– Vêret var heilt nydeleg. Veldig sånn typisk påskeføre. Sol og kjempefint. Og eigentleg veldig fin snø òg.
Alt låg til rette for ein strålande skitur for Karoline Erdal Storli og familien på Gaustatoppen i 2023. Ho har stått på slalåm sidan ho var to år gammal, og kjenner seg trygg i fjellet. Men denne dagen gjekk det alvorleg gale.
– Det var eigentleg eit ganske klønete fall i låg fart. Fordi farten var låg, løyste ikkje skia seg ut, fortel ho.
I staden brekte beinet.
– Eg skjønte jo at det var brekt med ein gong, ettersom leggen dingla.
Kunne ikkje bevege foten
Karoline ropte på familien som var på veg nedover. Deretter følgde to timar i fjellet utan smertestillande før hjelpa kom.
– Då helikopteret kom, var det eigentleg berre ein veldig stor lette å få noko smertelindring, vere i trygge hender og bli tatt vare på, mimrar Karoline.
Redningshelikopteret flaug henne til Sjukehuset i Vestfold, der ho gjekk gjennom to operasjonar.
– Begge leggbeina i høgre bein var brekte rett ved støvelkanten. Det var eit stygt knusingsbrot.
– Eg måtte lære meg å ha kontroll på foten heilt på nytt. Eg klarte verken å sitte eller bevege noko særleg på den heilt i starten.
Deretter følgde ein lang periode med opptrening.
– Eg gjekk til fysioterapeut heile 2023. Det var ikkje fullstendig grodd før uti januar, og dette skjedde i påska.
Syklar 3000 kilometer til inntekt for Norsk Luftambulanse
Tre år etter er Karoline frisk, og skal gi seg ut på sin lengste sykkeltur nokosinne.
– Det året eg skada meg, skulle eg eigentleg sykle til Paris med ei venninne, men det blei openbert ikkje noko av. Akkurat no står eg mellom to jobbar, så da begynte eg å leike med tanken om å sykle nedover Europa, og så fall valet på Valencia.
Éin månad seinare er 26-åringen på vegen.
For at venner og familie skal kunne følge med på turen, har Karoline oppretta ein Instagram-konto som fekk fleire følgarar enn ho hadde sett for seg.
– Den fekk mykje merksemd, og det har eg lyst til å bruke til noko positivt. Sidan eg sjølv har fått god hjelp av akuttmedisinsk behandling, ønsker eg å fremje det arbeidet som Norsk Luftambulanse gjer.
No har ho starta ein Spleis med eit mål om å samle inn 100 000 kroner til Stiftelsen Norsk Luftambulanse i løpet av den 21 dagar lange sykkelturen til Spania.
– Det er heilt rått om det går. Om det er realistisk, det får tida vise, seier ho optimistisk.
– Dei gjer ein kjempeviktig og krevjande jobb. Dei skal jo yte medisinsk behandling på stader der det ikkje nødvendigvis ligg til rette for det. Og eg tenker at alle som ferdast i naturen, er utruleg heldige som har den sikkerheita i ryggen.
– Veldig takksame
– Vi synest det er kjempehyggeleg at privatpersonar tar slike initiativ og har lyst til å vere med på og støtte opp om det livsviktige arbeidet som vi gjer i stiftinga.
Det seier pressekontakt for Stiftelsen Norsk Luftambulanse, Per Håkon Solberg, som fortel kva 100 000 kroner vil brukast til:
– Vi bruker desse pengane til forskingsarbeid og tilrettelegging for trening av operativt crew. Vi jobbar kvar dag for å prøve å flytte sjukehuset litt nærare pasienten, slik at dei som treng livsviktig og nødvendig hjelp, skal få det så raskt det er praktisk mogleg. 100 000 kroner betyr veldig mykje i det arbeidet.
– Kor viktig er private bidrag for dykk?
– Vi er heilt avhengige av at privatpersonar støttar oss, og vi er kjempeglade for det arbeidet som Karoline no har sett i gang. Same kva beløpet blir, er vi veldig takksame.
Stiller uførebudd
Sjølv om Karoline alltid har vore aktiv og drive med svømming, slalåm, langrenn, løping og sykling, innrømmer ho at ho har hatt kort tid til å førebu seg på 3000 kilometer på sykkelsetet.
– Eg har jo eigentleg ikkje trena meg opp til denne turen. Eg har så klart sykla litt, men beina mine er ikkje vande til ei så stor belastning.
Derfor har Karoline valt å sove på hotell framfor å telte, for å spare vekt på sykkelen. Første etappe gjekk 1. august frå barndomsheimen i Tønsberg til Larvik for å ta ferja til Danmark. Deretter går ferda gjennom Europa.
– Dei største utfordringane blir vel dersom det skjer mange uventa ting på dei etappane som er ekstra lange. Eg har ingen andre å lene meg på. Om eg punkterer, må eg finne ut av korleis eg ordnar det på eiga hand.
– Kor god er du til å skifte slange?
– Eg har aldri gjort det før.
– Kjem du til å reflektere noko over skaden din på turen?
– Det kan hende. Eg er først og fremst veldig takksam for at eg har to bein som forhåpentleg klarer å ta meg heilt til Valencia. Det veit vi jo ikkje ennå, sjølvsagt.