– Det var litt overveldande sånn med éin gong. Men så fekk eg litt oversikt og skjønte at ein ikkje nødvendigvis skal kunne alt i starten.
Det seier tollinspektør Klaus Sandvik Ovlien ved Ørje tollstasjon i Østfold.
Fram til 2023 jobba han som lærar.
Så dukka moglegheita opp for å bli tollar på kort tid.
– Eg kom over det i lokalavisa, og det var noko eg hadde lyst til tidlegare. Så da var det berre å kaste seg på moglegheita, seier Ovlien.
Gjennom eit seks månader langt intensivkurs kunne han bygge på den tidlegare utdanninga si og gå inn i ein jobb som tollar.
Ovlien trur det er ein fordel at han har ei tidlegare utdanning i botnen.
– Vi ser kanskje ting på litt ulike måtar. Oppgåvene handlar jo om å sjå etter avvik, og da treng ein litt ulike menneske, fortel tollaren.
Stor konkurranse om plassar
Svært mange ynskjer å utdanne seg til tollarar.
I 2021 blei utdanninga, som tidlegare var ein toårig skole, gjort om til ei treårig bachelorgrad.
Bachelorstudiet «Toll, vareførsel og grensekontroll» blir berre tilbode ved Universitetet i Stavanger, og har dei siste åra vore blant den mest populære i landet.
I 2026 har 645 personar valt studiet som førsteval. Desse kjempar om 54 studieplassar, ifølge universitetet.
Men i overgangen frå den tidlegare tollutdanninga og fram til dei første kulla var ferdige med bachelorgrada si, oppstod det ein mangel i talet på utdanna.
Derfor blei Intensiv tollopplæring (ITŌ) på seks månader innført.
For å bli tatt opp er det fleire krav. Blant anna må ein ha ei anna relevant utdanning eller eit fagbrev.
Nødvendig for å få tak i folk
Gro Lene Gundelsby, seksjonssjef ved Ørje tollstasjon, meiner denne ordninga er nødvendig for å rekruttere nok folk til jobben.
Ho trur stasjonane som ligg lenger unna dei store byane har eit ekstra behov for den kortare utdanninga, og forklarer at dei ikkje får nok søkarar frå nyutdanna med bachelor.
– Vi innser at Ørje kanskje ikkje ligg midt i verdas navle. Og det gjer det litt vanskelegare for oss å rekruttere, fortel Gundelsby.
Seksjonssjefen seier dei er svært nøgde med dei tilsette som har kome til stasjonen gjennom intensivkurset.
Akkurat kva bakgrunn som er relevant er ei vurderingssak for Tolletaten, forklarer Gundelsby.
– Dei første åra tenkte vi at søkarane kom frå Forsvaret, kriminalomsorg, og politi, men så har det vist seg at det er andre folk òg som går med ein tollar i magen. Det viktigaste er eigentleg at du er interessert i folk, seier ho.
Meiner ordninga kan bli eit problem på sikt
Karin Tanderød Schaug leier i Tollarforbundet forklarer at Tolletaten gjekk gjennom ei større omstilling samtidig som utdanningsløpet blei endra.
På toppen av dette låg mange an til å gå av med pensjon dei siste åra.
Det har derfor vore viktig med dei som har blitt tilsette via intensivopplæringa.
– Desse som vi har fått så langt, har vore heilt uunnverlege. Det har vore heilt fantastiske tilsette som har kome inn, og som fungerer veldig bra, seier Schaug.
Likevel er ho bekymra for korleis kompetansen på tvers av Tollvesenet endar opp på sikt.
Forbundsleiaren er bekymra for at dei med ulik bakgrunn får for ulik kompetanse.
– Sånn vi held på nå har vi tre ulike typar tollarar med ulik kompetanse og bakgrunn. Dei eldste med tollskolen og mykje erfaring, dei nyaste med universitetsutdanning med andre typar fag, og denne meir spissa intensivutdanninga, forklarer ho.
Akkurat korleis ein skal løyse problema med rekruttering er ikkje sikkert.
– Korleis ein skal få folk til dei mindre sentrale stadene og behalde dei der, er ein diskusjon vi har tatt opp internt i forbundet, seier Schaug.