Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid (42) delte personlege minne frå barndommen då han hylla kongen på NRK onsdag kveld.
Då kong Olav V gjekk bort for 35 år sidan, stod ein ung Magdi på Slottsplassen saman med mor si for å tenne lys.
Onsdag kveld framførte han ein monolog i NRK TV som ein hyllest til den avdøde kongen vår.
Der ser han tilbake på eit liv prega av kulturelle og personlege motsetningar, og kva kongehuset har hatt å seie for han gjennom oppveksten.
Nyleg blei Karpe tildelt Fritt Ords Honnør.
Oppkalla etter filmstjerne
I monologen fortel Magdi om namnet sitt, som er oppkalla etter den egyptiske filmstjerna Omar Sharif, medan søstera fekk namnet Sonia etter den dåverande kronprinsessa i Noreg.
Han minnast kvelden då kong Olav døydde i 1991, då han stod på Slottsplassen i favorittjakka si med eit «Free Kuwait»-merke på brystet.
Kort tid etter stod han på grensa mellom Kuwait og Irak saman med faren, som dekte krigen.
– Synet av dei små stearinlysa på Slottsplassen var bytta ut med store oljebrannar og eg stod der med endå større auge, sa Magdi i monologen.
– I dag kan eg lukke dei same auga og lukte 1991, men det følast ikkje ut som i går. Det er berre sånn man seier. Alt har forandra seg sidan da. Alt, bortsett frå kongen.
Det einaste konstante
Gjennom oppveksten har artisten kjent på å bli dregen i mange ulike retningar.
Han trekk fram mellom anna fram kampen mellom dei liberale og det konservative, byen og bygda og blokkene og villaene.
– Og alle andre motsetningar i livet mitt.
Magdi trekker fram at samfunnet er prega av at alle dreg i kvar sine tau – inkludert han sjølv og musikkmakker Chirag.
– Men det er kanskje sånn det skal vere. At alle skal dra. Alle, bortsett frå kongen. Han stod berre der og vinka ned til oss med eit varmt smil og ein samlande ro.
– Følte oss norske
Artisten skildra korleis kongehusets nærvær fekk folk til å stoppe opp i kvardagen.
– Kvar gong han sa noko så stoppa vi opp. Og i dei få sekunda der trur eg at vi følte oss norske. Kva no enn det tyder, seier Magdi.
Han avslutta den personlege hyllesta slik:
– Vi er eit veldig lite land, men vi har hatt ein veldig stor konge. Tre kongar. Som aldri har vore med på tautrekking.