– Eg har blitt overgått, smiler Karsten Warholm.
Hekkeløparen kommenterer bilda «alle» snakkar om. Då det norske herrelandslaget møtte kongen måndag, valde Julian Ryerson nemleg å stille i shorts og flippfloppar.
Reaksjonane i etterkant er mange, og situasjonen minner om noko som skjedde for seks år sidan.
– Han har jo toppa det, seier trenar Leif Olav Alnes.
Ein varm sommardag i 2020 inviterte kong Harald Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes på besøk. Den gongen valde hekkeløparen å stille i dressjakke og shorts.
I etterkant fekk han høyre det frå fleire hald.
– Det var jo litt styr, seier Alnes.
– Eg har lært meg litt meir etikette sidan den gong. Det var i mine yngre dagar, så nå trur eg at eg hadde stilt opp etter koden, seier Warholm.
– Fantastisk
Han hyllar likevel Ryerson, og kanskje like mykje kongen for det som utspilte seg på Slottet på måndag.
– Eg synest det er fantastisk. Og eg trur, som eg også sa den gongen, at vår kjære konge også synest det er heilt fint. Det er litt det som er norsk, da. At me er nedpå, at me ikkje har veldig strenge kodar, seier Warholm.
Ifølgje hekkeløparen brydde ikkje kongen seg noko om korleis han kledde seg for seks år sidan. Den gongen smilte kongen og kommenterte:
– Du er heldig, da. Korte bukser og greier.
Også trenaren hugsar situasjonen som avslappa:
– Kongen sa det var eit lurt val, så me trøystar oss med det, seier Alnes.
– Ei legende
– Det at kongen vår sit på eit keyboardstativ og feller tårer mens han helsar på ei legende i flippfloppar gjer meg stolt av å vere norsk, skreiv komikar Herman Flesvig på Instagram.
Warholm meiner det skal mykje til for at dei norske herrespelarane skal få «kjeft.»
– No blæs alle vindar landslagets veg, så eg trur ikkje han har fått så mykje kjeft for det. Eg synest det er fantastisk.
Likevel meiner kongehusekspertane at klesvalet til Ryerson bryt med god kutyme, sjølv om kongen truleg tek det heile med ro.
– Men kongen brukar å vere ganske rund i desse spørsmåla, spesielt når han mottek norske sportsutøvarar, seier TV 2 sin kongehusekspert, Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, til Aftenposten.
Han trekk fram situasjonen med Warholm for seks år sidan:
– Kongen lo og omtalte Warholm som heldig som fekk bruke shorts i varmen, hugsar Schulsrud-Hansen.
Det var dessutan heitt både då Warholm og då Ryerson møtte kongen – på begge dagane var det langt over 20 grader i Noreg.
– Eg trur eigentleg han synest det var bra at den unge mannen hadde kledd seg til vêret. Me sat jo ute og det var 30 grader, så han var nok mest misunneleg, seier Warholm.
– Men det var jo ein spesialshorts, den var fin. Og det var varmt, seier Alnes.
Warholm meiner likevel det skal mykje til for å overgå antrekket til Ryerson:
– Det må bli baris, da. Nei da, eg trur eg gjev meg der. Men eg synest det er artig at me nordmenn er slik, og at også kongehuset har ein låg terskel for slikt. Så det er morosamt. Det flirte eg godt av då eg såg det, fortel han.
Han trur Ryerson i eit anna høve vel andre sko.
– Viss han blir invitert ut på middag ein gong, tippar eg han tek på seg andre sko.