Den svenske familien på fire var på ferie med fritidsbåten sin då det norske frakteskipet «Misje Verde» plutseleg dukka opp bak dei.
Skipet køyrde over båten.
Mor og dotter mista livet. Far og son blei frakta til sjukehuset med alvorlege skadar.
Kapteinen og losen på det bergenseigde skipet var tiltalte for å ha forårsaka ein annans død, aktlaus kroppsskade og aktlause på sjøen. Begge nekta straffskuld.
I dag kom domen frå tingretten i Göteborg.
Kapteinen og losen blei dømde på alle tre punkt i tiltalen.
Begge blei dømde til ein dom på vilkår. Losen blei også dømd til å betale dagbøter.
Fann tom redningsvest
I retten fortalde faren om minutta før ulykka, og kampen som følgde for å redde familien.
Dei var på båtferie saman med familien til broren hans. Faren skildra ulykkeskvelden som stille og sjøen som roleg.
Plutseleg høyrde han ein motorlyd. Han såg seg over skuldra, og såg den svarte bulben på skipet kome mot dei.
– Eg svingar alt eg kan men eg kjenner at vi blir sogne under bulben. Så blir alt svart, fortalde han i retten ifølgje Aftonbladet.
Båten rulla rundt, og under overflata kjempa han for å komme seg ut. Då han nådde overflata, fekk han auge på to redningsvestar. Han svømte mot dei og ropte, men fekk ikkje svar.
I den eine fann han sonen sin hardt skadd. Dottera sin vest var tom. To dagar seinare blei kona og dottera funne omkomne.
I retten fortalde mannen om tida etter ulykka.
– Eg hadde mareritt kor eg såg for meg bulben som kom. Det mest dramatiske var å sjå sonen min ligge i respirator, fortalde han ifølgje Aftonbladet.
Skulda på kvarandre
Ulykka skjedde 28. juli i Hakefjorden utanfor øya Tjörn på den svenske kysten. Skipet «Misje Verde» var då på veg frå Uddevalla til Kragerø.
Den russiske kapteinen og ein los frå Sjöfartsverket var på brua på skipet den kvelden.
Ingen av dei såg fritidsbåten framfor seg, eller merka at ulykka skjedde. Dei blei varsla av kystvakta to timar seinare, ifølgje Aftonbladet.
Påtalemakta la i retten vekt på plikta om å halde utkikk, og på reglane for vikeplikt og varsling til sjøs.
I politiavhøyr peikte dei to tiltalte på kvarandre då dei forklarte kven som hadde ansvar for å halde utkikk den kvelden.
Losen forklarte i retten at han ikkje kan ha det juridiske ansvaret for å halde utkikk fordi det ansvaret må ligge på ein del av den faste besetninga på båten, ifølgje Aftonbladet.
Kapteinen meiner losen må haldast ansvarleg for ulykka fordi det var han som stod ved roret.
– Men det allmenne ansvaret ligg hos meg, sa han i retten.
Aktor i saka, James von Reis, meiner begge mennene har brote fleire sjøvegsreglar og vist dårleg sjømannskap.
Han bad om nokre månadar fengsel for begge to. Forsvararane bad begge om frifinning.
Ankar domen
Grunnen til at kapteinen fekk ein betinga dom, medan losen i tillegg må betale dagbøter, er at kapteinen har vore varetektsfengsla. Det har ikkje losen vore.
– Det har ikkje vore tydeleg kven som skulle halde utkikk, og det er kapteinen som har det overordna ansvaret. I dette tilfellet har losen tatt på seg eit større ansvar for skipet enn det som følgjer oppdraget til ein los, skriv dommar Anne Rapp.
Forsvararen til losen, Thomas Håkansson, seier til SVT at dei kjem til å anke domen. Forsvararen til kapteinen seier dei ikkje har bestemt seg endå.