På Trøkk n’ Truck-festivalen i Førde møter vi Helle Bratthammer, som vaks opp som byjente i Oslo.
Som sjuåring fekk ho sitte på med ein Cadillac for første gong. Livet vart ikkje heilt det same etterpå.
Cowgirl-Helle vart fødd.
Mange år seinare fann ho sin Cowboy-Rolf. Saman køyrer dei rundt på norske landevegar i amerikansk lastebil.
– Samhaldet er heilt utruleg. Vi er inkluderande og tek vare på alle, seier ho om lastebilmiljøet.
Smil per mil
Dei er på festivalen Trøkk n' Truck i Førde.
Festivalen er toppen av kransekaka etter fleire dagar med lastebil-kortesje rundt om kring på Vestlandet.
Mange her er lastebilsjåførar av yrke, men brukar likevel ferien på å køyre stor og tung bil.
Her er det ikkje snakk om liter på mila, men smil per mil.
Trekkvognene har skapt overskrifter i dei fleste lokalavisene rundt omkring.
Ein av lastebilane har mellom anna køyrt rundt på ein M4 Sherman-stridsvogn frå andre verdskrig.
Ein annan har hatt høgtalarane på hengaren, som har spelt den same songen igjen og igjen, hundrevis av gongar:
«East Bound and Down» frå filmklassikaren «Smokey and the Bandit» frå 1977.
Her er det USA som gjeld.
Ikkje nødvendigvis amerikansk politikk. Men amerikansk estetikk og mekanikk.
Har du ein seksløpar på hofta og ein åttar under panseret, så er du ein einar i dette miljøet.
Det er kjærleik til det som pleidde å vere draumen om Amerika.
Stiller opp
Rune Alværvik tek NRK med på omvising av lastebilen sin. Han har dratt rundt på høgtalarane som spelar «East Bound and Down».
Når NRK ber om få høyre songen ein gong til, blir han litt lang i maska.
Det er visstnok problem med ein kontakt.
Men før vi veit ordet av det, står fem mann rundt førarhuset. Nye mobilar, kablar, PC, forslag til løysingar haglar inn frå alle kantar.
Etter 20 minutt ljomar det igjen helseskadeleg høgt frå anlegget. Karane held rundt kvarandre og bryt ut i spontan dans til festivalens kjenningsmelodi:
«East bound and down, loaded up and truckin' We gonna do what they say can't be done»
Kanskje er det litt for heftig å nytte k-ordet om det vi er vitne til, men det kan umogleg vere langt unna.
Trufast trekkvogn
På festivalen står lastebilar av alle typar. Motorar med alle slagvolum er velkomne.
Noko av det gjevaste er altså dei gamle amerikanske snutebilane, med kromma eksosrøyr, aggressiv solskjerm og spisse hetter på hjulmutrane.
Slikt jåleri er kledeleg på ein lastebil av typen Kenworth eller Peterbilt.
Sistnemnde modell er mest populær på festivalen. Dette er lastebilar som vart laga i Texas på same viset i 57 år, før ein ny modell kom i 2024.
Lastebilane har manuell girkasse, og nokre modellar må gjennom 18 gir for å komme opp i marsjfart på highwayen.
Desse bilane går ikkje på luft og kjærleik, men på luft og 4–5 liter diesel på mila.
Øystein Sunde har sett ord på kjensla av ein slik maskin i «Kaptein snutebil»:
«Jeg har et digert motorpanser som jeg både ser og hører, og under der så foregår det saker for lukkede dører. Der er det turbo med intercooler, ørtenhundre hester som uler»
Ein million miles er berre starten på livet til ein Peterbilt.
Det er arbeidskameratar å bli glade i.
Lothepus skyt med tanks
Festivalen reknar med at 20.000 tek turen til Førde denne helga til Trøkk n' Truck, også kalla TNT.
Festivalen feirar 10-årsjubileum i år, og lyden frå burning og basskasser dundrar mellom fjellsidene.
Enkelte reiser vekk frå byen denne helga for å berge søvnen.
Det høgaste smellet blir kanskje når Lothepus skyt med tanks laurdag.
Det er fest og moro, men òg ein stad å høyre til for ei yrkesgruppe som er mykje aleine i lastebilen, vekke frå familie og heimplassen. For å frakte varer og gods som du og eg treng.
– Sjølv om du ikkje kjenner folk, er det som om du kjenner dei likevel. Det er noko å vere stolte av, seier ein av deltakarane.
Kven som sa dette, er ikkje så relevant.
For alle på festivalen sa akkurat det same.