Dronebilde av elva Aura
Elva Aura går gjennom Eikesdalen til Eikesdalsvatnet. På andre sida av vatnet renn elva Eira ut i Eresfjorden. Begge elvane er sterkt prega av kraftutbygging. Foto: Eirik Haukenes / NRK

I Eikesdalen og Eresfjorden i Molde kommune er dei glade for støtta i kampen for meir vatn.

Bård Eilev Oppigard og dei andre som bur der har i generasjonar kjempa mot vasskraftutbygging som har gått kraftig ut over livet i elvane Aura og Eira.

Bygda hans blei kjend over heile landet då han var to år.

Mardøla-aksjonen i august 1970 var den første aksjonen her i landet der det blei brukt sivil ulydnad i kamp for naturen.

No er det nye slag som skal kjempast frå datamaskina på kjøkenbordet.

Denne gongen gjeld det oppgraderinga av kraftverket Aura II.

Bård Eiliv Oppigard, Eikesdalen
Bård Eiliv Oppigard har rekna ut at 94 prosent av vatnet er borte i deler av Aura. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Delvis tørrlagt

Elva Aura er allereie delvis tørrlagt store delar av året.

Mesteparten av vatnet blei overført til nabodalen Sunndal på 50-talet for å bli brukt til kraftproduksjon.

Vatnet renn altså ikkje ned att i same dal, som ved dei fleste andre kraftutbyggingar.

Difor trudde ikkje bygdefolket sine eigne auge då dei såg at Statkraft no søker om å ta enda meir av vatnet i ei enorm oppgradering av kraftverket til 6 milliardar kroner.

– Elva er tørrlagt. Historisk sett den mest unike lakseelva som fanst i Noreg. Laksen var ein viktig del av bygdesamfunnet. Den er borte. Dei har drepe elva vår. Tatt livet av ein laksestamme, seier Oppigard med dirrande engasjement.

Bård Eiliv Oppigard
Bård Eiliv Oppigard konstaterer at det er litt vatn i Aura etter mykje regn natta før, men i sommar har elva vore heilt tørr i ein månad. Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Noreg brukar vassdirektivet feil

Dei har skrive høyringssvar til Statkraft sin søknad om oppgradering, og får støtte av blant andre Naturvernforbundet, Møre og Romsdal fylke og Statsforvaltaren når dei hevdar at elva treng meir – ikkje mindre vatn.

Og no har dei også fått hjelp frå uventa hald.

Ein engasjert laksefiskar las om at Statkraft ville ta enda meir vatn frå elvane Aura og Eira.

Han begynte difor å arbeide med eit høyringssvar.

Håvard Skallerud er ein erfaren jurist, og medan han skreiv, oppdaga han det han meiner er systematisk feiltolking av EU sitt vassdirektiv gjennom over ti år.

Som privatperson har han no klaga Noreg inn for ESA, men presiserer at klagen ikkje gjeld Aura II-utbygginga sidan det ikkje er fatta eit vedtak der enno.

– Eg meiner at Noreg brukar vassdirektivet feil. Staten godkjenner kraftverk og oppdrettsanlegg på grunnlag av ein juridisk standard som etter mi oppfatning ikkje er i samsvar med vassdirektivet.

– Feil grunnlag

EU sitt vassdirektiv er eit felles europeisk regelverk. Hovudmålet er at alt vatn skal ha god kvalitet og at det ikkje skal bli dårlegare av inngrep.

Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, er vi bundne av direktivet gjennom EØS-avtalen.

Ein EU-dom frå 2015, Weser-dommen, har sett ein svært streng standard for kva saker som skal vurderast etter vassdirektivet sitt strenge unntaksregime.

Det er presiseringa i Weser-dommen Håvard Skallerud meiner Noreg ikkje har tatt inn i si tolking av vassdirektivet.

– Det betyr at vedtak kan vere bygd på feil grunnlag. Og då oppstår spørsmålet om enkelte vedtak er gjort på ein slik måte at dei er ugyldige.

Han meiner naturen i Noreg kan ha fått eit svakare vern på grunn av dette.

Skallerud er provosert over at styresmaktene etter hans syn heldt fram med ein praksis som ikkje var i samsvar med Weser-dommen, sjølv etter at dommen var kjend og rettleiaren til Klima- og miljødepartementet revidert i 2021.

– Då handlar dette ikkje berre om naturforvaltning, men også om tilliten til at staten etterlever sine eigne rettslege forpliktingar, seier Skallerud.

Vil ikkje svare no

En mann i blå dress står foran et kamera i en moderne innendørs setting. Det er synlige personer i bakgrunnen, samt planter og lysinstallasjoner. Mannen ser mot kameraet, mens mikrofoner er plassert i nærheten. Omgivelsene tyder på en offentlig eller offisiell begivenhet.
Andreas Bjelland Eriksen vil ikkje kommentere saka før dei har sendt sitt svar til ESA innan 28. august. Foto: Milana Knezevic / NRK

ESA har no gitt Klima- og miljødepartementet frist til å svare på klagen innan 28. august, før dei avgjer kva som skjer med saka vidare.

NRK har bede om eit intervju om saka med Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, men kommunikasjonsavdelinga til departementet svarar på e-post at dei ikkje vil kommentere saka no.

– Klima- og miljødepartementet har enno ikkje svart ESA på deira spørsmål om klagen dagsett 18. mai. Svarfristen er utsett til 28. august. Vi kan ikkje kommentere saka før vi har svart ESA.

To universitetsprofessorar NRK har snakka med meiner det ser ut til at klagen beviser at Noreg har praktisert vassdirektivet feil:

Forbokstaven til David

For Bård Eiliv Oppigard og dei fleste andre i Eikesdalen og Eresfjorden er håpet no at dette kan gi meir vatn til dalen igjen.

Dei er kjempeglade for at dei får støtte frå ein erfaren jurist.

– Vi har vakse opp med å kjempe denne kampen. Men vi føler at vi kjempar mot ein forferdeleg stor organisasjon. Det vi seier, betyr veldig lite.

Bård Eiliv Oppigard, Eikesdalen
Bård Eiliv Oppgigard nektar å gi opp kampen for at det igjen kan bli liv i elva Aura. Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Er det ein «David mot Goliat»-kamp?

– Ja, eg vet ikkje om vi er store nok til å vere meir enn forbokstaven til David. Det er fleire folk som jobbar med prosjektet Aura II enn vi er innbyggarar i Eikesdalen.