Trass i omfattande klimatiltak vil den store ombygginga ved sinkfabrikken Boliden i Odda faktisk auka dei samla utsleppa frå fabrikken.
- Utsleppa per tonn sink skal ned med 15 prosent,
- Samstundes er det er planlagt å auka sinkproduksjonen med 75 prosent.
- Dei totale utsleppa blir derfor 50 prosent høgare enn i dag.
– Me meiner dette er eit viktig klimatiltak. Men dette handlar først og fremst om ein produksjonsauke, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes ved Boliden Odda.
«Verdas reinaste»
På fire år har Boliden gjort ei omfattande utviding og ombygging. Dei kallar det «Green Zink Odda 4.0».
For eitt år sidan markerte konsernet at prosjektet var ferdig, men det var litt for optimistisk. Den moderniserte og utvida produksjonen er framleis ikkje heilt oppe og går.
– Grøn sink betyr at sinken vi produserer her i Odda har det lågaste CO₂ -avtrykket blant konkurrentane våre, sa administrerande direktør Helene Seim då NRK besøkte fabrikken i fjor.
Totalutsleppet aukar
Men Ystanes vedgår at det samla utsleppet frå fabrikken går opp.
– Ja, det er riktig. Totalutsleppet går noko opp.
Men Boliden forsvarer seg med at dei allereie slepp ut svært lite CO₂. Slik at 50 prosent meir er ganske lite.
– Det blir kanskje stort i prosent, men det er små tal om du set det opp på verdsbasis.
– Men de selde utvidingsprosjektet inn som at dette var eit klimatiltak med 15 prosent reduksjon i CO2-utslepp?
– Det kan eg ikkje svara heilt på. Men eg trur ideen, eller det som har vore sagt, er at me aukar utsleppet litt, men aukar produksjonen meir.
– Ikkje grønvasking
Slik presenterer Boliden prosjekt «Green Zink Odda 4.0»:
«We double the zinc production and at the same time reduce the carbon dioxide intensity by 15 percent from already a world leading position».
Ystanes avviser at dette er grønvasking når samleeffekten blir utsleppsauke.
– Nei, det synest eg ikkje. Men noko klimaavtrykk må det bli. Me er ikkje heilt CO2-frie. Det går jo litt CO₂ ut, men marginalt i forhold til det store bildet, og ikkje minst opp mot konkurrentane våre, som slepper ut meir CO₂ per tonn.
Han håpar konkurrentane prøver å ta etter klimasatsinga.
– Det må jo bli lagd merke til.
– Hjelper ikkje for klimaproblemet
I Norsk Klimastiftelse er prosjektleiar Kirsten Å. Øystese ikkje udelt imponert av Green Zink Odda 4.0.
– Det er kjempebra at dei forbetrar produksjonen, men det er jo dei totale utsleppa som betyr noko i sum. For klimaproblemet hjelper det jo ikkje at utsleppa per produserte eining går ned, dersom dei totale utsleppa aukar.
Men ho er einig i at Boliden Odda i utgangspunktet har små klimagassutslepp.
– Berre 0,01 % av dei samla norske utsleppa kjem frå denne sinkfabrikken.
Likevel har Miljødirektoratet nyleg truga Boliden Odda med tvangsmulkt på grunn av ulovlege utslepp til sjø og luft.
– Samanlikna med annan industri er ikkje Boliden blant dei verste. Dei har jo låge utslepp, seier Øystese.
– Så ein liten auke frå eit lågt nivå gir ikkje eit stort utslag. Men alle utslepp som aukar, tar oss i feil retning. Det er aldri uvesentleg.
Bedrifter, miljøvernarar og politikarar meiner:
Omdømme og rekruttering
Øystese støttar Ystanes i at «Green Zink Odda 4 .0» ikkje er grønvasking.
– Men det kjem an på korleis dei kommuniserer om utsleppa. Det kan skapa forvirring viss folk kanskje ikkje forstår kva endringa inneber.
– Overdriv Boliden klimaeffekten av ombygginga?
– Dei snakkar jo positivt om prosjektet. Det er sikkert viktig for dei, også med tanke på omdømme og rekruttering, slik som for alle andre.
– Dette tiltaket har ikkje superstor klimaeffekt, men det kan vera viktig likevel.
Forbruksauke et opp klimaeffekt
– Dersom auka produksjon frå Boliden erstattar produksjon ein eller annan stad i verda som har høgare utslepp, kan det bidra positivt også til dei totale utsleppa. Men viss det berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet.
– Er dette eit typisk eksempel på at effekten av klimatiltak ofte blir oppheva av forbruks- og produksjonsauke?
– Til dels så skjer jo det fleire stader, ikkje berre i Boliden, avsluttar Øystese.