har fått støtteerklæringar frå tribunen.
– Det blir fulle hus
I mars 2022 suspenderte det internasjonale skøyteforbundet alle russiske og belarusiske atletar frå alle internasjonale turneringar, grunna krigen med Ukraina.
Under vinter-OL i Italia i år fekk seks utøvarar frå Russland delta under nøytralt flagg, to av desse var kunstløparar. I sommar letta IOC og ISU vidare på suspensjonane for russiske utøvarar, og bad andre internasjonale konkurransar følge etter.
Over 20 russiske utøvarar har blitt klarert som nøytrale utøvarar av ISU. Blant anna Valijeva sin treningspartnar Aleksandra Ignatova (Tidlegare Trusova).
Saman vil duoen bli mottatt med opne armar, meiner den legendariske russiske kunstløptrenaren Tatjana Tarasova.
– Heile verda elskar Valijeva og Trusova. Det blir fulle hus i internasjonale stemner. At våre utøvarar får delta aukar interessa for kunstløp, seier ho ifølge Sovjetskij Sport.
Lenge til neste OL
I resten av kunstløpmiljøet er reaksjonane delte, fordi Russland har vore ein av dei ledande nasjonane innanfor idretten.
– Fleire meiner at Russland framleis bør vere utestengde fram til ein er sikre på at dei ikkje driv systematisk med doping og avsluttar krigen mot Ukraina. Andre ønsker dette velkommen, fordi Russland trass i alt har vore ein av verdas største kunstløpnasjonar i alle disiplinar og bidrege til stor utvikling i sporten samt vore med på å heve lista internasjonalt, fortel Gustavsen.
Saltvedt meiner at det kommersielle har teke overhand i denne saka.
– Når ein no går inn i ein ny sesong, så har dei openbert funne ut at dette gav meirsmak. Eg kan ikkje sjå anna enn ønsket om å blidgjere kunstløpstormakta Russland, kombinert med ønsket om å få den merksemda dei no får.
Og legg til:
– Vi skal i alle fall vere glade for at det er lenge til neste vinter-OL. Om ikkje hadde dette tatt altfor mykje merksemd.