– Eg gjekk og trakka her i mange år på 90-talet. Det var eigentleg ganske mislukka alt saman. Eg ville vel aldri i min villaste fantasi tenkt at eg skulle koma tilbake hit og bli æresdoktor, seier Knausgård.
Det er ikkje hans akademiske prestasjonar som er grunnen til utnemninga, men forfattarskapen hans.
– Det kjennest underleg og ganske fantastisk. Det er veldig gøy, og ærerikt, så klart.
Ein av forfattarane med størst betydning
Vanlegvis er det folk med akademisk bakgrunn som blir utnemnde til æresdoktorar.
Knausgård var elev ved Skrivekunstakademiet. Han har også studert allmenn litteraturvitskap og kunsthistorie på Universitetet i Bergen på 90-talet.
Forfattarskapet hans inneheld både romanar, essays, kunstkritiske tekstar og større prosaprosjekt.
I studietida var han aktiv i studentavis, studentradio og eit litteraturtidsskrift. Han var også med å stifta eit forlag.
I den ærverdige universitetsaulaen på Nygårdshøyden fekk han torsdag tildelt sin nye doktortittel.
Camilla Brautaset er dekan ved Humanistisk fakultet. Det var dei som tok initiativ til utnemninga.
– Det er så mange grunnar til at me har valt å nominera han. Me har ei lang felles historie. Samtidig har me lyst til å heidra han og visa kor stor pris me set på hans forfattarskap.
Ho meiner Knausgård er ein god ambassadør som viser at kunst, humaniora og litteratur er viktig i dag.
– Han har ei særeigen evne til å snakka til oss om kva det vil seia å vera menneske. Å forstå oss sjølve, å forstå kvarandre og verda rundt oss.
Universitetet omtalar Knausgård som ein av forfattarane med størst betyding i Norden og internasjonalt.
«Som få andre mestrer han å forene leseopplevelser med akademiske diskusjoner. Det selvbiografiske og monumentale seksbindsverket Min kamp viser, i likhet med flere av hans andre bøker, litteraturens kraft i en tid der både litteraturen og lesekunsten utfordres av andre medieformer», skriv UiB i grunngivinga.
– Det kjennest veldig personleg
Knausgård er utnemnd saman med ni andre nye æresdoktorar ved Universitetet i Bergen.
Grunnen er at dei har ytt «vesentlege bidrag» til utviklinga av sine fagfelt.
– Ein æresdoktor er den høgste utmerkinga eit universitet kan gi. Det er noko me gir ein sjeldan gong til dei som har gjort noko ekstraordinært for kunnskapen og for forskinga, eller for kunsten og samfunnet, seier rektor Margareth Hagen.
Knausgård har fått mange prisar for forfattarskapen sin. Bøkene hans er omsette til meir enn tretti språk.
– Og så kjem dette på toppen av det heile. Korleis rangerer du det?
– Det kjennest veldig personleg, og det kjennest som det har veldig mykje med fortida mi å gjera.
Han viser til at han står i ei slags gjeld til studiestaden sin.
– Alt eg lærte her og dei førelesarane me hadde og alt det. Så dette rangerer eg veldig høgt eigentleg.
Knausgård trekkjer fram at det er stort å stå saman med ni andre med store akademiske prestasjonar.
– Alle har gjort noko eksepsjonelt innanfor mange forskjellige fagfelt. Og så var det meg då, som ikkje har gjort noko. Det var stort.
Dette er dei andre nye æresdoktorane ved UiB:
Viktig i forfattarskapen
Knausgård viser til tidlege førelesingar om Odysseen, Illiaden og Dante.
– Eg har framleis dei førelesingsnotatane, så gode var dei.
Han peikar på at han har skrive mykje om det i alt han har skrive.
– Det var veldig, veldig inspirerande.
Framover har han fokus på å gjera ferdig Morgenstjerneserien, der han held på med siste bok. Og så gler han seg til å byrja på ei ny bok som han har tenkt på i nokon år.
– Eg kan ikkje seia noko om det. Men det ... Eg treng noko nytt.
Han er tydeleg på at han er takksam.
– Eg vaknar opp kvar dag og kan gjera det eg vil gjera. Eg sleit veldig hardt for å koma dit, og så var det plutseleg mogleg. Det er veldig mange som ikkje kan det, som må ha andre jobbar og så vidare.
Han kallar det eit stort privilegium.
– Og så kjem slike ting som dette i tillegg. Klaga, det skal du aldri få høyra meg gjera.
Han synest det er vanskeleg å forhalda seg til sin nye doktortittel og er usikker på om han kjem til å bruka han.
– Hjå nokon flyselskap kan du skriva tittel, mr. og mrs. og slik. Då kan eg klikka på dr. viss eg vil det. Kanskje eg gjer det, seier han med eit smil.