Kevin Keegan
IKON: Kevin Keegan blei ein av dei første engelske fotballspelarane som blei superstjerner Foto: Lohmann / AP

Måndag bekreftar familien at Kevin Keegan har gått bort etter lengre tids kreftsykdom. Keegan blei 75 år gammal.

Kevin Keegan spela for mange klubbar, og var også suksessrik manager for mange. Ein suksess på landslaget blei han også.

Men det var som Liverpool-spelar på 70-talet han blei eit idol. Han blei den største profilen av dei alle på suksesslaget som klubben bygde opp. Og så reiste han vekk då meisterskapa og trofea verkeleg tok til å strøyme inn til klubben.

Den britiske avisa The Guardian skildra ein gong Keegan som ein mann med store ytterpunkt.

– På den eine sida var han den mest opne, vennlege og pålitelege mannen du møtte, på den andre sida var han hissig, uføreseieleg og brutal.

På bana var han ikkje av dei mest tekniske. Det som hjelpte han til topps, var den evige jakta og innstillinga om aldri å gi opp. Mannen på berre 173 centimeter grudde seg aldri for å gå opp i ein hovudduell. Mange vann han også.

Blei «oppdaga» i parken

Kevin Keegan var fødd og vaks opp i Armthorpe i Yorkshire, like utanfor Doncaster.

Der blei talentet hans oppdaga då han som 15-åring spela ein amatørkamp i «Sunday League» i ein park. Han fekk tilbod om prøvespel for Scunthorpe United i 4. divisjon, og fekk kontrakt med klubben.

Der debuterte han som 17-åring, og blei nokså snart fast på laget. I sesongen 1969–70 spela han alle 46 ligakampane, og Scunthorpe kom til 5. runde i FA-cupen etter mellom anna siger over topplaget Sheffield Wednesday.

Hans kreative midtbanespel i Scunthorpe vekte interesse i større klubbar, og Keegan sjølv blei meir og meir utolmodig etter å få større oppgåver.

Fleire klubbar melde seg interesserte, men Liverpool var først ute med eit konkret tilbod. Dit gjekk han i 1971, for ein overgangssum på 33.000 pund.

Liverpool-manager Bill Shankly hadde kjøpt han for å styrke midtbana, men fann raskt ut at 20-åringen gjorde meir nytte for seg i angrepet.

Keegan scora etter 12 minutt i debuten mot Nottingham i august 1971, og blei fast spissmakker med John Toshack. Det var eit angrepspar som var sentral i Liverpools stadig stødigare trofejakt utover 70-talet. Laget vann ligaen i 1973, cupen i 1974, og ligaen igjen i 1976 og 1977. Suksess blei det også i Europa, med UEFA-cupen i 1973 og sjølvaste serievinnarcupen i 1977.

«The Mighty Mouse»

Då sa Keegan takk for seg. Etter 323 kampar og nøyaktig 100 mål for Liverpool reiste han til Tyskland og Hamburg.

– Eg var «fed up» med engelsk fotball, og ville prøve noko nytt. Dessutan likte eg meg ikkje i Liverpool. Folka var greie og hyggelege, men eg likte ikkje byen, sa han i eit intervju med NRK.

Hamburg var ein klubb som ikkje hadde vore betre enn nummer seks i ligaen på fleire tiår. Der blei han Tysklands best betalte spelar.

Det Keegan ikkje visste, var at ingen tysk klubb hadde lov å ha meir enn to utlendingar i stallen. Keegan skubba ut nederlandske Horst Blankenburg, som var umåteleg populær både blant fansen og spelarane.

Keegan sleit med å finne seg til rette. Ein av konsekvensane var at han mista sjølvkontrollen i ein kamp, slo ned ein motstandar, og blei utvist. Han blei utestengd i åtte veker.

– Det var botnpunktet i karrieren, sa han seinare.

To gonger Gullballen

Keegan med gullballen
SUKSESS: Etter litt startvanskar fekk Keegan suksess i Tyskland. Han vann Gullballen to gonger som Hamburg-spelar Foto: Koerner / AP

Men det blei også vendepunktet. Han og klubben brukte dei vekene aktivt på å rydde unna misstemninga. Då han var speleklar igjen, var han godtatt av alle. Og i 1979 blei Hamburg ligameister. Året etter kom dei til finalen i europacupen, men tapte 1–0 for Nottingham.

Trass i suksessen han etter kvart hadde med Hamburg, der fansen gav han tilnamnet «Mighty Mouse», reiste han tilbake til England etter berre tre år.

Då hadde han vunne Gullballen (Ballon d'Or) både i 1978 og 1979.

Litt overraskande var det at han hamna i Southampton, i staden for ein av dei større klubbane. Liverpool hadde opsjon på å hente han tilbake når han slutta i Hamburg, men dei hadde ikkje bruk for sin gamle helt.

Overraskande klubbskifte

Ved inngangen til april 1982 var Southampton på toppen av 1. divisjon. Men formsvikt på slutten sende dei ned til sjuandeplass. Og Keegan hadde kome på kant med manageren.

Neste – og siste – klubbstopp i karrieren, var Newcastle i 2. divisjon, ein klubb og ein by han hadde slektskap og nære samband med.

Der blei han også i berre to sesongar, men rakk å bli fansens store kjæledegge. Newcastle hadde slite lenge, men Keegan fekk spelarar og fans til å få sjølvkjensla tilbake.

På sin 33-årsdag, 14. februar 1984, kunngjorde Keegan at han ville legge opp etter sesongen. Han leia Newcastle til opprykk, og spela sin siste ligakamp mot Brighton i mai. Nokre dagar seinare fekk han sin testimonial mot Liverpool.

Då hadde han 740 kampar og 254 mål bak seg i klubbkarrieren.

Fekk ein VM-kamp, så sa han nei til landslaget

Paul Breitner og Kevin Keegan
KRØLL: Kevin Keegan og tyske Paul Breitner hadde omtrent same frisyre. Men Breitner hadde skjegg Foto: Lutz Bongarts / Bongarts/Getty Images

Keegan debuterte på landslaget i ein VM-kvalifiseringskamp mot Wales i november 1972. I 1976 blei han landslagskaptein, eit verv han hadde i 33 kampar, inkludert EM i 1980.

Men VM blei det lite av. Verken i 1974 eller 1978 greidde England å kvalifisere seg. I 1982 sleit han med ein ryggskade. Han var med i troppen til meisterskapet i Spania, men var ikkje frisk nok til å spele.

Først i mellomrundekampen mot Spania, ein kamp England måtte vinne for å gå til semifinale, blei han i rein desperasjon kasta innpå dei siste 25 minutta. Han rakk å bomme på ei heading for blankt mål. Kampen enda 0-0, og England var slått ut.

Trass i manglande suksess med landslaget, sa han at det alltid var det største for han.

– Ingenting slår å spele for England. Å vere kaptein, å leie mennene dine ut. Vi gjorde det ikkje spesielt godt i mi tid, men det var det lykkelegaste eg gjorde likevel, sa han.

Han einaste VM-kamp skulle også bli hans 63. og siste landskamp. Han scora 21 mål for England.

Kevin Keegan på Ullevaal
TAP: Keegan fekk nesten ikkje VM-fotball, men var i aksjon i kvalifiseringskampen på Ullevaal i 1981, der Noreg vann 2–1 Foto: NTB

Trekte seg då klubben kom på børs

Etter at han gav seg som aktiv, lova han at han aldri skulle involvere seg i fotball igjen. Han flytte til Spania, og kom ikkje nærmare fotballen enn nokre ekspertjobbar for britisk TV.

Det heldt i åtte år. Så var han i overskriftene igjen. 5. februar 1992 kom meldinga om at han skulle bli manager for Newcastle. Hans siste klubb hadde på nytt falle ned i 2. divisjon, og sleit med å kome seg opp igjen. Det skulle Keegan gjere noko med.

– Vi er dei to som kan berge klubben. Du har drivkrafta, eg har pengane, sa dåverande klubbeigar John Hall.

Og det gjorde han. Han leia dei til opprykk i første forsøk, i 1993, og året etter blei dei nummer tre i Premier League.

Keegan bygde eit sterkt lag, som i januar 1996 leia ligaen med 12 poeng. Men dei blei innhenta av Manchester United.

Året etter leia dei også Premier League fleire gonger. Derfor kom det som eit sjokk då han 8. januar 1997 kunngjorde at han gjekk av.

– Eg har teke denne klubben så langt eg kan, sa han.

Landslagssjef med fiasko

Landslagssjef Kevin Keegan
LANDSLAGSSJEF: – Min einaste fiasko, sa Keegan om sine 20 månader som landslagssjef for England Foto: Max Nash / AP

Etterpå sa han at det var ein reaksjon på at Hall hadde teke klubben til børsen.

Etter to år som manager i Fulham på nivå 3, og som han også leia til opprykk, fekk han jobben som landslagssjef for England.

Han fekk dei til EM i 2000, men der blei dei slått ut i gruppespelet. Keegan fekk sterk kritikk for naiv taktikk, etter å ha gitt frå seg leiing og tapt både mot Portugal og Romania.

I oktober same året tapte England for Tyskland i VM-kvalifisering, og Keegan trekte seg, etter berre 20 månader i jobben. England vann berre 7 av 18 kampar – den verste statistikken nokon engelsk landslagssjef har hatt, og hans einaste fiasko.

– Eg likte ikkje jobben. Eg vil ha hand om spelarane på treninga kvar dag og byggje laget på den måten, sa han, og gjekk tilbake til klubbfotballen.

Full krasj i Newcastle

Newcastle-rax etter Keegan
KONFLIKT: Som manager kom Keegan på kant med leiinga i Newcastle og slutta. Men hos fansen hadde han sterk støtte Foto: Scott Heppell / AP

Så gjekk han tilbake til klubbfotballen. Frå 2001 til 2005 leia han Manchester City, som han tok frå nivå 2 til niandeplass i Premier League, før han takka av.

I januar 2008 kom han nokså uventa tilbake til Newcastle. Der rauk han raskt uklar med klubbens omstridde eigar Mike Ashley, som han meinte ikkje gav han dei pengane han var lova til spelarkjøp.

Det toppa seg mot slutten av overgangsvindauget i august same året. Ashley kjøpte inn ein spelar mot Keegans vilje. Keegan sa opp eit par dagar seinare, med krav om at «a manager must hage the right to manage».

Ashley kravde 10 millionar pund av Keegan for å ha brote kontrakten. Det enda i valdgiftsretten, som gav Keegan fullt medhald og tilkjende han 2 millionar i oppreising.

Då var det slutt.

– Eg kjenner ikkje til ein einaste klubb som er styrt så dårleg og som er så respektlaus overfor folk, sa han etterpå.

Privat hadde han to døtrer med Jean Woodhouse, som han gifta seg med i 1974.

Han hadde også ein karriere som ekspertkommentator for ymse TV- og radiokanalar.