Tusenvis av nordmenn sit oppe til seint på natt for å få med seg Noregs første VM på 28 år.
Men det er ikkje berre spelet på bana som vekkjer interesse.
Alt frå krølla fades, hestehalar, bleika hår og skalla hovud er å sjå ute på bana.
Kjendisfrisør Alexander Woll er blant dei som legg godt merke til hårsveisane.
– Det handlar om å bli sett og skilje seg ut, og det kan gje sjølvtillit både før og under kampen.
Heile laget stilte med bleika hår
Fotballhistoria er full av døme der hår har blitt ein del av forteljinga rundt spelarane.
Eit av dei mest kjende er frå VM i 1998. Spelarane og støtteapparatet på det rumenske landslaget deltok i eit veddemål: Dersom laget kom vidare frå gruppespelet, skulle alle saman farge håret blondt.
Etter sigrar mot Colombia og England heldt dei ord og møtte Kroatia i åttedelsfinalen med platinablond sveis.
Mange hugsar også sveisen til colombianske Carlos Valderrama frå same år.
For fleire spelarar er frisyren ein måte å skilje seg ut på, i ein idrett der dei alltid blir filma.
– Er det slik at dersom ein spelar gjer det bra, så blir sveisen hans ein trend?
– Ja, dersom spelaren er stor nok, kan det absolutt skje. Men eg vil eigentleg seie at den siste verkeleg store moteleiaren var David Beckham. Han påverka ei rekkje frisyrar og var ofte først ute, før andre følgde etter, fortel Woll.
Frå hestehale til glattbarbert
På det norske herrelandslaget er det fleire spelarar som skil seg ut med frisyrar som har fått mykje omtale.
Julian Ryerson har eksperimentert med ulike uttrykk. Under VM kvalifiseringa stilte han mellom anna med både leopardmønster og rosa hår, noko som blei lagt merke til over heile verda.
Håret til Erling Braut Haaland har etter kvart blitt ein sentral del av det karakteristiske uttrykket hans.
– Frisyren hans er praktisk, med håret samla i ein strikk slik at det ikkje heng i ansiktet eller dekker øyra. Men når han har håret laust blir han verkeleg lagt merke til.
Woll meiner det passar godt til marknadsføringskonseptet «vikingar».
Forsvarkjempen Leo Skiri Østigård herjar med ein heilt glattbarbert og kompromisslaus krigarlook.
– Heilt skalla, det må hyllast. Ein får ikkje blankare isse enn det, seier Woll.
Krøllar og moderne uttrykk
Ifølgje Woll kan fotballspelarane òg setje i gang motetrendar som spreier seg langt utover stadion.
Samstundes meiner han at årets VM i mindre grad handlar om heilt nye trendar.
– Eg trur heller me ser eksisterande trendar som blir tekne med inn i meisterskapen og forsterka der.
Når det gjeld kva som pregar årets turnering, peikar frisøren spesielt på éin stil.
– Det eg ser mykje av, er ein trend som blir kalla «curly fade». Eg kallar det òg for undercut. Antonio Nusa er eit godt døme, det same er Neymar. Det er ein låg «fade» med krøllar på toppen, ei blanding av stramt, velstelt og meir naturleg tekstur.
Bli med i NRKs store VM-konkurranse og vinn premier