Scoring frå straffemerket
Etter 18 minutt fekk Austria Wien belønninga for den sterke heimeopninga.
Modesta Uka vart felt av Karoline Haugland inne i feltet, og dommaren peika på straffemerket.
Uka tok sjølv ansvar, og sende ballen den eine vegen og Brann-keeper Sunniva Skoglund den andre.
1-0 til Austria gjorde at laga var like langt samanlagt.
Brann fekk etter kvart løfta laget noko, og Amalie Eikeland fekk Branns beste sjanse før pause.
Austria var likevel det klart beste laget i første omgang, og Brann gjekk i garderoben med mykje å rette på.
Sjølvmål og raudt kort
Etter pause gjekk det meste gale for bergensarane.
Brann prøvde å spele seg ut bakfrå, men ein låg pasning tilbake til keeper Skoglund enda katastrofalt. Ballen var innom føtene før den trilla over streken.
3–0 etter 65 minutt til heimelaget.
Austria heldt fram å herje, og berre nokre minutt seinare sette heimelaget inn sitt fjerde mål.
I det 73. minutt fekk Haugland gult kort for å stoppe ein Austria-kontring. Berre tre minutt seinare stoppa ho ein ny Austria-spelar på veg mot boksen. Det andre gule kortet kom umiddelbart, og Haugland måtte forlate bana.
Brann måtte dermed spele resten av kampen med ti spelarar.
Meisterliga-drøymen knust
Med ein spelar meir hadde Austria full kontroll.
I det 77. minutt fekk Uka frispark frå god posisjon. Ho gjekk for skot, og ballen forsvann inn i høgre hjørne bak Skoglund.
Dermed hadde Uka scora tre mål i løpet av kampen og blitt den store helten for heimelaget.
Brann fekk aldri noko comeback. Austria hadde fleire moglegheiter til å auke leiinga ytterlegare, men 4–0 stod seg til slutt.
5–2 samanlagt, og dermed er det Austria som går vidare til seriespelet.
For Brann blir det ein kveld å gløyme. Etter ein sterk periode med seks strake sigrar fekk bergensarane sitt klart tyngste tilbakeslag på lang tid.
I staden for Meisterligaen skal Brann no ut i Europa Cup.
- Må riste det av oss
Brannspelar Cecilie Redisch Kvamme var naturlegvis skuffa etter kampslutt.
– Det er kjipt. Vi hadde håpa å prestere betre, men slik kampen utvikla seg, var det det beste laget som vann, seier Kvamme til NRK.
– Korleis blei det slik?
– Eg har ikkje noko godt svar på det. Dei pressar høgt, vinn duellane og får kampen inn i det sporet dei ønskjer. Vi klarer ikkje å få kampen over på våre premiss.
Om målvakta og sjølvmålet seier Kvamme:
– Det er berre å gje ho ein klapp på skuldra og riste det av seg. Det er viktig å omstille seg. Kampane kjem tett, og allereie søndag ventar ein ny kamp. Derfor må vi leggje denne kampen bak oss og rette blikket framover.