– Stilen var viktig for meg. Eg ville at han skulle vere komfortabel, men eg ville også at han skulle kjennast litt sexy, sa Hodgkinson etter sigeren på 800-meteren i Athlos-stemnet i London fredag kveld.
Det var ikkje løpet i seg sjølv som var det store temaet i intervjusona etterpå.
Ei heller Henriette Jægers enorme løp på 400 meter, det beste av ei europeisk kvinne på over 30 år:
Det var Keely Hodgkinsons antrekk som blei kommentert og delt i sosiale medium, og som journalistane ville vite meir om i ein intervjuseanse som blant anna er delt på X av Athletics Weekly.
– For å vere ærleg, har han vore på gang i eit år. Det har vore mange justeringar og mykje tilpassing. Det har vore ein veldig morosam prosess med innovasjonsteamet, svarte 24-åringen som er ein av friidrettens aller mest populære utøvarar.
– Like rå som Keely
Ei lang rekke kvinnelege friidrettsprofilar har vore inne på Hodgkinsons Instagram og lagt igjen positive kommentarar.
«YESSS», skriv Sha’Carri Richardson, og blir følgd opp av Ivona Dadic, Amber Anning, Georgia Hunter Bell, Daryll Neita.
Skøyteikonet Jutta Leerdam har vore inne og gitt tommel opp for drakta, som ikkje er heilt ulik ei skøytedrakt.
Det same har Karoline Bjerkeli Grøvdal gjort.
– Suiten er like rå som Keely er, og viser vel berre kor stor stjerne ho er, seier Grøvdal til NRK.
Misforståingar om små truser
Sjølv blir den norske langdistanseløparen likevel ikkje å sjå i same antrekk.
– For min del verka han ikkje veldig behageleg å springe i, så eg held meg nok til den trauste maratonshortsen, seier Grøvdal.
Laura van der Veen beskriv drakta som «utruleg kul».
– Eg synest det er inspirerande å sjå ein kvinneleg friidrettsutøvar tore å utfordre det tradisjonelle og vise at vi kvinner kan konkurrere i akkurat det vi sjølv kjenner oss komfortable i, seier den norske 400-meterløparen til NRK.
– Det har vore mange misforståingar i media om at kvinnelege utøvarar må springe i små løpetruser, men sånn er det jo ikkje, fastslår Veen.
– Kjennest som eg ikkje har på meg noko
Den svarte drakta dekker bein, armar, hender og hovud:
I utforming minner ho mykje om drakta Cathy Freeman sprang i da ho blei olympisk meister på 400 meter i Sydney for 26 år sidan:
Heilt heildekkande er ho likevel ikkje, ifølge Hodgkinson:
– Ryggen er open. Så eg blir ikkje varm, det kjennest som om eg ikkje har på meg noko, for å vere ærleg. Eg har trena i ho i Sør-Afrika i 37 varmegrader. Det fungerte, så kanskje ein vil sjå meir av dette i framtida, sa Hodgkinson.
– Ei ære
– Kjennest ho raskare? ville journalistane vite.
– Når det gjeld fartskjensle, er det ei blanding av det mentale og det fysiske. Vitskapen er der på papiret, men eg sa at eg ville kjenne meg veldig bra i ho, sa ho om drakta som er utvikla av utstyrsgiganten Nike.
Stemnet fredag var eit reint kvinnestemne. Hodgkinson meiner høvet var perfekt for å vise fram nyskapningen.
– Det er ei ære at dei valde meg til å vise henne fram først. Det er eit stemne med berre kvinner, det handlar om glitter og glamour, at kvinnene skal bli sett, sa Hodgkinson, som i alle fall sjølv blei lagt merke til.