– Det høyrdest ut som ein eksplosjon. Heile huset rista, seier Kirsti Bakke.
Ho og mannen Magne er på ferie i sommarhuset sitt i Herand i Ullensvang.
Onsdag ettermiddag hadde ho nettopp sett mat i omnen og gått ut på terrassen for å nyte sommarsola.
Brått blei stillheita broten.
– Eg hadde nettopp vore på kjøkkenet. Då det hadde gått to minutt, høyrde eg eit høgt brak.
Fyrst tenkte ho at det måtte ha skjedd noko med middagen inne på kjøkkenet,
Men synet som møtte ho var nesten uverkeleg:
– Det stod ein bil inne på kjøkenetvårt.
Handla om minutt
Ein bil hadde køyrt av vegen, sust gjennom svingen og hamna rett inn i huset.
Fronten hadde brote seg gjennom ytterveggen og stoppa midt inne på kjøkenet.
Kirsti prøvde å kome seg inn for å sjå skadane, men det lét seg ikkje gjere.
– Kjøkenet var heilt smadra. Eg kom meg ikkje inn, så eg måtte berre gå ut att
– Var i sjokk
– Eg trur eg var i sjokk. Samtidig prøvde eg å tenkje så klart som mogleg.
I bilen sat ei vaksen kvinne og ei lita jente.
– Det eg var mest oppteken av, var å få dei ut. Eg var redd bilen skulle ta fyr. Heldigvis gjekk det bra med dei.
Bildøra sat fast i kjøkkenveggen. Likevel klarte kvinna og den vesle jenta å kravle seg uskadde ut.
Kort tid etter kom politi, ambulanse og brannvesen til staden.
– Store, store skader
Politibetjent ved Hardanger politistasjon, Arne B. Olsen, rykte ut til den dramatiske hendinga.
– Det som møtte oss, var at bilen stod halvvegs inne i huset.
Politiet arbeider med å få oversikt over kva som skjedde.
– Det er eit faktum at bilen har hamna der ho har hamna. Føraren må på ein eller annan måte ha mista kontrollen over bilen.
Både kvinna og barnet blei sende til sjukehuset i Odda.
– Ingen av dei er hardt skadde, men dei er prega av hendinga. Dei er litt i sjokk.
Han er takksam for at det ikkje gjekk verre med verken menneske eller hus:
– Det er store, store skadar. Vi ser på dette som ei alvorleg ulykke ut frå det skadepotensialet ho kunne hatt.
Dei har ingen mistanke om at kvinna køyrde i ruspåverka tilstand. Onsdag beslagla dei førarkortet hennar etter hendinga.
Politiet held fram etterforskinga og vil avhøyre både vitne og føraren i nærmaste framtid.