Det vrimla av flagg, bøttehattar og heiarop rundt lufthamna der mange hundre hadde møtt opp for å ta i mot VM-helten då han kom heim.
Brørne Emil Saure Kårstad og Sander Saure Kårstad tok turen med bestemor og bestefar for å møte den lokale keeperstjerna dei aldri hadde sett før.
– Det er kjempekult, og utruleg artig, seier Emil Saure Kårstad.
Sjølv var Håskjold Nyland rørt, men ordknapp om framtida, på spørsmål frål NRK sin reporter:
– Eg har ikkje tenkt noko på det enno. No skal eg berre slappe av og kose meg, så får vi sjå.
Nyland har fått mykje merksemd for det han har fått til i VM. Han har tidlegare spelt for klubbar i både Tyskland og England, men står fritt til å signere med kven som helst etter at kontrakten med Sevilla nyleg blei avslutta.
Oppmoda bygdefolket på kort varsel
I heimbygda var dei likevel lite opptatt av framtida – og meir opptatt av å feire. Volda-ordførar Sølvi Dimmen oppmoda på kort varsel bygdefolket til å stille opp ønskje han velkomen heim.
Ho meiner opplevinga av fellesskap rundt VM-prestasjonane har vore fantastisk. Over heile landet har folk samla seg - og i Volda har dei hatt visningar i grendehus, på kinoen og i den store idrettshallen sentrum. Der følgde nær 1000 Noreg sin siste VM-kamp mot England.
– Det er inspirerande for alle foreldre og frivillige som stiller opp i all slags vêr fleire kveldar i veka for å trene dei unge, seier Dimmen.
Landslagskeeperen sat stor pris på hyllesta han fekk då han landa på Hovden lufthamn.
– Dei siste 48 timane har vore minnerike dagar, med lite søvn og store opplevingar. Det er noko eg ikkje kjem til å gløyme resten av livet, seier Håskjold Nyland.
Møtt av folkehav i hovudstaden
Måndag kveld vart landslaget tatt i mot av over 150.000 menneske då dei vart heidra i Oslo etter å ha komme tilbake til norsk jord.
Spelarane fekk møte Kongen på slottet, dei fekk ro med kongefamilien og til slutt ein nær to timar lang bussparade ned Karl Johans gate med jublande publikum på alle kantar.
– Det er veldig kjekt og emosjonelt sjølvsagt. Det har vore ei utruleg fin reise frå A til Å, med flest oppturar og sjølvsagt nokre nedturar. Slik er det å vere keeper, sa Nyland til NRK framfor slottet. Det var taktfaste rop av namnet hans både før og under intervjuet.
Han håpar at han no har inspirert mange til å vere keeperar.
Norges keeperhelt misbrukt i sosiale medier
Heltestatus
Før VM vart Nyland beskriven som eit usikkert kort av fleire ekspertar på grunn av manglande kamptrening i klubbkvardagen.
Spesielt i 16.-delsfinalen mot Brasil motbeviste han til dei grader kritikarane. Han spele til ti på børsen og redda straffe 14 minutt ut i kampen.
Etter kvartfinalen mot England var årets VM-eventyr over.
Og Nyland var utrøysteleg etter å ha gitt det som viste seg å verte ein avgjerande retur i første ekstraomgang.
I heimbygda var det likevel berre godord å hente frå dei mange hundre frammøtte på flyplassen. Ordføraren er usikker på om ho kan sette ord på kor stort dette er for bygda, men gjer eit forsøk.
– Kan det bli større? Vi er så stolte at vi held på å sprekke.